Tidlegare prorektor krev ekstern gransking på UiO

Universitetet i Oslo bør setja ned ein ekstern granskingskommisjon for å finna ut kva som eigentleg har skjedd i saka der ein kjend medisinprofessor er skulda for forskingsjuks, meiner tidlegare prorektor.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag er pensjonert medisinprofessor, Haakon Breien Benestad, med i etikkutvalet ved Høgskulen i Oslo og Akershus, og svært opptatt av forskingsetikk. Han var også den som først presenterte Universitetet i Oslo sine ti bod for god forskingsskikk i 2007. Dei blei vedtekne av universitetsstyret det same året.

Med stor interesse har han fylgt med i Uniforums artiklar om forskaren som skuldar ein medisinprofessor ved UiO for forskingstjuveri.

«Ei frykteleg sak »

– Om alt det som står i artikkelen er sant, er det ei frykteleg sak, seier han til Uniforum.

Uansett kor velsett og anerkjent den innklaga er, og uansett kor paranoid ein måtte meina at klagaren er, så må ein fylgja skikkelege
prosedyrar. 

Haakon Breien Benestad

Etter hans meining har ikkje Universitetet i Oslo takla saka på ein god nok måte:

– I alle fall synest eg ein konklusjon må bli at uansett kor velsett og anerkjent den innklaga er, og uansett kor paranoid ein måtte meina at klagaren er, så må ein fylgja skikkelege prosedyrar, noko som minst må tyda at begge partar får høve til å gi den forklaringa dei ynskjer, og dessutan få sjå motparten si forklaring på skuldingane, seier han i ein kommentar til Uniforum.

Over 80 timar på granskingsarbeid

Han har sjølv sete i ein ekstern kommisjon som skulle granska skuldingar om forskingsfusk ved ein annan forskingsinstitusjon i Noreg.

— Det er enormt mykje å gå gjennom for dei som sit i ein slik komité. Eg trur eg brukte over 80 timar på det arbeidet, fortel han. Rådet hans til leiinga ved Universitetet i Oslo er at dei set ned ein ekstern granskingskommisjon i denne saka også.

— Det vil vera til beste både for klagaren, den det blir klaga på og for Universitetet i Oslo. Dermed kunne ein slik kommisjon gå gjennom alle dokument frå begge partane i denne saka og så koma med ein endeleg konklusjon. Så lenge dette ikkje blir gjort, vil saka hengja både ved UiO og medisinprofessoren.

— For medisinprofessoren vil det vera ei bjørneteneste mot han ikkje å gjera noko meir enn det som er blitt gjort til no. For at vedkommande eventuelt skal bli reinvaska for skuldingane om å ha brote dei forskingsetiske spelereglane, er det difor viktig at dette arbeidet kjem i gang straks. Då kan denne saka også etter kvart få ei endeleg avslutning, trur Benestad.

Instituttnivå

Etter hans meining bør skuldingar om forskingsfusk behandlast på instituttnivå så tidleg som mogleg.

— Då kan alle dei impliserte partane få lagt fram sitt syn på saka, der både klagaren og den innklaga får tilgang til alle relevante dokument. Då får den innklaga også tidleg høve til å imøtegå dei påstandane klagaren kjem med. Å ta ei klagesak rett opp til dekanen med ein gong, gjer at konfliktnivået stig, og det gjer det vanskelegare å få partane til å møta kvarandre på grunneininga, trur han.

– Eksterne personar må inn

I den aktuelle saka, som først blei kjent i Uniforum, har det gått så mange år at han meiner det er heilt naudsynt at eksterne personar ser nærare på om skuldingane mot medisinprofessoren er sanne eller ikkje.

— Vanlegvis er universiteta redde for at slike saker skal skada omdømmet deira. I dette tilfellet er det viktigare for omdømmet til UiO at noko blir gjort, slik at saka ikkje lenger ligg og vaker i overflata. Derfor må eksterne personar inn, synest han.

Innanfor medisinsk forsking ser han at det framleis er problem med å avgjera kven som skal stå på lista over medforfattarar til ein artikkel i eit vitskapleg tidsskrift.

— Det er ofte doktorgradskandidaten som har stått «dag og natt» i laboratoriet og gjort eksperimenta som den vitskaplege artikkelen baserer seg på. Samtidig er det medisinprofessoren som leier forskargruppa, rettleier doktorkandidaten og skaffar eksterne middel og andre ressursar. Situasjonen er svært asymmetrisk. Medisinprofessoren synest det er rett og rimeleg at han eller ho også må vera på lista over medforfattarar. Eg kan godt forstå at det mange gonger blir usemje om det, konstaterer han.

– Medforfattarane slapp for billeg unna

Breien Benestad viser til forskingsfusksaka mot kreftforskaren Jon Sudbø. Han la til slutt alle korta på bordet fordi det var enkelt å avsløra at han hadde forfalska forskingsfunna sine.

— Men medforfattarane hans burde ha oppdaga det før det kom så langt at artiklane hans blei publiserte i The Lancet. Difor meiner eg at medforfattarane slapp for billeg unna i den saka, seier han.

Breien Benestad trur det vil hjelpa om UiOs ti bod for god forskingsskikk blei betre kjende blant forskarane.

– Boda kan få ei lenkje direkte til dei meir spesifiserte reglane for forskingsetikk, som paragrafar i Forskingsetikklova og dei nyleg vedtekne retningslinjene i dei nasjonale, forskingsetiske komiteane, for humanistisk og naturvitskapleg forsking, foreslår han.

Uniforum har presentert oppfordringa frå tidlegare prorektor, Haakon Breien Benestad, til dagens prorektor, Ragnhild H. Hennum. Ho kjem med fylgjande kommentar:

— Me noterer oss forslaget. Saka har allereie vorte behandla  i fleire organ ved UiO.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS