Rektor Ole Petter Ottersen og Universitet i Oslo kan bli frateke pengar for ordbokjobb. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Pengane fylgjer språksamlingane

Om språksamlingane og den digitale ordbokstenesta blir organiserte utanfor Universitetet i Oslo, vil også pengane fylgja med. Det understrekar Kulturdepartementet i eit brev til UiO-leiinga.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kulturdepartementet er slett ikkje nøgd med svaret dei har fått frå UiO om den framtidige organiseringa og finansieringa av språksamlingane og den digitale ordbokstenesta.

Mer hos Uniforum: Vitenskapsakademiet kan overta språksamlingane

I eit brev frå avdelingsdirektør Heidi Karlsen blir det peika på at departementet ikkje har fått eit konkret svar på spørsmålet om kva som skal skje med finansieringa av den digitale ordbokstenesta etter at prosjektet Norsk Ordbok 2014 formelt er lagt ned etter februar 2015.

Det blir vist til at Kulturdepartementet bad om eit konkret overslag over driftskostnadene for ei rein minimumsløysing.  I brevet blir det uttrykt misnøye over at UiO svarar at kostnadene vanskeleg kunne fastsetjast «nå» fordi det ikkje går klart fram om dette er eit spørsmål universitetet vil koma tilbake til, og om det er sett i gang eit arbeid for å finna ut kor mykje dette vil kosta.

Har misforstått

Etter Kulturdepartementets oppfatning har UiO misforstått spørsmålet, når dei i samband med denne saka berre nemner arbeidet med digitalisering av den ordboksdelen som berre finst i papirutgåve.

Avdelingsdirektør Heide Karlsen presiserer at det er ei heilt anna og langt større sak, som også var tatt opp som eit eige spørsmål i brevet frå Kulturdepartementet den 15. mai. «Det var såleis ikkje ein del av det vi bad om kostnadsoverslag for innan 15. juni», poengterer Kulturdepartementet.

Krev at den digtale ordbokstenesta held fram

Det siste signalet frå Kulturdepartemetet tyder heller ikkje på at det vil vera særleg med pengar for UiO å henta på å organisera språksamlingane og den digitale språktenesta utanfor universitetet.  Reint konkret blir det synt til tilskotsbrevet til prosjektet Norsk Ordbok 2014 av 7. januar 2014.

Der går det fram at tilskotet skal brukast på redaksjonelt og publisistisk arbeid for å dokumentera og formidla ordtilfanget i dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket « i form av eit vitskapleg ordboksverk i tolv band og som gratis digitalt oppslagsverk på Internett»! Kulturdepartementet gjer det heilt klart at dei ikkje vil akseptera at den digitale ordbokstenesta blir gravlagd. «Det følgjer av dette at det ikkje vil vera i samsvar med føresetnadene for vårt tilskot til prosjektet dersom den digitale ordbokstenesta blir lagd ned», står det i brevet.

UiO kan heller ikkje rekna med at Kulturdepartementet vil ta det finansielle ansvaret for oppgåver som universitetet ikkje lenger vil ta seg av. I dette tilfellet gjeld det den vidare finansieringa og organiseringa av den digitale ordbokstenesta og språksamlingane. «Både prinsipielt og av budsjettgrunnar er dette ei uaktuell løysing», vert det understreka.

Pengane fylgjer språksamlingane

I brevet går det fram at dersom Kulturdepartementet skal bidra til å finna alternative organisatoriske løysingar, må også pengane som universitetet i si tid fekk for å ta seg av oppgåvene, fylgja med. Kulturdepartementet gjentar at UiO gjennom etableringa av Norsk leksikografisk institutt i 1972 fekk stillingar og budsjettmidlar til å ta seg av oppgåver som i stor grad svarer til oppgåver UiO no vil seia frå seg.

Etter innføringa av dagens inntektssystem for universitet og høgskular, var det meininga av basiskomponenten skulle fanga opp tidlegare politiske prioriteringar. Derfor kan ikkje institusjonane utan vidare avvikla langsiktige oppgåver som dei tidegare har fått særskild finansiering til, peikar Kulturdepartementet på. Difor vil departementet at UiO gjer konkret greie for korleis det spørsmålet er vurdert i saka om språksamlingane og den digitale ordbokstenesta. Aller først ynskjer Kulturdepartementet likevel eit svar på spørsmålet om den vidare drifta av den digitale ordboksløysinga.

UiO skal i møte med departementa

Uniforum har vore i kontakt med UiO-rektor Ole Petter Ottersen for å få ein kommentar til denne saka.  Han viser til at både spørsmålet om minimumsløysing og basiskomponent krev ei avklaring både frå Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. 

Difor kan han ikkje svara på dette akkurat no.  Etter det Uniforum får opplyst, skal UiO ha møte med begge desse departementa så fort som mogleg.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS