koronaviruset

Røttingen i kamp mot korona

— No er vi i ein situasjon kor vi alle risikerer å få ein smittsom sjukdom, men vi kan ikkje agere med ein ambisjon om at den risikoen skal vere lik null, seier John-Arne Røttingen frå frontlinja.

John-Arne Røttingen, adm.dir i Forskingsrådet under pressekonferansen utanfor Rikshospitalet i Oslo i mars i år der det blei kjent at han skal leie ein internasjonal studie som skal teste ulike medisinar mot covid-19.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

For litt over ei veke sidan vart det kjent at epidemiolog og administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, skal leie ein stor internasjonal studie sett i verk av Verdas helseorganisasjon (WHO).

Studien han no koordinerer skal teste ut medisinar mot heile verdas koronavirusfiende SARS-CoV-2.

Khrono har fått nøyaktig 49 minutt av hans dyrebare tid i desse dagar. Ein tek på seg «litt ekstra» arbeid, seier Røttingen, som altså har ei krevjande direktørstilling attåt.

Fakta

John-Arne Røttingen (51)

  • Født: 27. mars 1969 (51 år)
  • Frå: Bø i Telemark
  • Stilling: Administrerande direktør for Noregs Forskingsråd og professor II ved Harvard T.H. Chan School of Public Health
  • Aktuell med: Leier den globale styringsgruppa for Verdas helseorganisasjon sin internasjonale studie som skal teste lovande behandlingar mot Covid-19.
  • Utdanning: Dr. med. frå Universitetet i Oslo, MSc frå Oxford University og MPA frå Harvard University

— Nokre står på ekstra i den rolla ein har fordi det krev meir innsats. Eg har tenkt at eg sit på ein bakgrunn og ei erfaring som er relevant for det vi står midt i. Difor har eg tenkt at det kan vere nyttig om eg bidreg med den kompetansen, svarer Røttingen.

Og han har fått velsigning frå styreleiaren i Forskingsrådet, Hilde Tonne, som var oppteken av det same — at Røttingen skulle bidra med sin kompetanse i krisa.

I 2015 leia nemleg Røttingen utprøvinga av Ebola-vaksinen i Guinea, ei vaksine som viste seg å beskytte effektivt mot sjukdomen. Han har elles ein CV som tilseier at han er rett person på rett stad.

Før han vart direktør i Forskningsrådet var han direktør for smittevern, miljø og helse i Folkehelseinstituttet, og leia også arbeidet med ein ny global koalisjon for utvikling av vaksiner som kan forebygge epidemiar og pandemiar, som har hovudkontor i Oslo og heiter Cepi.

— Eg har halde fram med delar av min faglege aktivitet på sida av arbeidet som leiar i Forskingsrådet. Eitt av verva eg har hatt er å vere med i ei vitskapleg rådgivingsgruppe i Verdas helseorganisasjon sitt arbeid for forsking på epidemiar.

Ideen til studien

Arbeidet han viser til er ein strategi eller ein beredskapsplan med namnet R&D Blueprint. Den tok Noreg med lege Tore Godal i spissen initiativ til å etablere, etter det svært dødelege ebolautbrotet i Vest-Afrika i 2014. Ein måtte ta lærdom og vere førebudd på å møte neste epidemi. Det var tanken bak initiativet.

— Det handlar om behov for betre system for forsking og utvikling i forkant og under ein epidemi, slik at ein raskast mogleg får kunnskap og løysingar for å handtere sjukdomen.

Det var på eit møte i byrjinga av mars i Geneve med dei andre rådgjevarane i R&D Blueprint, at tanken om ein global studie vart sådd.

— Første intensjon var å lage ein modell-protokoll som alle studier på covid-19 skulle vere baserte på. Med å gjennomføre studiane på tilsvarande måte på tvers av landegrenser kunne vi få eit samla bilete på effekt av behandling av sjukdomen, seier Røttingen.

Men utover i mars utvikla dette seg til å heller bli ein stor koordinert studie for å vurdere lovande behandlingar mot covid-19. Den har fått namnet Solidarity Trial.

Røttingen meiner sjølv han sit med ein bakgrunn og erfaring som er relevant for den krisa vi står midt i. CVen hans tilseier at han er rett mann på rett plass i rolla som koordinator for den store internasjonale studien.

Behandlingane som skal prøvast ut er malariamiddelet hydroxyklorokin/plaquenil, ebola-legemiddelet remdesivir og ei HIV-behandling (lopinavir/ritonavir), kvar for seg, eller i kombinasjon med eit legemiddel mot hepatitt (interferon-β 1a).

— Her er det om å gjere og kome raskast mogleg til målet, det er intensjonen bak denne studien. Det er ein enkel klinisk studie, der deltakarlanda skal registrere informasjon om pasienten ved innlegging og tre resultat: kor lenge pasienten var innskriven på sjukehus, om pasienten døydde eller overlevde, og om pasienten hadde behov for respirator.

— Korleis kan det ha seg at medisin mot malaria, ebola og hiv kan ha ein effekt?

— Overordna er alle legemiddel mot infeksjonar. Malariamedisinen kan ha ein generell betennelsesdempande effekt, som vi trur kan bidra positivt. Dei to andre er anti-virale middel, dei påverkar direkte evnen virus har til å formeire seg sjølv og gjer denne prosessen langsamare. Slik kan immunforsvaret til slutt vinne kampen på eiga hand.

Lovar konklusjon innan kort tid

— Det er over ei veke sidan de starta studien og uttestinga av dei ulike medisinane. Kan du seie noko om korleis arbeidet går så langt?

— Nei, det kan eg ikkje av to grunnar. For det første er det altfor tidleg å seie noko enno, for vi må teste på vesentleg fleire pasientar og observere dei over lengre tid. Og for det andre, verken eg, som koordinerer det heile, eller dei som leiar innsatsen i dei ulike landa, får sjå dataa enno, seier Røttingen.

Det er det ein såkalla «data and safety monitoring committee» som tar seg av analysane undervegs. Røttingen trur komiteen vil gjere analyser innan ein månad og kome med tilbakemeldingar på kva behandlingsmåtar ein bør avslutte og kva ein bør halde fram med.

Ein slags fasit er Røttingen sikker på at er klar om kort tid.

— Om to-tre månader vil vi truleg ha ein konklusjon, om det er eitt eller fleire av legemidla viser seg å ha effekt og kan bli ei standard behandling, seier Røttingen.

— Kva er di drivkraft i arbeidet?

— Eg synst det er moro å gjere ting ein kan sjå resultat av. Det driv meg uansett kva det gjeld. Den jobben eg har i Forskingsrådet er veldig spennande, men i ei krise som dette, vil ein i større grad gå inn i prosessar som går inn i den situasjonen vi alle står i. Det er veldig motiverande og fagleg veldig interessant: at alt frå mikronivået kring viruset til samfunnsnivået, styringsmekanismar og politikk, går inn i det, seier Røttingen.

— Vi må ha tillit

— Er du sjølv redd for covid-19?

— Nei, eg er ikkje det. Og det er nok ein kombinasjon av personlegdomen min og litt rasjonell tenking. Eg er lite opptatt av risiko generelt. Eg har ingen andre sjukdommar, brukar ikkje andre medisinar, og førebels er eg ikkje ein del av den såkalla eldre garde, seier Røttingen med eit smil gjennom telefonrøyret.

— Men eg forstår at mange er uroa, det er utruleg viktig å ta på alvor. Og det er særs viktig med god kommunikasjon rundt risikoen, seier Røttingen.

Han bringer avdøde professor og lege Per Fugelli sine essay om helse og fridom, 0-visjonen, inn i samtalen. Røttingen kjem med sitt syn på det terrenget politikarar no manøvrerer i:

— No er vi i ein situasjon kor vi alle risikerer å få ein smittsom sjukdom, men vi kan ikkje agere med ein ambisjon om at den risikoen skal vere lik null, seier Røttingen og legg til:

— Det har så store samfunnsmessige og individuelle kostnader. Som samfunnsmedisinar må ein tenke på grupper og samfunnet i seg sjølv, og kva slags nivå det då er hensiktsmessig å ha tiltak på og kva slags risiko vi då må kunne tole.

— No er alles auge fokuserte på ein risiko som får veldig mykje merksemd. Alle ønskjer å redusere sin eigen risiko til null, men det er ikkje hensiktsmessig, rett og slett. Det er ikkje bra for folk flest, psykisk, eller for folkehelsa. Vi må forvente at ein del vil og skal bli smitta av dette. Dermed kan vi legge vekt på å handtere omfanget og beskytte sårbare grupper, slik at sjukehusa har kapasitet.

Alle ønskjer å redusere sin eigen risiko til null, men det er ikkje hensiktsmessig, rett og slett. Det er ikkje bra for folk flest, psykisk, eller for folkehelsa.

John-Arne Røttingen

Skal gi ekspertråd

Røttingen er spent på kva som vil skje dei komande vekene når politikarane må ta vegval om når dei skal lette på dei restrektive tiltaka som er sette i verk. Første letta kom allereie tirsdag, med ei gradvis opning av barnehagar, skular og høgskular og universitet for nokre få studentar og tilsette.

Her er John-Arne Røttingen på regjeringas pressekonferanse 20.mars i år og snakkar om den store utprøvinga av medisin mot koronavirus.

— Det er krevjande avgjerder å ta. Det som er mi bekymring er at mange framleis vil vere redde og praktisere strenge tiltak på eige initiativ, trass i at styresmaktene har teke eit anna vegval for oss som befolkning, seier han og legg til:

— Den enkelte ønskjer nullrisiko, men det er uheldig. Det er utruleg viktig å ha tillit. For infeksjonssjukdommar er ikkje individsjukdomar. Din risiko er min risiko. Då må vi heller prøve saman å kome fram til dei rette vegvala og ha tillit til dei som tek vala for oss i fellesskap, seier Røttingen.

Røttingen er også med i ekspertgruppa som er leia av økonomiprofessor Steinar Holden, og som vurderer dei økonomiske effektane av tiltaka som er sett i verk mot koronaviruset.

Tirsdag vart deira konklusjonar kjende, og gruppa slår fast at dei samla realøkonomiske kostnadane av dei noverande tiltaka er rundt 24 milliardar kroner kvar månad.

Blir ikkje heiltidsforskar

— Klarer du å legge frå deg jobben om dagane og kva gjer du i så tilfelle for å koble av?

— Eg søv vanlegvis godt, men må faktisk seie at eg har sove litt dårlegare dei siste vekene. Men det er ikkje fordi eg er uroa, men fordi hovudet spinn for mykje på alt eg har å tenke på om dagen. Men det går betre no. Det er viktig å drive vanleg søvnhygiene og gjere noko anna enn å tenke på jobb dei siste minutta før ein legg hovudet på puta, seier Røttingen.

Det er ikkje tvil om at det har blitt mindre fritid, men når han har tid, fortel han at naturen eller praktisk arbeid gir han ro.

— Det kan vere alt frå snekring, hus- eller hagearbeid. Her om dagen reinsa eg for eksempel ventilasjonssystema i heile huset. Det var på høg tid. Og så liker eg som mange andre å vere på hytta, som eg no ikkje kan vere i som følgje av forbodet, seier Røttingen.

— Gjer ikkje dette koordineringsarbeidet deg lysten på å gå tilbake til forskarrolla på heiltid?

— Det er eit godt spørsmål. Eg har sagt til meg sjølv at eg skulle ha hatt den førre jobben min, som enten direktør for smittevern i Folkehelseinstituttet eller som direktør for Cepi, men det har eg sagt som ein spøk. Det er sjølvsagt utruleg inspirerande og spennande å jobbe midt i sitt eige fagfelt, eit felt alle er opptatt av no i alle ledd i samfunnet. Men eg har ingen planar om å gå tilbake til forskarrolla på heiltid. Men vi står i ei krise som påverkar heile samfunnet, då må vi alle bidra. Helsepersonell er spesielt oppmoda til å bidra med sin kapasitet og det gjer eg best utan å hente tilbake min kliniske kompetanse, men ta den koordinatorrolla, seier Røttingen.

— Så du søker deg ikkje vekk frå Forskingsrådet med det første?

— Nei. Det eg har reflektert litt over den siste månaden er kor viktig forsking og utvikling er i samfunnet. Alle har no ein higen etter kunnskap, for å forstå og handle, og løyse dette problemet. Denne kunnskapen må kome frå forsking. Difor er det veldig motiverande å arbeide i Forskingsrådet. Heile vår organisasjon er ekstra motiverte til å jobbe med nettopp forsking og utvikling, direkte og indirekte for å halde hjula i samfunnet i gang, seier Røttingen.

— Må ha håp til forskinga

— Kva er grensene for forskinga? Har vi for stort, eller for lite håp til kva forskinga og vitskapen kan gjere for oss, særleg i desse tider?

— Nei, eg synest vi skal ha eit stort håp og store ambisjonar på forskinga og innovasjonar sine vegner. Eg trur mange ser til ny kunnskap, nye løysingar og teknologi for å løyse det vi står i no. Det er rette adressat for å handtere dette. Eg trur koronakrisa driv ein betre advocacy-kampanje for forsking og utvikling enn eg nokon gong hadde klart som leiar for Forskingsrådet. Det er ein utruleg god case, seier Røttingen.

Han trekk mellom anna fram smittesporings-appen som Simula og Folkehelseinstituttet har utvikla, som eit eksempel på innovasjon som kan bidra til å løyse koronakrisa. Den har hausta mykje kritikk, fleire åtvarar mot å ta den i bruk, men Røttingen er positiv.

Forskingsrådsdirektøren meiner vi både må ha håp og store ambisjonar til forsking og utvikling.

— Den kan hjelpe oss å handtere epidemien med mindre restriktive tiltak for heile befolkninga. Vi kritiserer ofte offentleg sektor for å vere risikoaverse, men eg er veldig positiv til at dei no har valt å prøve denne ideen og torer å satse på den. Samstundes må den sjølvsagt evaluerast uti frå eit nytte-perspektiv. I den norske modellen er dette ei frivillig løysing, men min spådom er at det norske folk vil støtte opp om dette, seier Røttingen.

— Kva konsekvensar og endringar kan pandemien føre med seg for forskarar og forskinga i ettertid? Kva slags type forskingsspørsmål vil samfunnsvitarar, fysikarar og matematikarar stille i framtida?

— Det er eit breitt spørsmål. Men ein, eg trur pandemien vil påverke oss på veldig mange måtar, også forskarane; nokre meir enn andre. Det er sjølvsagt enklast å peike på helesefaga, som vil bli påverka til å vise interesse for denne type spørsmål, som risikoen for smittsame sjukdommar i samhandlinga mellom menneske, dyr og natur. Så er det samfunnsfaga, som eg trur vil stille spørsmål kring responsen, om samfunnet er førebudd og har mekanismar som gjer at vi kan handtere slike kriser, seier Røttingen.

Mange har hevda at koronakrisa har gitt globaliseringa eit slag for baugen. Røttingen er av ei anna oppfatning:

— Det trur eg ingenting på. Det som gjer oss sårbare er ei for enkel globalisering og den blir veldig synleg no. Blant anna med verdikjeder, leverandørkjeder, sårbarheita når vi ikkje har ting på lager. Vi har sett at forsyningslinjene våre består av enkeltpunkt og dersom eitt ryk, så ryk heile kjeda. Eg trur vi kjem til å sjå at både det offentlege og det private næringslivet kjem til å endre strategi på korleis dei opererer, mot å søke meir mot resiliente nettverk, seier Røttingen og spår eit hav av nye forskingsspørsmål som vil bli aktuelle framover.

Powered by Labrador CMS