Forskarforbundet i Oslo og Bergen er nøgde med årets lønnsoppgjer. Foto: Paul-Erik Rosenbaum

Millionlønn til professorar

Fleire professorar ved Universitetet i Bergen tener over ein million kroner i året etter årets lokale forhandlingar. Professorane ved HiOA ligg framleis nokre hakk etter.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Vi misser dei beste studentane når dei er ferdige med mastergrada, seier Steinar Vagstad.

Han er professor i økonomi og leiar i Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen (UiB). Og sjølv om fleire av Vagstad sine medlemmar no har runda lønstrinn 90, der årsløna vert over ein million kroner, meiner han at UiB framleis løner dei tilsette for dårleg. Nokre av medlemmane hans har fått seks-sju lønnstrinn i opprykk i år, mens andre har fått ingenting. Ved Høgskolen i Oslo og Akershus er det éin professor som har fått fem lønnstrinn i opprykk, elles har dei fleste av professorane som er blitt plukka ut, fått to-tre. 

– Dersom vi vil lage eit godt universitet for framtida, må UiB vere ein attraktiv arbeidsplass. I dag er det slik at for nokre fag kan studentane gå til spennande stillingar der dei tener meir, får fast jobb – og i nokre tilfelle får forska like mykje som ved UiB, seier Vagstad.

– Ja, vi tener meir enn ein gjennomsnittleg industriarbeidar. Men det er heller ikkje dei vi samanliknar oss med, legg han til.

HiOA langt etter

Vi meiner av prinsipp at det er professorane som skal vere lønnsleiande, men det er eit stykke igjen dit.

Morten Kielland

Ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er hovudtillitsvald Morten Kielland nøgd med årets oppgjer for sine medlemmar, men det er framleis eit stykke fram til millionlønn. 

— Vi er nøgde. Potten var stor i år og vi kom ganske langt ned på prioriteringslista vår, seier han. Alle medlemmane i Forskarforbundet ved HiOA som fekk opprykk fekk mellom to og fire lønnstrinn. Snittet for professorar ved HiOA var lønnstrinn 76 - eller 679.000 kroner, før lønnsforhandlingane.  Eit hopp på fire lønnstrinn gir ei lønn på 764.500 kroner (ltr.80). Før forhandlingane ved HiOA synte lønnsstatistikken at den professoren som hadde lågast lønn hadde lønnstrinn 70, men den høgste hadde lønnstrinn 92. Berre ein professor har over lønnstrinn 90, altså over ein million i lønn ved HiOA, men han har vore tidlegare rektor ved Høgskolen i Akershus Jan Grund. 

Dei som ligg rundt millionlønning ved HiOA er i hovudsak det øvre direktørsjiktet i Fellesadministrasjonen. 

— Vi meiner av prinsipp at det er professorane som skal vere lønnsleiande, men det er eit stykke igjen dit, seier Kielland. 

Det var skilnad på professorlønningene mellom dei enkelte fakultet også. Den best betalte professoren på helsefag hadde lønnstrinn 82, lærarutdanninga, lønnstrinn 83, samfunnsfag lønnstrinn 92 og hos ingeniørane og designarane var best betalte professor på lønnstrinn 79, før årets forhandlinger.  

Kielland seier også at dei fekk løfta både høgskolelektorar og førsteamanuensar med to til fire trinn også.  Av dei 700 medlemmane i Forskarforbundet fekk dei gjennomslag for opprykk for omlag 185 medlemmar. 

Samla på heile høgskolen fekk 607 tilsette lønns- eller stillingsopprykk. 

Her finn du fakta og informasjon om årets forhandlinger ved HiOA.

–For mykje til mellomleiarar


Potten for dei lokale lønsforhandlingane i Bergen var i år 1,75 prosent av lønnsmassen.

– Det var eit litt pussig oppgjer med ein svær pott. Det var ikkje fleire søknader enn vanleg, så vi fekk gjennomslag for fleire krav, seier Vagstad.

Også i Norsk tenestemannslag (NTL) var det ein god del av medlemmene som fekk ein lokal lønsauke.

– Vi er ei fagforeining, så vi er aldri nøgde når alle krava våre ikkje har nådd fram. Men det har vore ein god tone og greie prosedyrar, og vi har fått gode og grunngitte tilbakemeldingar, seier Jørgen Melve, som leiar NTL ved UiB.

Av hans om lag 400 medlemmer er det ganske mange som har fått nokre ekstra kroner.

– Mange har fått eit par lønnstrinn, det vil seia mellom 10 000 og 45 000 kroner, seier Melve.

Han meiner at det generelt har gått ein for stor del av potten til høgare stillingar, altså til mellomleiarstillingar.

Det same meiner Randi Heimvik i Parat.

– Ved eit lokalt lønsoppgjer kjem ikkje lønnsmidlane ned i organisasjonen. Realkompetanse gir ikkje utslag i lønsvekst, og for mykje av midlane går til fakultetsadministrasjonane, seier ho.

Heimvik seier at Parat meiner at det er betre å fordela lønnsopprykk i det sentrale oppgjeret, og at lokale forhandlingar ofte fører til skeivfordeling mellom stillingsgrupper i organisasjonen.

Også Vagstad seier at leiarane kom godt ut i år, men han ser ikkje noko problematisk i det.

– Spesielt administrasjonssjefane kom godt ut i år. Dette var første gong eg var med i forhandlingane, men det er sagt at dei kom dårleg ut i det førre oppgjeret, seier han.

Tena meir? Bytt jobb

Melve seier at dei som har vore tilsett lenge, kjem dårleg ut lønnsmessig.

–Det gjeld eigentleg alle stillingstypar. Dersom ein vert tilsett like før det vert gjort vedtak om at alle i ein viss stillingskategori skal ha minst det og det lønstrinnet når ein vert tilsett, sakkar ein akterut. Då vert det slik at for mange er å byta jobb måten å gå opp i lønn på.

For dersom ein til dømes går frå ein førstekonsulentstilling ved eit fakultet, til ein førstekonsulentstilling ved eit anna fakultet, vil ein ha rett til å forhandla lønn.

– Nokre byter jobb sjølv om dei eigentleg er glade i den jobben dei har, seier Melve.

Vagstad seier at han støttar innplassering på høgare lønstrinn.

– Det er eit tiltak som ikkje går utover nokon, bortsett frå at ein sjølvsagt kan verta misunneleg på at andre tener meir.

Han seier at ofte ser ein på kva ein tilsett har gjort dei siste fem åra, når ein vurderer om vedkomande har fortent eit opprykk. Men for dei eldste tilsette, meiner Vagstad at ein må sjå annleis på det.

– I alle fall dersom det er det siste lønsoppgjeret vedkomande er med på. Då meiner eg at ein må sjå på produksjonen gjennom heile karrieren. Vi har mange vitskapeleg tilsette som var veldig flinke på 1980- og 90-talet, men dette gjorde lite utslag på lønna.

– I dag er det slik at ein kan tilsetja ein professor i lønstrinn 69. Reelt sett vert ingen tilsett under lønstrinn 70. Men me har framleis professorar som er i lønstrinn 69, illustrerer Vagstad.

Får pengane i desember

Det sentrale lønsoppgjeret ga UiB-tilsette eit tillegg:1,98 prosent lønsauke for dei frå lønstrinn 54, 6 000-8 500 kroner i tillegg for dei med lågare lønstrinn.

– Utfordringa er at dei som ikkje får eit lokalt tillegg, ikkje har nokon reell lønnsvekst, seier Melve.

Det sentrale tillegget i Bergen vart betalt ut i august, med verknad frå mai. Dei som har fått eit lokalt tillegg, kan gleda seg til nokre ekstra kroner på desemberløna. Det lokale tillegget i Bergen har verknad frå 1. august, mens ved HiOA er det frå 1.september. 

Her kan du sjå oversikt over dei nye lønstabellane.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS