styremøte

Vurderer kveldsundervisning i Volda

Leige av lokale og undervisning på kvelden er noko av det Høgskulen i Volda vurderer for å få til fysisk undervisning til hausten. Sjå styremøtet direkte her.

Fadderveke og semesterstart i Volda i 2019. Semesterstart vil verta annleis i år, men høgskulen ønskjer at alle studentar skal få tilbod om noko fysisk undervisning på campus eller i lokale høgskulen leiger.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Her kan du sjå styremøtet.

Kapasiteten i undervisningslokala vert førti prosent lågare enn før dersom ein må halda ein meters avstand, har Høgskulen i Volda rekna ut. Når dei har styremøte torsdag, skal dei mellom anna diskutera haustsemesteret.

Det er ein stor kabal som skal leggast, heiter det, og vidare:«Det vi veit er at vi framleis må ha mykje undervisning digitalt. Vi må vurdere om vi kan leige store lokale utanfor høgskuleområdet, og det kan bli aktuelt med kveldsundervisning. Vi vil ikkje prioritere å legge store arrangement som utdanningsdagane, karrieredagane eller forskingsdagane til høgskuleområdet. Karrieredagane og utdanningsdagane blir digitale.»

Både kveldsundervisning og leige av lokale er noko andre institusjonar òg diskuterer, for å kunne tilby mest mogleg undervisning på campus.

Les også: Ingen sier tvert nei til kveldsundervisning

Ikkje berre nettundervisning

I styrepapira heiter det at då høgskulen stengde 12.mars, var mykje av både fysisk undervisning og praksis for vårsemesteret gjennomført. Dersom det vert mykje digital undervisning til hausten òg, vert konsekvensane større, særleg for dei faga som har mykje praksis.

— I den fysiske undervisninga til hausten ønskjer kriseleiinga å prioritera førsteårsstudentar, heiter det, men det lagt vekt på at også andre studentar skal få noko undervisning på campus - og at ingen andre enn dei som er reine nettstudentar berre skal ha nettundervisning.

Møtestart klokka

Blant andre saker på lista er ei sak om sjukefråvær, som Khrono allereie har skrive om, utvikling av toppkompetanse og framtidig økonomisk situasjon. Møtet ser du direkte her:

Vedtakssaker:
49/20 - Godkjenning av innkalling og sakliste
50/20 - Godkjenning av protokoll frå 28. mai 2020
51/20 - Orientering frå rektor
52/20 - Orientering om koronasituasjonen
53/20 - Rekneskapsrapportering 1. tertial 2020
54/20 - Framtidig økonomisk situasjon og bruk av avsetningar
55/20 - Innspel til styringsmeldinga
56/20 - Delegeringsreglement og styringsordningane hjå HVO
57/20 - Forskingsmelding 2019
58/20 - Status rekruttering og utvikling av toppkompetanse
59/20 - Sjukefråvær
60/20 - Kalling Anders Aschim
61/20 - Innstilling til FoU-prisen 2020
62/20 - Styreevaluering
63/20 - Ymse

Orienteringssaker
3/20 - Revidert årshjul høgskulestyret

Powered by Labrador CMS