Statsminister Erna Solberg erklærte Bjerknessenteret for opna i Bergen onsdag føremiddag.

Bjerknessenteret kom i hus etter 15 år

Publisert

Endeleg vart Vestfløyen på Geofysen opna, og Bjerknessenteret får fleire forskarar under same tak. 

– Det gleder meg å kunna stå her å konstantera at 15 års venting er over. Heilt sidan Bjerknessenteret blei eit senter for fra framifrå forsking i 2002, har det vore planar om å samlokalisera klimamiljøet i Bergen. No er planane endeleg blitt til verklegheit, og her har me klimaklynga i Bergen, sa Statsminister Erna Solberg.

Solberg stod for snorklippinga under opninga av den nyrenoverte Vestfløyen på Geofysisk institutt. Forskarar frå Bjerknessenteret og Uni Research klima blir samla i det nye bygget - og Geofysen blir sentrum i klimaklynga. 

Les også: Røe Isaksen kom til Bergen med pengar

– Eit av dei viktigaste måla med regjeringa sin forskingspolitikk er å skapa verdsleiande forskingsmiljø. Me ønsker oss fleire forskarar som er heilt i toppen på sitt fagfelt. Det har de allereie klart. De tilhøyrer den eksklusive gruppa av framifrå norske fagmiljø, sa Solberg i sin tale.

Spreidd på mange bygg

Over 200 forskarar frå 38 ulike land er tilknytta Bjerknessenteret. Leiar, Tore Furevik (bildet), er glad for å få fleire av dei samla. 

– Eg synest det er kjempeflott at denne dagen har kome. Me har vore spreidd på veldig mange bygg og til dels dårlege lokale. No er me endeleg samla. Berre det at folk møtast i kaffikrokar og lunsjrom skapar syngergiar og me får meir ideutveksling. Eg trur dette betyr mykje for forskinga. Det er gjennom dei uformelle samtalane at dei nye ideane blir klekka ut, seier Furevik.

– Det er berre plass til om lag halvparten av forskane i vestfløyen. Korleis er det?

– Det er klart at for ti eller fem år sidan ville me hatt plass til heile Bjerknessenteret her, men noe er det berre halvparten fordi me har vakse så veldig. Og me vil nok framleis vera spreidd i veldig mange år. Ein grunn er at spesielt miljøet på geovitskap har store laboratorium, og det vil det ikkje vera plass til her, seier Furevik. 

– Meir forsking saman

Anne Moreé og Petra Langebroek frå Nederland er blant forskarane som flyttar inn i Vestfløyen. Dei sat tidlegare i to ulike bygg, men jobbar mellom anna begge med klimamodellering.

– Det er fantastisk fint her, og det blir mykje lettare å samarbeida no. Det sosiale vil også bli betre no som me er under same tak, seier Moreé.

Dei håpar dette vil gje resultat. 

– Når me blir betre kjende, er det også mykje lettare å koma opp med nye idear og få til meir forsking saman, seier Langebroek.  

 

F.v.: Petra Langebroek og Anne Moreé. Foto: Tor Farstad

Ventar på utgreiingar

På spørsmål om kva regjeringa vil gjera for å få få på plass fleire klynger i Bergen, som marin og helse, svarer Solberg:

– Eg synest det er spennande, men me ventar for det første på ei konsekvensutgreiing om ei marin klynge, og me kan ikkje seia så mykje før kostnadane blir klare. Det er godt med fine visjonar, det er mykje bra i  dette, men me må også veta kva det kostar, seier Solberg, og legg til: 

– Eg er veldig opptatt av ein ting, og det er at me må bruka mest pengar på kvalitet og innhald, og det som skapar resultat. Me bruker mykje pengar på bygg, men me må faktisk bruka mykje pengar på innhaldet også. Viss ein heilt ukritisk spring etter dei nye prosjekta vil det i praksis bety at me får mindre pengar til det me verkeleg trenger, nemleg høg kvalitetsmessig forsking. Men det er spennande prosjekt, og me må altså venta å sjå.

Den nyrenoverte vestfløyen ligg til venstre i bildet. Foto: Tor Farstad

Powered by Labrador CMS