Dei 163 psykologi-studentane frå ELTE-universitetet i Ungarn har tapt mot staten i søksmålssaka. Foto: Ketil Blom Haugstulen

ELTE-studentane tapte mot staten

Autorisasjon. Dommaren i Oslo tingrett har konkludert — dei 163 studentane frå ELTE-universitetet i Ungarn har tapt mot staten i søksmålssaka.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Etter å ha brukt nesten tre veker på å vurdere alle bevis i saka, har dommar Sven Olav Solberg avslått søksmålet til dei 163 studentane frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn.

Avslagsvedtaka som studentane har fått på sine søknader om lisens og autorisasjon i Noreg er gyldige, konkluderer dommaren.

Tingrettssaka varte i heile åtte dagar. Den inneheldt mange følelsar, tre partsforklaringar og 13 vitneforklaringar. Mykje stod på spel, ikkje berre for dei inolverte, men også fordi den hadde ein prinsipiell verdi utover denne konkrete saka. Dersom saksøkarane fekk medhald, kunne saka truleg skape presedens for liknande saker, ifølgje saksøkarane sin advokat, Per Andreas Bjørgan.

Sjå dommen her

Saksøkt

Årsaka til at dei 163 studentane endte opp med å saksøke staten var på bakgrunn av ei praksisendring Helsedirektoratet gjorde i 2016.

I 13 år før saksøkarane vart uteksaminerte, så har studentar med master i klinisk- og helsepsykologi frå ELTE-universitetet fått innvilga lisens i Noreg. Dei har jobba i eitt til to år under rettleiing på lisens, for deretter å bli autoriserte psykologar.

I 2016, basert på nye opplysningar frå ungarske styresmakter som tilsa at ELTE-kandidatane ikkje var utdanna til det same yrket som ein norsk psykolog, endra Helsedirektoratet praksis. Sidan har dei uteksaminerte studentane fått avslag på sine søknader om både lisens og autorisasjon.

Målet til saksøkarane var å få retten til å slå fast at avslagsvedtaka er ugyldige. Staten står på sitt og hevdar dei er gyldige. Dommar Solberg gir staten medhald.

Tvisten

Hovudspørsmålet retten skulle ta stilling til lydde slik, ifølgje rettsboka

«Har saksøkarane krav på å bli autoriserte som «psykolog» i Noreg etter fullført masterutdanning i psykologi ved ELTE-universitetet i Ungarn jf. helsepersonellova § 48a bokstav b) jf. yrkeskvalifikasjonsdirektivet artikkel 13 nr. 2. Eventuelt etter kompenserande tiltak jf. yrkeskvalifikasjonsdirektivet artikkel 14.»

Forståinga av helsepersonellova, men kanskje spesielt EU-direktivet om yrkeskvalifikasjonar, som Noreg er forplikta til å følgje gjennom EØS-avtalen, vart det som stod sentralt i tvistesaka.

Den store juridiske tvisten dreide seg om saksøkarane er utdanna til det same yrket som ein norsk profesjonsutdanna psykolog. Og med det same yrket, meiner dei at ferdigutdanna i Ungarn og i Noreg skal kunne utføre dei same arbeidsoppgåvene, som er utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar.

Hovudargumenta i saka

Advokatane til saksøkarane hevda at dei 163 saksøkarane er utdanna til det same yrket og at ein difor, ut i frå føresegner i yrkeskvalifikasjonsdirektivet, kunne treffe eventuelle kompenserande tiltak, dersom saksøkarane hadde mindre manglar i utdanning eller kvalifikasjonar.

Saksøkarane har bachelor og ei mastergrad, altså ei fem-årig utdanning, medan norske profesjonsutdanna psykologar har ei seks-årig utdanning. Partane er samde om at ELTE-kandidatane har manglande praksis.

Difor meinte saksøkarsida at eit naturleg kompenserande tiltak var å vende tilbake til gammal praksis, å gi saksøkarane rett på lisens og dermed rettleia praksis i eitt år, før dei kunne søke om autorisasjon.

Staten meinte på si side at ELTE-kandidatane ikkje var utdanna til det same yrket, fordi dei ikkje har rett til å yte helsehjelp sjølvstendig før etter eit vidareutdanningsløp.

Regjeringsadvokatane hevda ELTE-kandidatane har så store manglar, som i tillegg til praksis også dreier seg om kurs og studiepoeng i klinisk teori og ferdigheitstrening, at dei ikkje lét seg reparere med eitt års rettleia praksis på lisens. Difor meinte dei at avslaga var gyldige.

Dommar Solberg har landa på den same konklusjonen. Men dommen er ikkje rettskraftig før ankefristen til lagmannsretten løper ut. Ankefristen er ein månad.

Dette skriv dei i dommen

Om skilnaden mellom den norske utdanninga og utdanninga frå Ungarn skriv retten i dommen at dei alt i alt meiner «differansen overstiger 'identical or analogous or, in some cases, simply equivalent in terms of the activities they cover' – på norsk tilsvarende, likeverdige eller sammenlignbare, når yrkesaktivitetene man kan gjøre i kraft av mastergrad i psykologi fra Ungarn, ikke når opp til den selvstendighet i den kliniske yrkesutøvelsen som er sentralt for en norsk psykolog jf. forarbeidenes definisjon.»

Dei skriv også at «momentet selvstendighet naturlig bør tillates vektlagt i vurderingen av «samme yrke», da graden av selvstendighet, og tilsvarende graden av ansvar, i alminnelighet er et sentralt element i et yrke».

Seinare i dommen heiter det at retten ikkje kan sjå at Statens helsepersonellnemnd «har tatt feil rettslig utgangspunkt, eller anvendt faktum feil, i sin vurdering av «samme yrke» etter yrkeskvalifikasjonsdirektivet som gjennomført i norsk rett. Retten ser følgelig heller ikke grunnlag for å kjenne vedtakene ugyldig».

Får ikkje erstatning

Studentane reiste også krav om erstatning. Sjølv om staten har gått over fristen for sakshandsaming avviser retten kravet om erstatning. Dei skriv dette om kravet:

«Det fremgår av det ovenforstående at staten så langt blir å frifinne. I tilknytning erstatningskravet, foreligger da ikke ansvarsgrunnlag på objektivt eller subjektivt grunnlag knyttet til innholdet i myndighetsutøvelsen. Det er på det rene at staten har oversittet saksbehandlingsfristen på 4 måneder som følger av yrkeskvalifikasjonsdirektivet art. 51 for 36 av gruppen på 163 saksøkere. Da retten er kommet til at vedtakene er gyldige, er det uansett ikke årsakssammenheng mellom oversittet saksbehandlingsfrist og realskaden – forsinket yrkeskarriere for saksøkerne. Staten blir etter dette å frifinne også for erstatningskravet».

Dei må derimot ikkje betale sakskostnader. Retten skriv mellom anna at «saken av velferdsmessig betydning for saksøkerne, og styrkeforholdet mellom partene er stort. Dette gjelder særlig om man ser enkeltpersonene i gruppen på saksøkersiden, holdt opp mot staten som motpart. Dette er imidlertid også bildet om man ser på gruppen under ett. Gruppen består av nyutdannede i etableringsfasen, som har fått en noe uventet vanskelig start på sin yrkeskarriere».

Dei konkluderer med at «det foreligger slike tungtveiende grunner at saksøkerne kan og bør fritas for erstatningsansvar for motpartens sakskostnader».

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS