Rektor på Nord universitet, Bjørn Olsen, får eit år på å betre kvaliteten betydeleg. Foto: Nicklas Knudsen

Må betre kvalitet for framleis å vere universitet

Nord universitet slit med å oppnå kvaliteten dei må ha for å kunne halde fram som universitet. NOKUT gir dem eit år på å omstille seg før det blir tilsyn i 2018 og eventuell ei revurdering av universitetsstatusen etter det.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kunnskapsdepartementet har stilt nye og strengare krav til universitetsstatus. Nord universitet, som består av fusjonerte Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna og tidlegare Høgskolen i Nord-Trøndelag har utfordringar med å fylle desse kriteria, viser NOKUTs innleiande tilsyn av universitetsstatusen.  

NOKUT gir universitetet no høve til å betre seg, fram til 2018. Da skal Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) gjennomføre eit ordinært tilsyn om kvalitetssystem. På bakgrunn av dette vil dei så igjen vurdere om universitetsstatusen skal re-akkrediterast, det vil seie om universitetsstatusen ved Nord universitet skal falle bort. 

Omfattande krav

Og det er ikkje lite dei sakkunnige i NOKUT ber om: 

— Nord universitet har ein omfattande studieportefølje, truleg med ein god del overlapping. For nokre av fagområda, på fakultetsnivåa og på studiestadene, er det kritisk låge tal for akademisk kompetanse. Universitetet opplyser at dei har som mål at porteføljen som blir kunngjord for 2017 skal gi uttrykk for eit samordna universitet. Vi ser fram til resultata av dette arbeidet, seier NOKUT-direktør Terje Mørland.

Arbeidet med vurdering av studiestadene er enno ikkje starta, men vi må igang med det.

Bjørn Olsen

Det er likevel ikkje slik at ein fusjon automatisk bidrar til betre kvalitet.

Terje Mørland

Etter fusjonen består Nord av ni studiestader: Nesna, Helgeland/Mo i Rana, Sandnessjøen, Vesterålen, Bodø, Namsos, Levanger, Steinkjer og Stjørdal.

Dei sakkunnige trekkjer fram at ein fusjon er meir enn berre å samordne studiestadene ved dei to høgskulane og universitetet som no utgjer Nord universitet. For å auke kompetansen til universitetsnivå må det óg leggjast vekt på å byggje ein felles universitetsidentitet og -kultur. 

Sjå: Dei sakkunniges rapport

Dei sakkunnige tilrår Nord universitet å vektleggje fagleg styrke, utvikling og konsolidering på nokre sentral punkt:

  • av studiestader og studieportefølje
  • av fagmiljø og FOU-produksjon
  • for å oppnå ei heilskapleg kulturutvikling for universitetet

Same strategi som NOKUT

Rektor Bjørn Olsen seier til Khrono at NOKUT sine merknader i stor grad fell saman med dei viktigaste utviklingsoppgåvene som Nord universitet har.

— Eg er også glad for at NOKUT no har tillit til dei prosessane vi allereie har sett igang. Vi skal lage eit nytt kvalitetssystem og og ei ny handbok. Vi er i gang med ein gjennomgang og samordning av studieporteføljen og vi skal ta ei vurdering av studiestadene, seier han. 

— Når du seier at de skal vurdere studieporteføljen og studiestadene, så betyr vel det at det skal bli færre studier og færre studiestader? 

— Det er mange vanskelege prosessar og avgjerder vi skal ta framover ved Nord universitet. Samordninga av studieporteføljen skjer utifrå ein SEFØ-modell (strategi, etterspørsel, fagmiljø og økonomi). Arbeidet med vurdering av studiestadene er enno ikkje starta, men vi må igang med det. Det same må vi med adminstrasjonen og effektiviseringstiltak der, seier rektor Olsen.

Politisk støtte 

Samtidig som han er klar på at universitetet sjølve skal gjere sitt, så minner han om at dei treng støtte frå styresmaktene. 

— Fusjonen var ein politisk styrt og villet prosess. Og eg forventar at vi vil få drahjelp og auka ressursar frå departement og Storting til å gjennomføre, mellom anna eit stort kompetanseløft som må til, seier Olsen. 

Nord universitet har lagt planar om opprykk og kompetanseløft for 100 tilsette for å komme opp på ein større del tilsette med førstekompetanse. Men dette kostar mykje. 

Les også: Omfattende planer om opprykk for over 100 tilsatte

— Synest du NOKUT gir deg god nok tid til omstilling fram til 2018? 

— I 2018 er det tilsyn på kvalitetssystemet som skal skje, seier Olsen. 

— Og etter resultata her skal dei så vurdere om universitetsstatusen kan halde fram. Er du redd de kan kome til å miste den om 3-4 år? 

— Eg og alle her ved Nord universitet er klare for å gjere alt vi kan for at det ikkje skal skje, seier Olsen. 

Skjerpa oppfølging

Tilsynet som no blir varsla er ein del av den periodiske oppfølginga av Nord universitet.

— Nord universitet var allereie på lista over institusjonar som NOKUT skulle føre tilsyn med i 2018.  Resultata frå tilsynet med det systematiske kvalitetsarbeidet vil så avgjere om det er behov for å gjennomføre ei revidering av deira akkreditering som universitet, forklarar Terje Mørland (biletet).

NOKUT trekker fram at Nord universitet gjennom førebuingane av arbeidet med ny strategi og organisasjonsmodell har Nord universitet vist evne til å finne konstruktive og samlande løysingar så langt.

— Nord universitet får no tid til å sluttføre prosessane dei har begynt på for å samle dei fusjonerte einingane og å utvikle seg vidare til eit heilskapleg universitet på eit tilfredsstillande nivå. Vi forventar å få god dokumentasjon på resultata av prosessane allereie gjennom tilsynet med det systematiske kvalitetsarbeidet, seier NOKUT-direktør Mørland. 

Andre fusjonerte må auke kvaliteten

Mørland har i pressemeldinga samstundes ein bodskap til andre fusjonerande institusjonar: 

— Strukturprosessane i høgare utdanning er sett i gang med eit mål om å styrke kvaliteten ved institusjonane. Det er likevel ikkje slik at ein fusjon automatisk bidrar til betre kvalitet. Det er bakgrunnen for at vi sette i gang eit innleiande tilsyn ved Nord universitet. NOKUT følgjer difor nøye med på dei institusjonane som no har fusjonert eller som har planar om å fusjonere.

— Nord universitet har vore gjennom ein stor omstillingsprosess. Eit heilskapleg systematisk kvalitetsarbeid ved institusjonen er ikkje på plass enno. Vi varslar derfor om eit tilsyn i 2018 av dette systematiske kvalitetsarbeidet. Vi følgjer dermed rådet til dei sakkunnige om å vente med ei revidering av universitetsstatusen, seier NOKUTs direktør Terje Mørland, i ei pressemelding frå NOKUT.

Saken er behandla på styremøtet i NOKUT torsdag 8. desember.

Sjå: NOKUT-styret sitt vedtak

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS