Lar aksjonistar sitje i dag

Publisert

Politiet vil truleg ikkje fjerne aksjonistane som hindrar anleggsstarten til SiBs nye bustadsprosjekt i dag. Men kjem dei i morgon kan situasjonen ha endra seg.

Naboar på piknik ved trestammane og ein nykreert UiB-doktor sitjande på ei grein var det som møtte entreprenøren og underleverandøren til SiB då dei skulle gå i gang med å felle trær til den nye studentbustaden og barnehagen i Jekteviksbakken i dag. 

Trass i oppmodingar om å fjerne seg frå den lovlege byggjeplassen nekta aksjonistane å flytte campingstolar, og hadde i staden tatt med seg godt med kaffi og ein kasse skillingsbollar. Kring ti aksjonistar, eit tital personar frå SiB og underleverandørar, og like mange journalistar var møtt fram for å så utfallet av den lange striden om tomten i Jekteviksbakken. 

Det er tredje gong naboar og velforening klagar på utfallet av saka til Bergen kommune og Fylkesmannen i Hordaland, men kvar gong har klagene blitt avvist. No står striden i realiteten om fem trær på andre sida av vegen, der SiB har fått pålegg om å byggje eit fortau langs tomten der det er planlagd ein park. 

SiB tok via sin advokat kontakt med politiet for å få hjelp til å gjennomføre trefellinga, og i titida kom to politimenn til staden. Etter å ha snakka med både SiB-representantar og Tormod Carlsen frå Sydnes og Nøstet vel, bestemte politipatruljen seg for å ikkje fjerne demonstrantane, men heller avvente situasjonen. Treforkjemparane ventar særleg på ei avgjerd frå fylkesmannen, som dei har anka det siste vedtaket frå Bergen kommune til. Det er usikkert når ei avgjerd frå fylkesmannen vil vere klar, men det vil truleg ta fleire dagar. Inntil vidare har altså SiB lovleg rett til å setje i gang arbeidet. 

Innsatsleiar John-Terje Skeie frå politiet opplyser at dei vil ta kontakt med partane seinare i dag. 

– Men dei blir ikkje sitjande der ei veke, seier Skeie til På Høyden. 

– Kva om dei sit der i morgon og?

– Då kan det vere at reaksjonen frå politiet blir ein annan enn i dag. 

Powered by Labrador CMS