Nytt campus Kronstad ved Høgskule i Bergen er tatt i bruk og blei feira måndag.. Foto: Ingvild Festervoll Melien

HiB, HiB hurra!

20 år, eit utal prosessar, diskusjonar og 2,5 milliardar kroner. Det har tatt tid, men i dag kunne Høgskulen i Bergen endeleg offisielt opne.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskolen i Bergen har flytta inn i Campus Kronstad på det som ein gong var dei gamle verkstadhallane til NSB.

Då klokka passerte 11.00, måndag 22. september, kunne dei frammøtte i kultursalen «Mimes brønn», høyre lyden av tog som kom fram til stasjonen. Det må ein kunne seie var ein passande lydkulisse. For etter ei reise på 20 år kunne endeleg administrerande direktør frå Statsbygg, Harald V. Nikolaisen, overlevere lokala til næringsminister Monica Mæland, før ho igjen, på vegne av regjeringa, stilte lokala til disposisjon for Høgskulen i Bergen.

Glad det er meg og ikkje Røe Isaksen

Og at det var ei oppgåve Mæland sette pris på er det ingen tvil om.

– Eg må berre innrømme med ein gong at eg er veldig glad for at det er meg, og ikkje min gode kollega Torbjørn Røe Isaksen som fekk vere her i dag.

Og det er kanskje ikkje så rart at Mæland syntes akkurat det, for ho har både som tidlegare styremedlem i HiB og som tidlegare byrådsleiar i Bergen, god kjennskap til prosessen rundt dei nye lokala.

– Det er veldig gøy å vere heime i Bergen, men dette er spesielt for dette er eit prosjekt eg har fulgt i 15 år. Det er få prosjekt eg kjenner betre og som eg har vore med på å jobbe for så mykje som eg har gjort med dette. Det er heilt fantastisk å vere her i dag, sa ho.

– Her skapast nye idear

Utbygginga av Kronstad Campus er den største høgskuleutbygginga som har skjedd i Noreg, og Mæland peika på at å legge til rette for kunnskapsutvikling er viktig for regjeringa.

– Kunnskap gjev framtidsmoglegheiter og kunnskap styrkar norsk konkurransekraft og gjer oss mykje betre rusta for framtida. Når vi no samlar så mykje kunnskap på ein og same stad så blir det skapt nye idear. Eg er sikker på at studentane på dei ulike linene har mykje å lære av kvarandre og at dei vil nytte desse moglegheitene, sa Mæland.

Nytt og gamalt i skjønn foreining

Ein annan ting Mæland trekte fram i si tale var at den unike arkitekturen frå dei gamle verkstadbygningane frå NSB er ivaretatt i det som no har blitt ein topp moderne utdanningsinstitusjon. Også rektor på HiB, Ole-Gunnar Søgne (biletet under), let seg imponere over bygget.

– Vi kan slå fast at det har blitt eit fantastisk resultat av ein lang prosess. Kunst møter vi ute og vi møter det inne, men eg opplever at sjølve bygningen er det største kunstverket. Den unike arkitekturen, koplinga av det gamle med det nye, materialbruken, energiløysinga og detaljane, sa Søgnen som også takka alle dei studentane som gjennom åra har bidrege med innspel og synspunkt.  

Harde og mjuke fakta

Ved ei høgtidleg opning av eit slikt bygg, vert det sjølvsagt mange harde fakta. Frode Grytten som stod for det kunstnarlege innslaget hadde sin eigen versjon av desse harde fakta.

– 900 sykkelparkeringsplassar, ukjent tal på punkteringar. 5016 stolar innkjøpt, pass deg, det er lett å hamne mellom to av dei. 1800 dører, minst ei av dei kjem du til å møte deg sjølv i, sa Grytten til stor latter frå dei frammøtte.

Etter å ha presentert dei harde fakta, ville Grytten til slutt kome med dagens mjuke fakta.

– Eit bygg er berre eit bygg. Eit bygg er flott eller stygt. Eit bygg er nytt eller gammalt. Eit bygg er arkitektteikna eller skrudd opp av gutehender i toppen av eit tre, men det er dei som kjem inn døra som bestemmer kva bygget skal bli til, sa han.

Ny opning på Mæland i Bergen?

Etter nøkkelseremoni og program var det klart for omvising der dei frammøtte sjølve kunne sjå nærare på dei nye lokala og samstundes finne spor av dei gamle, mellom anna gamle togspor ein kan følgje gjennom bygget. Mæland let seg begeistre av det ho såg.

– Eg var på omvising her eit stykke ut i byggeprosessen og det å få sjå det ferdig no er utruleg gøy.

– Blir Media City Bergen den neste opninga du er med på i Bergen?

– Ja, det kan jo vere det. Eg blir i alle fall forsikra om, kvar gong eg møter Entra, at Media City er i god framdrift og det er også noko vi gler oss stort til, fortalde Mæland.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS