Ingen agent for universitetet i høgskulestyret

Universitetstilsette skal sitja i fleire høgskulestyre dei neste fire åra. — Eg er ingen agent, seier professor Endre Brunstad.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Språkprofessor Endre Brunstad (biletet under) ved Universitetet i Bergen skal sitja i styret for Høgskulen i Volda dei neste fire åra. Hans vara er UiB-professor Rune Johan Krumsvik. 

Psykologiprofessor Gerd Kvale skal sitja i styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane. I styret for Høgskulen i Bergen skal Uni Research-direktør Aina Berg vera med, saman med mellom andre Svenn Åge Dahl. Han er tidlegare forskingsdirektør ved UiB og no administrerande direktør for Samfunns- og næringslivsforsking ved NHH. Høgskolen i Oslo og Akershus har fått oppnemnd ny styreleiar frå «storebror» Universitetet i Oslo, Trine Syvertsen. 

Fleire av dei nye styremedlemmene nemner fusjon og struktur som ei av dei viktigaste sakene for høgskulane. Men dei vil ikkje flagga noko syn.

Inga programerklæring

Det er ikkje slik at eg er plassert som ein agent for å få høgskulane til å koma inn under UiB. 

Endre Brunstad

— Det har vore mykje snakk om fusjon for Høgskolen i Bergen. No skar fusjonsplanane mellom Høgskulen Stord/Haugesund og Universitetet i Stavanger seg – i alle fall førebels. Det kan bety at saka kjem opp att hos Høgskolen i Bergen, seier Aina Berg.

HiB har tidlegare invitert med dei andre høgskulane på Vestlandet med planar om eit profesjonsuniversitet – og fått nei. Samstundes har fleire av dei andre høgskulane fått beskjed om at dei er for små til å vera åleine.

Berg er tydeleg på at ho ikkje ønskjer å koma med noka programerklæring i saka om struktur og fusjon.

— Det nye styret må ta ein grundig diskusjon om styrkane og utfordringane til dei andre institusjonane. HiB er ein stor høgskule, og kan lettare stå åleine. Det gir ein god posisjon, seier Berg.

Svenn Åge Dahl nemner òg fusjonsprosessen i universitets- og høgskulesektoren. Men han ønskjer ikkje å flagga noko standpunkt no.

— Eg har berre følgt saka frå media, så eg må høyra meir om HiB sin tankegang før eg uttalar meg, seier Dahl.

– Fleire spor

Endre Brunstad er professor i nordisk språk, og er valt inn i styret til Høgskulen i Volda.

— Styret skal handsama mange løpande saker, men struktursaka er ei stor sak, seier Brunstad.

— Høgskulen har fått beskjed om at han er for liten til å vera åleine. Kva tenkjer du ein bør gjera?

— Eg må høyra meir om kva som er sagt og gjort, men det er fleire spor å følgja. Eit av dei er Høgskulen i Bergen, eit anna som har vorte nemnt er høgskulane i Molde og på Lillehammer. Eit tredje er UH-Nett Vest. Der er eg med. Nettverket er dynamisk, og det skjer ting, men ingenting er avgjort, seier Brunstad.

Han ser ikkje føre seg at det vert ein fusjon mellom UiB og Høgskulen i Volda.

— Det trur eg er lite aktuelt. UiB verkar lite interessert i fusjonar, og det er ikkje slik at eg er plassert som ein agent for å få høgskulane til å koma inn under UiB. Høgskolen i Bergen har sagt at dei ser føre seg ein fusjon med høgskulane i Volda, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane, og styret i Volda har gjort sine vurderingar. Men førebels er ingenting avgjort, seier Brunstad.

«Fusjonsvennleg» ved HiSF

Psykologiprofessor Gerd Kvale frå Universitetet i Bergen er valt inn i styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane. På Høyden har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå henne. Ny styreleiar er Trond Ueland, kommunalsjef frå Førde. Han er rekna som «fusjonsvennleg». Ueland seier til Khrono at han ikkje utan vidare vil seia at han er for fusjonar.

— Men du seier ikkje det motsette heller, at du er på sjølvstendelinja?

— Nei, det er eg definitivt ikkje. Lat oss seia at eg er avventande nøytral i fusjonsspørsmålet. Eg er heilt open, har ingen fordommar eller oppfattingar på førehand, og eg har ikkje bestemt meg for kva eg meiner, seier Ueland.

Han seier at det einaste han er sikker på, er at ein treng ein høgskule i Sogn og Fjordane, og at dette kanskje er viktigare enn nokon sinne.

— Kor mykje har du snakka med departementet om kva dei forventar av deg som styreleiar?

— Eg har snakka ein del med dei – og meldinga frå departementet er heilt tydeleg, det kan me ikkje sjå vekk frå, men me vert nok nøydde til å snakka endå meir, seier Ueland til Khrono.

Ikkje berre frå næringslivet

Dei ferske styrerepresentantane peikar alle på forsking som eit felt der dei kan bidra.

— Eg har lang røynsle som forskar, som forskingsdirektør og no som administrerande direktør. Det betyr at eg kjenner til begge sider og har god peiling på mellom anna ekstern finansiering av forsking og forskingsstrategi, seier Dahl.

Som leiar for ei verksemd med forsking som levebrød er det på forskingssida Berg òg meiner ho har mest å bidra med i høgskulestyret. HiB og Uni Research har allereie samarbeid, både innan helse og innan energi, men Berg meiner at samarbeidet kan utviklast.

— Undervisning står høgt på høgskulen, men forsking er òg viktig. Eg ser mellom anna føre meg at me kan få til samarbeid med masterstudentar, seier ho.

Akademia-representant

Signala frå Kunnskapsdepartementet er at det kjem til å koma krav for å få lov til å halda fram som eigen institusjon, mellom anna knytt til talet på tilsette med doktorgrad, publisering av ny forsking, eksterne forskingsinntekter og storleik på doktrogradsutdanningane.  Brunstad seier at høgskulen sjølv kan identifisera alle problema.

— Eg jobbar med lærarutdanning, språkforsking og nynorsk, og har i tillegg røynsle frå ymse styre. Høgskulestyret i Volda mangla representantar frå akademia. Det er viktig å ha med folk frå næringslivet, men me som kjem frå akademia har ofte litt andre perspektiv, seier Brunstad.

Rice og Roppen er nøgde

Påtroppande rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Curt Rice, er veldig nødg med den nye styreleiaren, medieprofessor Trine Syvertsen fra Unviersitetet i Oslo. 

— Det blir også både spennande og bra med betre kontakt mellom HiOA og UiO, seier han til Khrono.

Den nyoppnemnde styreleiaren vil ikkje seie noko om forholdet mellom HiOA og UiO. 

— Generelt er det interessante tider i universitets- og høgskulesektoren, både nasjonalt med alle strukturendringar og ikkje minst internasjonaliseringa som går føre seg, seier Syvertsen. 

Les også: Her er HiOAs nye styreleder

Påtoppande rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen er nøgd med å få toppakademikarar inn i styret, det har dei ikkje hatt dei siste fire åra. 

— Dette er eit styre som eg verkeleg ser fram til å arbeide i lag med. Der er mange med systemkunnskap frå høgare utdanning, akademisk toppkompetanse og god balanse mellom regional forankring og utanfrå-perspektivet, sa han i ein kommentar til Khrono nyleg.

Les også: Fusjonsvennlig styreleder i vest

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS