Professor Stein Sandven skal leie det EU-støtta prosjektet INTAROS. Foto: Ida Bergstrøm

150 millionar til Arktisforsking

— Det er ei utfordring å varsle kva som vil skje med klimaet i Arktis i framtida, seier professor Stein Sandven ved Nansensenteret. Han har fått 150 millionar av EU-prosjektet Horisont 2020 for å forske på Arktis.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Har forskarane det som skal til? Kan dei gjere forsking som samfunnet treng? Har dei stødige samarbeidspartnarar? Erfaring? Visjonar?

Dette er nokre av spørsmåla  EU sitt panel stiller når dei vurderer søkarane til ei utlysing. Konsulentane har ein bunke søknader på bordet. Sterke, internasjonalt anerkjente miljø knivar om dei same Euro-millionane.

Då søknaden frå Nansen-senteret kom på bordet, svarte panel-medlemmane “ja” på alle dei viktige spørsmåla.

— Vi fekk 14 poeng av 15 moglege, seier professor Stein Sandven til På Høyden. Han arbeider med oseanografi og polar akustikk, og har tidlegare vore direktør ved Nansensenteret.

Internasjonalt samarbeid om arktisk klima

Det er ei utfordring å modellere og varsle kva som vil skje med klimaet i Arktis i framtida. Vi veit ikkje sikkert kva konskvensane av auka oppvarming og smelting av isen vil vere.

Stein Sandven

Dei kommande fem åra skal Stein Sandven koordinere forskingsprosjektet Integrated Arctic Observing system (INTAROS), som skal bygge eit betre observasjonssenter i Arktis.

INTAROS -prosjektet vil få over 15 millionar Euro frå EU sitt rammeprogram Horisont 2020. Det tilsvarer omlag 150 millionar kroner.

Saman med partnarar ved UiB og Havforskingsinstituttet, samt i 47 andre land, skal forskarane arbeide for å få meir kunnskap om det arktiske miljøet.

Nansensenteret er rigga for store prosjekt

Det isdekte området i nord er sårbart. Vi har høyrt at dersom det blir varmare på jorda, vil dette kunne forårsake store endringar for livet i havet, på land og i lufta. Men kva vil konsekvensane vere? Kan ein måle endringar i det arktiske miljøet, kan ein lettare få kunnskap om kva det er som held på å skje. Kan ein lage eit integrert system for å samle inn og systematisere data, kan forskarane gje betre varslingar om konsekvensane av klimaendringar.

Forskarane ved Nansen-senteret har gjennom mange års arbeid bygd opp ekspertise og ein organisasjon som gjer dei rusta for slike store prosjekt.

At dei hadde infrastrukturen på plass, kan ha vore utslagsgjevande for at dei fekk tildelinga, meiner Lasse Pettersson, markedsdirektør ved Nansensenteret.

— Det er ei utfordring å modellere og varsle kva som vil skje med klimaet i Arktis i framtida. Vi veit ikkje sikkert kva konskvensane av auka oppvarming og smelting av isen vil vere, seier Stein Sandven.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS