Elisabeth Ivarsflaten, professor i statsvitskap. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Ønsker meir forsking på terror og ekstremisme

Eit ekspertutval meiner det trengs meir forsking på ekstremisme, terrorisme og radikalisering i Noreg. Forskingsrådet ønsker å utvida satsinga gjennom eksisterande program. 

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

På oppdrag frå Forskingsrådet har eit ekspertutval utarbeidd ein rapport for framtidig forsking på ekstremisme, terrorisme og radikalisering. Det er nyleg oppretta eit eige Senter for forsking på høgreekstremisme (C-REX) - omen utvalet meiner dette ikkje er nok, skriv På Høyden.

Les også: 

Enorm pågang

— Det har vore eit veldig interessant arbeid. Det var veldig tydeleg at dei som sat i utvalet på forskingssida, hadde alle opplevd ein enorm oppgang i etterspurnad frå samfunnet om temaet. Både frå media, forvalting, regjering og når det gjaldt undervising. Dei opplevde at det var ein etterspurnad etter kunnskapen som miljøa ikkje var skalert for å møta, seier leiar for ekspertutvalet, professor Elisabeth Ivarsflaten ved Universitetet i Bergen, og legg til: 

— Det har i lang tid ikkje vore satsa på feltet, og Forskingsrådet har erkjent det.

Ivarsflaten er forskar ved Uni Rokkansenteret og har jobba mykje med korleis offentlege styresmakter handterar terrorangrep.

Med i utvalet var også representantar frå Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunanes Sentralforbund (KS). 

Her kan du lese hele rapporten.

Sikra demokratiet

— Me har laga eit dokument som eg håper viser noko av kunnkapsbehovet som finst. Målet er å laga eit dokument som kan stå seg over tid. Det er vanskeleg i eit felt som er veldig prega av hendingar og som får stor merksemd i samfunnet akkurat no. Me har prøvd å finna ut kva kunnskap me framleis vil trenga om ti år. Me går ganske ambisiøst til verks og seier at målet for forskinga overordna sett, er å ha kunnskapen som trengs for å sikra eit sterkt og trygt demokratisk samfunn, seier Ivarsflaten (bildet).

(Foto: På Høyden)

Viktig med fleire miljø

 

UiB-professoren understreker at det er eit område som har ulike innfallsvinklar.

— Me legg også vekt på at det er eit forskingsfelt som kan ha noko fagleg usemje som kjenneteikn. Ikkje berre når det gjeld årsakssamanhengar, men definisjonar og avgrensingar. Det ligg i saka sin natur. Kva er ekstremisme, kva er ein terrorist? Dette er omgrep som det er naturleg at det vert knytt fagelg debatt til - noko anna hadde vore uheldig. I eit godt demokrati skal det vera rom for faglege brytning rundt dette, meiner professoren.

Ivarflaten fortel at dei nettopp på grunn av dette har vore opptekne av at det bør finnast fleire miljø som forskar på tema.

– Ulike tilnærmingar kan vera veldig bra, seier ho. 

Utvalet trekker også fram at teknologiperspektivet er viktig.

— At fagmiljø får høve til å trekka inn teknologiske endringar, og korleis det får betyding for terror, ekstremisme og radikalisering, er det stort behov for. 

Les også: 

Forskingsrådet ønsker å satsa meir

Forskingsrådet ønsker meir middel til å få forskinga på plass. 

– Det blir eit satsingsområde, men det blir ikkje eit eige program fordi tematikken er sopass brei. Me har gode program i dag kor me kan inkludera ekstremismeperspektivet inn i dei temaa som allereie eksisterer, seier spesialrådgjevar i Forskingsrådet, Nina Therese Maubach, og legg til: 

– Me tenker særleg på programmet for samfunnssikkerheit. I dag har det stor tyngde på samfunnssikkerheit som er knytt til vern mot naturkatastrofar og ulukker, og ikkje vondsinna handlingar. Me ønsker å utvida programmet til å handla meir om ekstremisme, terrorisme og radikalisering.

Dette programmet vil bli eit ankerfeste, fortel Maubach. I tillegg er utdanningsprogrammet, DEMOS (Demokratisk og effektiv styring, planlegging og forvalting) og SAMKUL (Samfunnsutviklinga sine kulturelle føresetnader) program kor ein også ønsker å ta inn desse problemstillingane.

Avventar budsjettforhandlingane 

— Me er avhengige av at departementa som finansierer programma godtek at me utvider perspektiva i dei. Me får ikkje veta noko før i oktober, men det ligg inne i budsjettforslaget frå Forskingsrådet å styrka dette feltet. Det er klart at me gjennom formuleringar i utlysingar kan vri innsatsen innanfor nullvekst, men det vil ikkje vera nok til at det verkelelg monnar, seier Maubach.

Les også: Glad for å få Senter for forskning på høyreekstremisme til UiO

Det har i lang tid ikkje vore satsa på feltet, og Forskingsrådet har erkjent det.

Elisabeth Ivarsflaten

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS