Britisk politi gjorde razzia i redaksjonen til The Guardian etter Snowden-avsløringane. — Eg hadde faktisk venta at dei ville finna på noko slikt, seier sjefredaktør Alan Rusbridger.

Guardian-redaktør blir æresdoktor ved UiO

— Når eit universitet anerkjenner den journalistikken me driv med som eit gode for samfunnet, må me ha gjort noko bra, seier Alan Rusbridger. Tysdag blir han æresdoktor.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tysdag 2.september blir sjefredaktør Alan Rusbridger i den britiske avisa The Guardian utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo.

– Det er morosamt at eg får det for at journalistikken vår har gjort ei viktig teneste for folk flest. Det er ikkje alltid mange som ser at journalistikken kan tena folket, smiler Alan Rusbridger, medan han sit i studentkantina i Midtbygningen i Oslo sentrum og samtalar med Uniforum.

Wikileaks og Snowden

The Guardian spelte ei sentral rolle i publiseringa av dokumenta frå Wikileaks og grunnleggjaren Julian Assange. Difor spelar også Alan Rusbridger ei viktig rolle i filmen The Fifth Estate, som handlar om Wikileaks. Likevel er det publiseringa av dei elektroniske dokumenta som Edvard Snowden hadde henta ut frå datasystemet til National Security Agency (NSA) i USA, som for alvor plasserte avisa på kartet over dei avisene som har mest politisk, økonomisk og juridisk påverknad i verda. Og dessutan var det ei stor fjør i hatten for gravejournalistikken.

 – Journalistisk etterretningsarbeid

Det er den gode journalistikken me lever av.

Alan Rusbridger

– Det måtte ein god del journalistisk etterretningsarbeid til for å kunna vurdera om Edvard Snowden var den som han gav seg ut for å vera, fortel Alan Rusbridger til Uniforum.

– Difor bad eg journalist Glenn Greenwald, som hadde blitt kontakta av  Edvard Snowden, om å gjera det han kunne for å finna ut om han var ein truverdig varslar og om han var den som han sa han var.  Han var i New York, medan eg var i London. Då han ringde meg og sa at han hadde gjort det, og kunne gå god for han, var eg ikkje i tvil. 62 år gamle Glenn Greenwald er ein journalist med stor integritet, som eg stolar fullt og heilt på, og når han kunne fortelja meg at Edvard Snowdens historie var truverdig, bad eg han om å ta første fly til Hong Kong for å møta han der, fortel Rusbridger.

Greenwald møtte Snowden på ein sundag og onsdagen etter publiserte The Guardian dei første sakene om den altomfattande overvakinga av telefon- og internettrafikk som National Security Agency hadde utført over heile verda.

Politirazzia i redaksjonen

– Den britiske regjeringa reagerte med å setja  i gang ein politirazzia i redaksjonslokala til The Guardian. Blei du overraska over det?

– Nei, eigentleg ikkje. Eg hadde faktisk venta at dei ville finna på noko slikt. Då sletta me alle Snowden-filane me hadde i datamaskinene våre, men alle veit at det finst fleire kopiar.  Nettopp difor samarbeidde med også med amerikanske aviser om avsløringane til Snowden. Kva den britiske regjeringa ville med den aksjonen, forstår eg enno ikkje. Den kom i alle fall ikkje særleg godt ut av det, meiner Rusbidger.

Snowden i Moskva

– Etter publiseringa av dei første nyhenda frå Edvard Snowden-filane, forsvann bokstavleg talt Edvard Snowden, før han dukka opp i Moskva nokre dagar seinare og ikkje kom seg nokon veg. Korleis reagerte du på det?

– Faktum er at etter at me hadde fått alle desse elektroniske dokumenta frå Edvard Snowden, var me meir opptatt av dokumenta enn av han som person.  Det er klart at det var litt overraskande at han først gjorde seg til kjenne igjen i Moskva. No ser det ut som om han risikerer å måtte bli der ei stund, kanskje resten av livet, trur Rusbridger.

– Snowden har grundig teknologisk innsikt

I sommar intervjua Alan Rusbridger sjølv for første gong Edvard Snowden i Moskva. Han er imponert over kor roleg og avbalansert Edvard Snowden er, trass i alt han har opplevd.

– Mitt inntrykk er at han er klar over at dette er hans liv no. Samtidig  fekk eg ei klar forståing av at han hadde gjort ei klar etisk og moralsk vurdering av om han skulle ta kontakt med The Guardian for å få avisa til å publisera dei avslørande elektroniske dokumenta han sat på. Snowden har dessutan ein teknologisk innsikt i dette overvakingsapparatet som langt overgår kunnskapen til dei som kritiserer oss for å ha publisert innhaldet i desse dokumenta, slår han fast.

– Viktig bidrag til den offentlege debatten om overvaking

– Fleire norske stortingsrepresentantar har nominert Edvard Snowden til Nobels fredspris. Synest du han fortener den?

– Det som er sikkert, er at han gitt eit viktig bidrag for å skapa offentleg debatt rundt den omfattande overvakinga av telefonsamtalar og internett som amerikanske og britiske etterretningsorganisasjonar driv i heile verda. Før The Guardian publiserte dei avslørande dokumenta frå Edvard Snowden, var det nesten ingen debatt om det.  I alle fall fortener han æra for å ha sett i gang den diskusjonen, meiner Rusbridger.

Satsar på undersøkjande journalistikk

Avisa The Guardian har dei siste åra hatt store økonomiske problem, men har trass i dette satsa på den undersøkjande journalistikken.   Sjefsredaktør Alan Rusbridger fortel at det har vore ein medviten politikk.

– Om me sluttar å lata journalistane jobba med gode journalistiske saker, og ikkje let dei dra på reportasjereiser for å gjera jobben sin, vil lesarane våre etter kvart sjå på oss som lite relevante og finna andre kjelder for den informasjonen dei er ute etter.  Sjølv om me tapar pengar på å satsa på nye plattformer, må me bruka dei plattformene som lesarane våre brukar, altså både PC, mobiltelefon og nettbrett, seier redaktøren.

– Det viktigaste er journalistikken

The Guardian tar også i bruk alle sosiale media.

— Det viktigaste er at me kan driva god journalistikk.  Nokre aviser sparer seg til fant.  Me brukar pengar no for også å kunna vera relevante i framtida.  Heldigvis aksepterer eigarane våre det. Økonomien til avisa går faktisk betre no enn for nokre år sidan.  Dessutan likar me å seia at på nett konkurrerer me med New York Times om å vera verdas største avis.

 – Korleis er framtida for den undersøkjande journalistikken?

– Den bør vera positiv, for det er den gode journalistikken me lever av. Dessutan finst det masse informasjon og data som journalistar må halda fram med å avsløra. Nye medium med unge journalistar er flinke til å satsa på den seriøse og grundige journalistikken, meiner redaktøren.

 – Må ha gjort noko bra

Det er Det juridiske fakultetet som kom med førespurnaden til Alan Rusbridger om å bli æresdoktor ved Universitetet i Oslo.

– Det set eg stor pris på. Når eit universitet anerkjenner den journalistikken med driv med som eit gode for samfunnet, må me ha gjort noko bra. Eg beundrar også dei skandinaviske landa for den store og viktige plassen ytringsfridomen har her. I framtida kan det koma på tale å publisera saker i andre land enn der ei avis høyrer heime. Då vil dei skandinaviske landa, og ikkje minst Noreg, vera ei trygg hamn for ytringsfridomen, seier Rusbridger.

 I juni blei det kjent at regissøren Oliver Stone skal laga film om Edvard Snowden.  Ein av skodespelarane vil få rolla som sjefredaktør Alan Rusbridger.

– Då håpar eg det blir Peter Capaldi  frå fjernsynsserien Doctor Who. Han var svært god til å spela meg i filmen The Fifth Estate som handlar om Wikileaks, ler Alan Rusbridger.

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS