Kristian Gundersen er einig med Thomas Hylland Eriksen i at inga forsking er heilt objektiv. Men han slår samtidig fast at «det faktum at vi ikke kan oppnå absolutt renhet er likevel ikke noe argument for å slutte å vaske seg».

Frisk professordebatt om prinsipp for forsking

To av dei mest profilerte forskarane på Universitet i Oslo, Kristian Gundersen og Thomas Hylland Eriksen, har drege i gang ein frisk debatt om forskingsprinsipp.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Biologiprofessor Kristian Gundersen meiner sosialantropologiprofessor Thomas Hylland Eriksens forsking blir filtrert gjennom det fleirkulturelle prosjektet hans. Eriksen kvitterer med at det er openbert at Gundersen ikkje veit noko særleg om han og forskinga hans, oppsummerar Uniforum.

Det er i spalta «Uviten» i Aftenposten torsdag Kristian Gundersen tar føre seg Thomas Hylland Eriksens oppfatning av at det ikkje finst fullstendig verdifri forsking. Bakgrunnen er eit lesarinnlegg Thomas Hylland Eriksen hadde i Morgenbladet 15. april i år. Og Hylland Eiksen ja han svarer i eit leserinnlegg i Aftenposten fredag.

Gundersen gir Eriksen rett i at verdisyn kan påverka alt frå valet av det ein forskar på, til metodar og tolking. Men han slår samtidig fast at «det faktum at vi ikke kan oppnå absolutt renhet er likevel ikke noe argument for å slutte å vaske seg». Etter Gundersens overtyding er det mogleg å «tilstrebe å ikke la seg påvirke av sitt politiske ståsted, eller man kan velge å la være å forske eller formidle på områder der man har veldig sterke private meninger».

Faktabasert forståing

Det som får Kristian Gundersen til å reagera er Thomas Hylland Eriksens (bilete under) meining om at den såkalla faktaorienteringa er farleg fordi den kan skapa eit inntrykk av at det finst ein nøytral, objektiv kunnskap om sosiale og kulturelle forhold som gjer det mogleg å navigera politisk utan å lata seg styra av «moralske ryggmargsreflekser (som medmenneskelighet og solidaritet) og diffust føleri» .

Gundersen synest å meina at ein akademikar ikkje bør vera intellektuell.

Thomas Hylland Eriksen

Det er veldig uakademisk, påstandar heilt utan belegg. Han verkar sint og burde ha sove på saka.

Kristian Gundersen

Dette grip Kristian Gundersen tak i og spør om det ikkje snarare er slik at å ha ein faktabasert forståing av farvatnet er det som gjer det mogleg å navigera politisk etter moral og kjensler på ein rasjonell måte. Til slutt spør Gundersen retorisk «Mener Eriksen virkelig at vi bare kan seile etter magefølelsen?» Gundersen viser til korleis utprøvinga av legemiddel ,er bygd på «blinding». Det går ut på at verken pasienten eller legen veit om pasienten har fått den nye behandlinga eller ikkje, når resultatet blir vurdert.

Manglar skilje mellom skildring og moral

Kristian Gundersen peikar spesielt på innvandringsdebatten. Etter hans meining manglar det eit skilje mellom skildring og moral på begge sider i den debatten.

«For Eriksen filtreres alt gjennom hans flerkulturelle prosjekt, og han lykkes derfor ikke med å formidle sine store sosialantropologiske innsikter på en måte vi kan ha tillit til, skriv Gundersen i Aftenposten. 

— Forskaren blir ein passiv reiskap

Det får sosialantropologiprofessor Thomas Hylland Eriksen til å fyra opp under debatten med å kritisera Kristian Gundersen for å ha sett seg for dårleg inn i vitskapshistoria. «Han karakteriserer min forskning som normativt styrt og lite tillitvekkende, og fremmer både eksplisitt og implisitt et kunnskapssyn basert på en posisjon som gjerne omtales som naiv empirisme, altså den tro at verden er tilgjengelig for direkte observasjon», skriv han i  Aftenposten fredag.

Hylland Eriksen meiner at forskaren då blir ein passiv reiskap for innsamling av data, og vitskapen er heva over samfunnsmessige interesser. Så kjem han med eit verbalt svingslag mot Kristian Gundersen: «Det er mildt sagt oppsiktsvekkende fra en mann som i kraft av sitt embete kanskje ikke kan forventes å vite stort om samfunnsforskning, men som med skam å melde burde kjenne litt til vitenskapshistorien», skriv han. Han avsluttar innlegget med å visa til at han har sendt han ei bok, og lovar å senda han to til, som svarar på dei spørsmåla som Gundersen «tror vi ikke svarer på».

— Uheldig standpunkt

Uniforum har tatt kontakt med begge dei to professorane for å høyra meir om den akademiske striden mellom dei.

— Kristian Gundersen, kvifor meiner du at Thomas Hylland Eriksen blandar sine politiske synspunkt med forskinga si i debatten om det fleirkulturelle samfunnet? 

— Han meiner vel sjølv at ein ikkje kan skilja fag og politikk og dette uheldige standpunktet var mitt anliggende i Uvitenspalten.

— I kva grad går det an å vera heilt objektiv som samfunnsforskar?

— Ein kan aldri vera heilt objektiv som forskar, men ein kan prøva. I medisin og naturvitskap har ein utvikla gode teknikkar for å skilja observatør frå observasjon.

— 68-generasjonen er problemet

— Du meiner at yngre samfunnsforskarar i dag, har sett problemet, og ikkje tar etter Thomas Hylland Eriksen når det gjeld dette. Kven tenkjer du på då?

— Vil ikkje nemna namn, men eg har vore med på ein del studentdebattar der dei manglar dei postmodernistiske skylappane til Eriksen. Det finst dessutan også eldre samfunnsforskarar med god empirisk forankring, det er særleg 68-generasjonen som er problemet, svarar Gundersen (bilete over).

— Uakademisk

— Kva synest du om svaret frå Eriksen i dagens Aftenposten?

— Det er veldig uakademisk, påstandar heilt utan belegg. Han verkar sint og burde ha sove på saka.

— Kva synest du om forskinga han har gjort?

— Eg har berre uttalt meg om Eriksens formidling, ikkje forskinga hans. Etter det eg forstår blir den rekna som god av fagfellane hans. Eg har ikkje lese originalarbeida hans. Han har sikkert heller ikkje lese mine, og eg har ikkje tenkt å senda noko til han.

— Han har sendt boka si til deg slik at du kan bli litt meir informert om han og forskinga hans. Kjem du til å lesa boka?

– Eg burde sikkert seia ja, men eg må jo nesten sjå kva det er for noko. Han vil dessutan senda meg heile tre bøker. Det er jo også eit slags debattriks han og andre har brukt før: «Kom tilbake når du har lest boka mi på 500 sider gutten min».

— Kva synest du om at to av UiOs mest profilerte forskarar har ein debatt om forskingsprinsipp i Aftenposten?

— Eg synest det er heilt topp. Eriksen og eg gjer ein viktig del av jobben vår, konstaterer Kristian Gundersen.

— Mindre engsteleg haldning

Sosialantropologiprofessor Thomas Hylland Eriksen viser til at biologiprofessor Kristian Gundersen gjerne vil engasjera han i to tema. Det første handlar om skilnaden mellom humaniora og samfunnvitskapen på den eine sida og naturvitskapen og medisin på den andre sida.

(Foto: Universitet i Oslo)

— Det handlar om kva som bør gjelda som vitskapleg kunnskap, og dette er ein gammal debatt som kanskje er mest kjent gjennom C P Snows essay om dei to kulturane. På dette området er det nok rett å seia at eg har eit noko meir pluralistisk og mindre engsteleg haldning enn Gundersen, og aksepterer at dei same fenomena kan forståast på ulike måtar — og at det kan vera bryet verdt å setja seg inn i andre sin kunnskapsproduksjon. Han burde vita at også i hans eige fag er det konkurrerande paradigme, og røyndomsforståinga har forandra seg mange gonger gjennom historia. Derfor er skråsikkerheit eit dårleg utgangspunkt for å koma vidare intellektuelt, seier Thomas Hylland Eriksen i ein kommentar til Uniforum.

— Rasehygiene

Så peikar han på den andre problemstillinga.

— Det andre spørsmålet dreiar seg om grensa mellom akademikar og intellektuell. Gundersen synest å meina at ein akademikar ikkje bør vera intellektuell sidan folk kan bli forvirra av at ein person med professortittel har synspunkt på samfunnsutviklinga og går inn for eit verdisyn. Også her er eg mindre bekymra; alle med eit minimum av sjangermedvit er i stand til å sjå skilnad på ein monografi og eit lesarinnlegg. Det er også verd å merka seg at biologar har blanda seg inn i samfunnsutviklinga på måtar som i dag blir nesten universelt fordømt, blant anna ved å slutta begeistra opp om og bidra til utviklinga av rasehygiene, understrekar Hylland Eriksen.

— Mykje forvirring

Han innser at det ikkje er alle som klarer å sjå skilnaden mellom dei ulike retningane innanfor dette forskingsområdet.

— Det er mykje forvirring på dette feltet. Enkelte trur at sosialkonstruktivisme er det same som relativisme. Men det er ikkje relativistisk å meina at til dømes pengar, nasjonar og lovverk eksisterer, sjølv om dei er sosiale konstruksjonar, slår han fast.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS