Ein kjøper ikkje aksjar i selskap ein ikkje har tru på. Ved UiB er det Storebrand som forvaltar dei UiB-relaterte fonda sine investeringar, som er på omlag ein halv milliard kroner.

Universitet verda over sel seg ut frå olje, gass og kol. Bør UiB gjere det same?

To tusen institusjonar verda over har kvitta seg med aksjar i selskap som driv med olje, kol og gass. Blant dei finn vi 37 universitet. – Alle delar av den fossile næringa går dårleg. No er vi kanskje kome dit hen at vi ikkje treng ei etisk grunngjeving for å velje å investere i fornybar-energiselskap framfor andre selskap, seier professor Peter M. Haugan.

Universitetet i Stockholm har vedteke ein ny investeringspolitikk. Frå no av vil styret ikkje lenger tillate at pengane dei eig blir investerte i fossile brennstoffkjelder.

– Med tanke på kor sentrale klima- og miljøspørsmål er både i forskinga og utdanninga  vår, og med tanke på det miljøarbeidet vi driv på mange felt, har dette spørsmålet hatt ein viktig symbolverdi, skriv rektor Astrid Söderbergh Widding på rektorbloggen til Stockholms universitet.

Omstillinga til fossilfrie pengeinvesteringar skal starte umiddelbart.

Push your own communities to adopt smarter practices. Invest. Divest. Remind folks there’s no contradiction between a sound environment and strong economic growth. Barack Obama, president

– UiB bør avinvestere
Eline Aresdatter Haakestad er leiar for Grøne Studentar Bergen. Ho skulle ønskje at UiB kunne følgje Stockholms eksempel.

– Omstillinga til fornybar-samfunnet må skje no. Då er det å flytte pengane sine eit steg i riktig retning, seier Eline Aresdatter Haakestad til På Høyden.  

Ho meiner det bør vere enkelt å plassere pengane i grøne fond.

– På sikt vil det løne seg å investere i ikkje-fossil-kjelder, seier Eline Aresdatter Haakestad.

Ho seier UiB også har eit betydeleg etisk ansvar for å bidra til at samfunnet tek skiftet frå fossil til fornybar energi.

– UiB har også eit etisk ansvar, noko også NENT-fråsegna gjorde tydeleg. Dei bør avinvestere.

Oxford og Oslo har flytta til grønare fond
Ti britiske universitet har også avinvestert. Dette skriv den britiske avisa The Guardian.

Dei ti britiske universiteta har dermed slutta seg til den internasjonale rørsla kalla divest-movement, som har som mål å få flest mogleg til å selje seg ut av karbon-selskap.

I november var det over to tusen institusjonar på verdsbasis og over fire hundre personar som aktivt har selt seg ut frå investeringar relatert til fossile energikjelder, skriv The Guardian.  Ifølge GoFossilFree er det 37 universitet som har valt å flytte pengane sine til grønare marknader. Nokre av dei har valt å selje seg ut frå selskap som driv med tjæresand og kol, andre har tatt ein full avinvestering. Blant førstnevnte er Oxford University i Storbritannia, Stanford University i USA og Lund Universitet i Sverige.

– UiB har også eit etisk ansvar, noko også NENT-fråsegna gjorde tydeleg. Dei bør avinvestere

Oslo kommune står også på lista til GoFossilFree.org, som gir ei ikkje uttømande oversikt over institusjonar, organisasjonar og byar som har valt å flytte pengane sine ut av karbon-selskap.

Også København by gjekk i november i fjor ut av den fossile sektoren.

– Det gjev ikkje meining at ein arbeider iherdig for eit politisk vedteke mål om å bli CO2-nøytral, og samtidig tener pengar på investeringar i kol, olje og gassindustrien, seier Frank Jensen, overborgarmeister i København til den danske avisa Information.dk.

Peter M. Haugan, universitetsstyrerepresentant, professor og leiar av nystarta EnergiLab tok for to år sidan til orde for at universitetsstyret skulle bli informert om kva etiske retningslinjer som gjaldt for fonda som er relatert til UiB.  

Dette var i forlenginga av ein lengre debatt om dei etiske aspekta ved petroleumsrelatert forsking som hadde pågått ved UiB. Aksjonen Fossilfritt UiB oppmoda leiinga om trekke UiB sine resurssar, faglege som økonomiske, ut av aktivitetar som kunne bidra til å forlenge utvinning av fossile brennstoff. Debatten fekk Dag Rune Olsen til å be NENT (Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi) om ei avklaring på dei etiske aspekta ved oljerelatert forsking.

Kvar finn vi den nye oljen? 
Mykje har endra seg på dei siste to åra, meiner Peter M. Haugan. Den varsla omstillinga er ferd med å endre energimarknaden. Oljeprisen har sett betre dagar. Statoil har hatt store kuttrundar, og har ifølge Stavanger Aftenblad varsla at dei vil redusere talet på tilsette med mellom 1500 og 2000 årsverk i 2016.

Samtidig er fleire selskap som produserer fornybar energi er i ferd med å bli svært lønsame. Dette er noko av bakgrunnen for at universitetet i Stockholm flytta pengane sine.

– I dag er det dessutan gledeleg nok mogleg å plassere fossilfritt utan å sette hovudmålet til for fondsforvaltinga på spel; nemleg å generere avkasting som kan brukast på utdanning og forsking.
Dette sa Stockholmsrektor Astrid Söderbergh Widding i ei pressemelding då nyhenda om avinvesteringa blei publisert.

– Alle delar av den fossile næringa går dårleg. No er vi kanskje komne dit hen at vi ikkje treng ei etisk grunngjeving for å velje å  investere i fornybar-energiselskap framfor andre selskap, seier universitetsstyrerepresentant og professor Peter M. Haugan.

Han trur det kan vere pengar å tape for dei som lar investerte pengar bli ståande i gamle selskap.  

– Det ville kanskje faktisk ha løna seg å trekkje seg ut av olje, gass og kol-selskapa på eit tidlegare tidspunkt, seier Peter M. Haugan.

UiB følgjer dei etiske retningslinjene til oljefondet
I dag er det Storebrand Kapitalforvatning som tek hand om fonda som er relatert til UiB. 

Kirsti R. Aarøen, fungerande underdirektør ved Økonomiavdelinga opplyser til På Høyden at Meltzerfondet hadde ein totalkapital på 385 millionar kroner ved årsskiftet.

FOL sitt regnskap for 2015 er ikkje klart, men desse stiftingane samla har ein totalkapital på i overkant av  150 millionar kroner, skriv ho i ein epost.

– Det ville kanskje faktisk ha løna seg å trekkje seg ut av olje, gass og kol-selskapa på eit tidlegare tidspunkt

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm seier UiB har valt å følgje dei etiske retningslinjene til oljefondet. UiB gjer ikkje eigne investeringar. Både Meltzerfondet og ei rekke andre fond og legat ved UiB er eigne rettssubjekt. Det betyr at Universitetsstyret ikkje kan vedta retningsliner for eller instruere desse. 

– Kan ein enkelt seie at «No skal vi ha fossilfrie investeringar, flytt alle investeringane våre»?
– Ved UiB driv vi ikkje aktiv forvaltning av pengane i fonda, vi nyttar passiv forvalting i fondsløysingar. Kven vi skal velje som fondsforvaltar er underlagt reglar for anbod. No er det Storebrand som er forvaltar.

– Kva er UiB sin offisielle policy når det kjem til kvar ein investerer?
– Vedtaket i styret er at vi oppdaterer våre etiske reglar i forhold til Statens Pensjonsfond Utland. Vi følgjer den linja dei legg seg på.    

 

– UiB har også eit etisk ansvar, seier Eline Aresdatter Haakestad er leiar for Grøne Studentar Bergen. Ho meiner UiB bør flytte pengane sine ut frå fond som investerer i miljøskadelege verksemder. Foto: privat
Vil ein få pengar til å vekse, er det ikkje lenger ei sanning at oljeaksjar er ein innertiar. – Alle delar av den fossile næringa går dårleg, seier Peter M. Haugan. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Dette er rørsla:

  • Divest-movement er ei internasjonal rørsle som oppmodar personar, institusjonar og bedrifter om å kvitte seg med aksjar og fond.
  • Divest er i denne samanhengen det motsette av å investere.
  • Formålet er å slutte å støtte aktivitetar ein meiner er moralsk eller etisk tvilsame (som utvinning av olje frå tjæresand, kolproduksjon, våpensal osb.)
  • Pengane flyttar ein til verksemder ein ønskjer skal vekse (som vindkraft, solenergi, geotermi osb.)
  • FNs rammekonvensjon om klimaendring har offentleg gitt si støtte til rørsla.
  • To tusen institusjonar og fire hundre privatpersonar har så langt valt å kvitte seg med karbon-relaterte aksjar.

Kjelder: The Guardian, GoFossilFree.org

Dette seier Storebrand om sine eigne fond:

“Når du investerer i et Storebrand-fond, kan du være sikker på at pengene dine styres unna bedrifter som oppfører seg dårlig. Vi benytter et eget analyseteam til denne overvåkingsjobben. Disse sørger for at våre forvaltere ikke investerer i selskaper som kan knyttes til korrupsjon, brudd på arbeids- og menneskerettigheter eller produserer landminer, klasebomber, atomvåpen og tobakk, eller på annen måte driver uakseptabel forretningsførsel og som er blant de 10 % dårligste selskaper i høyrisikoindustrier.”

Kjelde: Storebrand

Powered by Labrador CMS