Dei eksterne styremedlemmane Kristin Sørheim, Terje Heggem, Inger Østensjø og Nils Petter Skeide ved Høgskulen i Volda, fra styremøtet 1. juni 2017. Heggem har lagt to periodar bak seg, dei tre andre ønsker ikkje ein ny periode i styret. Skjermdump fra stream

Frustrerte eksterne i styret i Volda. Takkar nei til ny periode.

Styreoppnemning. Ingen av de valbare eksterne medlemma i styret ved Høgskulen i Volda ønsker ein ny periode. — Dei kjenner på ein frustrasjon over å sitte i styret her, seier Terje Heggem som går av etter to periodar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Saka er oppdatert kl.12.26 med at det var prøverøysting om færre medlemmar i styret som ga 10-1. I endeleg avrøysting var alle samde.)

Eksternt styremedlem Terje Heggem har leia utvalet som skulle komme med forslag om nye eksterne styremedlemmar til Høgskulen i Volda. Han og dei to andre i gruppa, prorektor Jens Standal Groven og Sara Brevik Bergland, fekk ja frå mange potensielt gode og nye folk.

Men dei tre faste eksterne styremedlemmane som framleis er valbare for ein ny styreperiode, takka alle nei til å fortsette i styret.

— Dei kjenner på ein frustrasjon over å sitte i styret her. Det handlar ikkje om at dei ikkje har tid til å sitte her, men dei er ikkje nøgde med tilværet i styret, sa Heggem i ei kort orientering til styremøtet 7.mars.

Lite lydhøyr leiing og administrasjon

Til Khrono utdjupar han kvifor dei eksterne styrerpresenatantane ikkje trivst i styret i Volda:

— Eg skal vere forsiktig med å snakke på vegner av Kristin Sørheim, Inger Østensjø og Nils Petter Skeide, men det er ei oppleving av at administrasjonen og leiinga ikkje tar styret på alvor. Det er ein klar frustrasjon ved å sitte i styret i Volda, seier Heggem.

Han er sjølv snart er ferdig med sin andre periode som eksternt styremedlem og kan dermed ikkje reoppnemnast.

Leiing og administrasjon er i for liten grad lydhøyre overfor styret, og signala frå oss blir tatt ned.

Terje Heggem

- - Er denne frustrasjonen noko du kjenner deg igjen i sjølv også?

— Ja, eg har full forståing for den etter åtte år i styret i Volda. Leiing og administrasjon er i for liten grad lydhøyre overfor styret, og signala frå oss blir tatt ned. Rektor openberrar ei manglande forståing for dei ulike rolla han har. Han greier ikkje å skilje rolla som privatperson og bloggar frå rolla som styreleiar for eit kollegium og dei forpliktingane han har for dei han er styreleiar for, meiner Heggem.

Maner til omkamp

Han meiner at rektor og administrasjon slit med å erkjenne kva som er haldninga til det øvste organet ved høgskulen.

— Ein er forplikta til å vere lojal til styrevedtak. Vi har vedteke ein strategiplan der det heilt ope står at vi også skal sjå på moglege fusjonsalternativ med NTNU, Bergen og Molde, det er styrets vedtak - det ligg der. Men når han som er styreleiar heile tida skal halde på å mane til omkamp og gir uttrykk for at framtida er aleinegang, blir det uklart utad og internt om kva som er den eigentlege posisjonen til Høgskulen i Volda, seier Heggem.

— Dei faste eksterne styremedlemmane i Volda ser store utfordringar for høgskulen, Vi må vere vakne og sjå i alle himmelretningar for å sikre framtida til høgskulen, seier Heggem, og legg til:

— Vi blir fort oppfatta som nokre «særingar» som ikkje har fått på plass nokon ting, seier han og viser til at Norge har gått frå 18 til fire høgskular. I tillegg til Samisk høgskole som har vore friteken frå strukturreformen så er det høgskulane i Volda, Molde og Østfold som står åleine igjen.

Østensjø: Ikkje meir å bidra med

Inger Østensjø er ein av dei faste eksterne styremedlemmane som har takka nei til å vere kandidat for ein ny styreperiode.

Østensjø understreker ovanfor Khrono at ho ønsker Høgskulen i Volda alt mogleg godt framover, og at ho håper at eit nytt styre no får eit betre grunnlag for det vidare strategiske arbeidet.

— Men deler du frustrasjonen slik den blei uttalt på styremøtet?

— Det er alltid ei samla vurdering når ein takkar nei til ei slik viktig og interessant oppgåve som eit slikt styreverv er, men eg medgir at det det har vore krevjanden som eksternt styremedlem å forholde seg til høgskulens prosessar. Eg kjenner at eg no ikkje har meir å bidra med, og det er heilt klart avgjerande når eg no takkar nei til ein eventuell ny styreperiode. Det er jo departementet som oppnemner, understrekar Østensjø.

Østensjø er tidlegare direktør ved Høgskolen i Stavanger/Universitetet i Stavanger og har ifølge oversikten frå UiS takka ja til å eventuelt bli styremedlem der.

Skeide: For omfattande drøftingar

Nils P. Skeide er også sittande ekstern styrerepresentant. Han var ikkje tilstades på styremøtet sist veke, der dei mellom anna diskuterte struktur og fusjonar. Det var Oddbjørn Følsvik som stilte som Skeide sin vara.

Min frustrasjon har vore for omfattande saksdrøftingar som ikkje nødvendigvis gir gode grunnlag for avgjerder.

Nils Petter Skeide

— Kvifor seier du nei til ein ny styreperiode? Skuldast det frustrasjon slik Heggem beskriv det?

Skeide svarar på tekstmelding:

— Eg var ikkje i styremøtet sist og er usikker på kva som er sagt. Årsaka til eg ikkje tar nytt val er at dette er eit tidkrevjande verv som ikkje går ihop med jobben min i dag. Som eksternt medlem i eit institusjonsstyre krevst særs mykje saksførebuing, skriv han, og legg til:

— Min frustrasjon har vore for omfattande saksdrøftingar som ikkje nødvendigvis gir gode grunnlag for avgjerder. Eg ser også at det å få til endring er krevjande i denne typen styrer. Det er mogleg at det ligg i institusjonen sin natur. Men i dei selskapsstyra eg har erfaring frå, blir ulik kompetanse blant medlemmane utnytta betre, svarar Skeide.

Kristin Sørheim som er tredje faste representant som har takka nei til fire nye år, svarar at hennar grunn først og fremst er at ho ikkje har tid. Men ho legg også til:

— Eg er ikkje usamd med Heggem i det som gjelder roller, seier ho.

Det har vore diskusjon rundt eksterne styremedlemmar tidlegare i Volda.

I 2017 hadde tidlegare rektor, og no vikarierande direktør, Per Halse eit innlegg i Khrono om politisk styring, der han kritiserte Kunnskapsdepartementet for å plukke styrekandidatar utanfor akademia og utanom dei kandidatane høgskulen sjølv foreslo.

Ekeland forundra over frustrasjon

Tilsettrepresentant og førsteamanuensis i voldastyret, Tor-Johan Ekeland, kjenner seg ikkje personlig igjen i at folk mistrivst i styret.

— Eg blei litt forundra over at alle dei eksterne har takka nei til nye nominasjonar, men eg merka mer uttalelsen og blei litt overraska, seier Ekeland.

— Eg synest ikkje at det har vore misstemning i styret, men det har vore ein del uro, og i struktursaka har vi vore litt handlingslamma på mange måtar, seier han.

Ekeland meiner at styret venta for lenge på avgjerd om den såkalla alliansemodellen som høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer prøvde å få gjennomslag for i Kunnskapsdepartementet.

Det blei februar 2016 før det endelege avslaget frå departementet kom.

Ein dristig seilas

— Eg meiner at Molde, Volda, Ålesund og Sogndal kunne ha vore ein god konstellasjon, men der kom vi for seint på banen, seier Ekeland.

Resultatet blei at Høgskulen i Ålesund forsvann til NTNU, Sogndal blei en del av Høgskulen på Vestlandet og Molde og Volda står enno aleine igjen.

Ekeland seier at han har inntrykk av at stadig fleire tilsette ved Høgskulen i Volda etterkvart ønsker å diskutere fusjon.

— Aleinegang er ein dristig seilas, seier han.

— Men kva med deg sjølv? Du har ein periode i styret bak deg, stiller du til val for fire nye år?

Sjølv vil eg berre seie at eg er veldig nøgd med dagens styre.

Johann Roppen

— Nei, eg er snart 70 år og har tenkt å bruke tida på andre ting, seier Tor-Johan Ekeland.

Roppen veldig nøgd med styret

Rektor sjølv seier i en kommentar til frustrasjonane hjå dei eksterne styremedlemmane:

— Eg merka meg at Terje Heggem brukte ordet frustrasjon når han omtalte kvifor dei eksterne styremedlemmane ikkje ønsker ein ny periode. Sjølv vil eg berre seie at eg er veldig nøgd med dagens styre. Vi har åpenhjartige diskusjonar, medlemmane kjenner godt til både nærregionen og akademia. Eg har vanskeleg for å sjå for meg eit betre styre, seier han og legg til:

Johann Roppen, rektor og styreleiar ved Høgskulen i Volda. Foto: HiVolda

— Vi hadde ei styreevaluering for eit par år sidan, då ringde det ingen alarmklokker. Men eg tenkjer vi skal ha ei ny evaluering i neste møte, så får vi høyre, seier rektor og styreleiar Roppen.

Det har vore diskusjon rundt eksterne styremedlemmar i Volda også tidlegare.

I 2017 hadde tidlegare rektor, og no vikarierande direktør, Per Halse eit innlegg i Khrono om politisk styring, der han kritiserte Kunnskapsdepartementet for å plukke styrekandidatar utanfor akademia og utanom dei kandidatane høgskulen sjølv foreslo.

I møtet 7.mars i år foreslo administrasjonen at styert i Volda frå neste perioden skulle gå ned til ni medlemmar, heller enn dagens 11. Grunngjevinga var mellom anna at prorektor ikkje lenger ville ha røysterett i styret. Men her trong ikkje styret lang tid før dei var nesten heilt samstemte: Forslaget blei i ei prøverøysting røysta ned med 10-1. Berre rektor Johann Roppen stemde for. I den endelege avrøystinga var alle samstemte. Det blir framleis 11 personar i styret i Volda.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS