Den nye høgskulen på Vestlandet skal ha hovedkontor i Bergen. Foto: Ingvild Festervoll Melien

No nærmar Høgskulen på Vestlandet seg

Lite kan velte Vestlands-lasset for fusjon framover. Og Vestlandet kjem truleg med i namnet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Styra gjekk samrøystes inn for å gå vidare med fusjonsforhandlingane. Men ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) gjekk studentrepresentantane og ein av dei tilsette inn for at høgskulen skulle trekke seg frå forhandlingane.

Studentrepresentasjon og fakultet

Motargumenta deira dreier seg i stor grad om spørsmål som gjeld dei sjølve, ikkje heile fusjonen: Studentane er misnøgde med eigen representasjon i interimstyret, og studentvelferd. Og ein del tilsette ved HiSF ønskjer garantiar for at det blir eit fjerde fakultet som kan huse dei såkalla disiplinfaga: Samfunnsvitskap, naturfag, og økonomi og administrasjon.

Men det er lite sannsynleg at desse sakene vil velte heile fusjonen, og fleire av styra var i går inne på måtar å løyse spørsmål om studentrepresentasjon i styret og fakultetsinndelinga på, skriv På Høyden.

HIV eller HPV?

Spørsmålet om namn er dessutan på god veg til å vere løyst. Ved Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) vart ikkje namnespørsmålet diskutert i det heile tatt. Men på både Høgskolen i Bergen (HiB) og HiSF er dei opptekne av namn.

— Kan eg få lov til å seie at Høgskulen på Vestlandet er tungt og kronglete og at eg ikkje likar det i det heile teke? Dessutan kan det lett forkortast til HIV, seier styremedlem ved HiSF Jan Olav Fretland.

HPV, som kanskje er mest knytta til virusvaksina, kan òg bli ei kortform av Høgskulen på Vestlandet.

Kan eg få lov til å seie at Høgskulen på Vestlandet er tungt og kronglete og at eg ikkje likar det i det heile teke?  Dessutan kan det lett forkortast til HIV.

Jan Olav Fretland

Vil ha arbeidstittel i Sogn

Men kva den nye institusjonen skal heite er ikkje avklart. Arbeidstittel har vore Vestlandshøgskulen. Ifølgje plattforma er ikkje namnet avklart enno.

Fleire av styremedlemmane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner at namnet Vestlandshøgskulen no er så innarbeidd at det blir underlig å omdøype eininga.

Høgskulen Vest, Høgskulen Vestlandet, Høgskulen i Vest-Norge er namn som har vore på bordet.

HiSF-styreleiar Trond Ueland er tilhengar av Vestlandshøgskulen.

— Samtidig er Høgskulen på Vestlandet bra også, seier han.

Vestland, Vestland

— Vestlandet  inn i navnet. Merkenavnet er knytt til Vestlandet, ikkje Vest. Lat meg berre minne om at ettersom nynorsk er valt som hovudmål, vil namnet bli Høgskulen i Vest-Noreg på nynorsk, seier representant for dei teknisk/administrative tilsette i høgskulestyret i Sogn og Fjordane, Åse Neraas.

Ho foreslo også namnet West University College.

— Eg har tidlegare fått kritikk for at Høgskulen Vest er for likt Helse Vest. Men eg er likevel for Høgskulen Vest. Det er kort og greitt, sa Hans Johan Breidablik som er styremedlem ved HiSF.

Ansattrepresentant Oddmund Hoel er uttalt motstandar av fusjonen. Trass at han ikkje ønskjer ein fusjon, har han likevel tankar om kva den bør heite.

— Eg håpar vi ikkje blir ein del av fusjonen. Men skal vi bli det, må eg seie at alle andre namn bleiknar mot namnet Vestlandshøgskulen.

Etter diskusjon og røysting blei HiSF-styret samde om å ta med seg følgjande namn vidare i forhandlingane, i prioritert rekkefølgje:

  1. Vestlandshøgskulen
  2. Høgskulen på Vestlandet

Ny forhandlingsrunde

I Bergen enda diskusjonen òg med at Vestlandet kom med i namnet, sjølv om styremedlem ved HiB Kristian Helland heller ville ha det litt meir inkluderande Vest-Norge. Det blei òg poengtert at skole er sidestilt med skule på nynorsk, men styret enda likevel opp med Høgskulen på Vestlandet som det beste namneforslaget.

Styret meinte òg at det kan vere tryggast å ha eit endeleg namn med i plattforma, i staden for å overlate det til interimstyret.

Dermed blir ein fusjonert høgskule truleg heitande Høgskulen på Vestlandet eller det noko meir uformelle Vestlandshøgskulen.

Dei tre styra skal ta ei endeleg avgjerd om fusjonen 9. juni. Før det skal det både arrangerast møte for å informere tilsette, og nye forhandlingsmøte.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS