arktis

Stor kongress i nord.— Vi må legge ein plan for samarbeid med Russland

Opp mot 1500 forskarar frå alle arktiske nasjonar er venta til Bodø — minus Russland. Derifrå kjem berre etterretningsagentane.

— Vi må ikkje tru at alle russarar er skumle, seier Grete Hovelsrud. Ho var med på å etablere kontakt med russiske forskarar på 1990-talet. No opplever ho at døra til Russland igjen er lukka.
Publisert Oppdatert

Bodø (Khrono): Nordlandsbyen er i vinden for tida, på meir enn den gamle, bokstavelege måten.

Det nærmar seg 1000 påmelde forskarar, studentar og ambassadørar til Arctic Congress Bodø 2024. To store forskingskongressar har slått seg saman. I tillegg kjem politikarar, diplomatar og næringslivsfolk. Det skjer samstundes som byen er europeisk kulturhovudstad. 

På programmet for kongressen (29. mai-3. juni) står ungdom, klima og miljø, og ikkje minst urfolk. 

— Dette kjem til å bli veldig bra, seier Grete Kaare Hovelsrud, som held i dei fleste trådane i arrangementet.

Det er ikkje til å komme ifrå at kongressen vil bli prega av dei som ikkje kjem:

Institusjonelt forskingssamarbeid — nesten utan unntak — vart lagt på is etter Russlands invasjon i Ukraina for meir enn to år sidan.

Fakta

Arctic Congress 2024

  • Går av stabelen i Bodø 29. mai – 3. juni. 
  • Består av tre arrangement som blir sydd saman til eitt. Bak står Arctic Social Sciences Association (ICASS), University of the Arctic (eit nettverk av universitet) og High North Dialogue.
  • Kongressen samlar fagfolk, næringsliv, urfolk, studentar og diplomatar. Blant temaene er klima og miljø, berekraftig økonomisk utvikling og urfolk/folk i nord.
  • Nordlandsforskning og Nord universitet er vertskap.

— Det er dødt, og sånn kan det ikkje fortsetje, seier Hovelsrud.

— Vi må legge ein plan for å samarbeide med Russland.

Mister halve Arktis

Hovelsrud er klima- og polarforskar, frå den samfunnsvitskapelege leiren. Den meritterte sosialantropologen er leiar for International Arctic Social Sciences Association (IASSA). Ho er også president for Norges Vitenskapsakademi for polarforsking. Tidlegare har ho vore med i FNs klimapanel.

Til dagleg er ho på Nordlandsforskning, der ho er forskar — ei stilling ho kombinerer med professorat på Nord universitet og bistilling på CICERO.

Ho har sjølv hatt samarbeid med russiske kollegaer.

— Eg og min generasjon har opplevd å kunne begynne å samarbeide med russarane på 1990-talet. Vi har tatt samarbeidet med Russland for gitt i 30 år. Og så, plutseleg, er døra stengd.

Nokre få kjem framleis frå Russland, men dei er unntaka, og finansiering av russiske forskarar i Noreg er ikkje aktuelt.

Noreg opnar for direkte kontakt mellom forskarar, men dette skjer i svært liten grad i dag, er Hovelsruds inntrykk. Russisk kontroll med eigne forskarar og faren det fører med seg å samarbeide med kollegaer i vest, gjer det vanskeleg.

Hovelsrud trur tomrommet etter Russland blir ein snakkis under kongressen.

I eitt av panela er det nettopp kva som skjer med forskinga — utan Russland — som er spørsmålet. I panelet vil det sitje russiske forskarar som bur i Vesten, og norske, amerikanske, canadiske og finske forskarar som kjenner Russland frå innsida.

— Utan russarane mister vi informasjon om halve Arktis, seier Hovelsrud, og let fingeren fare over Beringstredet på kartet ho har hengande over kontorpulten.

— Det som skjer er eit alvorleg tap for forskinga, og kjem til å skade oss i mange år framover. Vi manglar tilgang til Polhavet, vi manglar data, vi manglar ein heile masse. Og kva vil skje med tilliten? Vil vi klare å stole på kvarandre etterpå? Eg veit ikkje, seier ho.

Det er derfor ho saknar ein plan.

Passeleg paranoid

— Sjølv om det i prinsippet ikkje er noko i vegen for å samarbeide med enkeltforskarar, veit vi ikkje heilt korleis vi skal gjere det, korleis vi kan gå fram. Det finst ingen retningslinjer eller plan, i alle fall ikkje som eg har sett. Derfor blir det heller ikkje brukt energi på det.

Hovelsrud meiner ikkje at vi skal legge ein plan for å opne slusene no, medan Putins invasjonskrig slett ikkje viser teikn til å spakne.

— Men når denne krigen er over, og det håpar vi jo at han blir snart, så må vi på eitt eller anna vis ta opp igjen samarbeidet. Det må vi vere førebudde på, tenke over og vere mentalt innstilte på.

Inntil vidare handlar det om å vere akkurat passeleg paranoid.

Det er truleg spionsaka i Tromsø den beste illustrasjonen på. Den spionmistenkte gjesteforskaren vart først avvist ved Nord universitet, då han søkte jobb der. 

— Vi må vere forsiktige, og skeptiske på ein sunn måte. Vi må vere forsiktige med kva vi deler. Dersom eg vart kontakta av ein eller annan forskar frå Russland no, ville eg nok lurt på kor denne personen eigentleg høyrer til. Fordi eg veit kva slags press kollegaene våre i Russland er under. Eg vil ikkje ha gått inn i ein ny relasjon med ein russisk forskar i dag.

Hovelsrud er rask med å understreke at det er viktig å hugse at folk og forskarar flest er uskuldige. Det finst mange både russiske og ukrainske namn på kontordørene her i nord, særleg på naboinstitusjonen Nordområdesenteret, nokre korridorar unna Nordlandsforskning.

— Vi slår ring om dei, både ukrainarar og russarar. Vi må ikkje tru at alle russarar er skumle. 

Hei, hei, agent!

Hovelsrud reknar med at etterretningsagentane er på plass i Bodø, og at dei truleg kjem til Bodø, når forskarane strøymer frå flyplassen og inn til dei fullbooka hotella i byen i slutten av mai.

Dei har vore der før, av og til synlege, andre gonger usynlege.

Svalbard ligg midt i det geopolitiske smørauget. Universitetssenteret på Svalbard er største arbeidsplass i Longyearbyen.

— Det minner meg om Svalbard på 1980-talet, då eg budde der. KGB sat alltid i eit hjørne på stamkafeen, den eine puben der oppe på den tida. Vi visste jo alle kven fyren var. Han tok bilde av oss, og sånn var det berre. «Hei, hei», liksom. Vi var opplærte til å ikkje stole på russarane. Og no er vi der igjen. Det er veldig trist.

I tillegg til IASSA International Arctic Social Sciences Association, er University of the Arctic (eit nettverk av universitet) og High North Dialogue involvert. Det siste er normalt ein årleg konferanse som Nordområdesenteret arrangerer i Bodø.

Sidan Noreg har hatt formannskapet i Arktisk Råd, var planen å legge rådsmøtet til kongressen. Men etter invasjonen, midt under planlegginga av konferansen, vart Arktisk råd sett på pause (I juni 2022 blei prosjekt i Arktisk råd tatt opp igjen, utan russisk deltaking).

I Bodø stiller ambassadørar frå både ikkje-arktiske og arktiske nasjonar, med unntak for Russland, i panelsamtalar. 

— Vi må håpe at det blir mogleg å reetablere kontakt med Russland og russiske forskarar, seier Hovelsrud.

— Vi må tru på at det skal opne seg, igjen.



Powered by Labrador CMS