Uni Research-direktør Aina Berg skal vere med i gruppa som skal sjå på banda mellom UiB og forskingsinstituttet. UiB-rektor Dag Rune Olsen lovar at prosessen er heilt open, men fusjon er likevel eit av to alternativ. Foto: Dag Hellesund

Krev fusjon eller tettare samarbeid mellom UiB og Uni Research

Publisert

Etter at diskusjonen to gonger har blitt diskutert bak lukka dører i universitetsstyret blei dei tilsette i Uni Research endeleg informerte i går: Samarbeidet med universitetet må bli betre.

Universitetsstyret har allereie slått frå seg to alternativ, som gjekk ut på å halde fram som i dag, eller å harmonisere strategiane til universitetet og dotterselskapet Uni. Dermed gjenstår to alternativ for framtida:

1. Fleire verkemiddel for samarbeid. Då vil det trengast harmoniserte strategiar, gjennomgang av styringsstrukturen i Uni og styrke UiB sin påverknad, finne verkemiddel som kan styrke samarbeidet, og sjå om det er muleg å lage ei felles, administrativ gruppe som kan jobbe med bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet, såkalla BOA-finansiering.

2. Full fusjon. Det blir ein gjennomgang for å sjå kva typar aktivitet som kan integrerast med UiB. Ein vil òg finne ut korleis ein kan samarbeide og dele arbeidet mellom fagmiljø ved UiB og eventuelle einingar som blir overførte til Uni. Selskapet for i dag ei basisløyving på statsbudsjettet, og ein må finne ut om denne kan overførast. Prosessen i høve til CMR og andre verksemder som UiB eig må òg avklarast.

Direktør mot direktør
Prorektor Anne Lise Fimreite, viserektor Robert Bjerknes, dekan Helge K. Dahle, professor Ernst Nordtveit og førsteamanuensis Astrid Grasdal sit i gruppa som skal jobbe med saka, som skal vere ferdig i mai 2016. Tore Tungodden blir sekretær, og frå Uni Research er Aina Berg og Trond Dokken med i gruppa.

Administrerande direktør Aina Berg har allereie sagt til På Høyden at ho er imot fusjonsalternativet, medan universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har festa seg ved at resultatbasert finansiering kan gi meir pengar totalt.

Sakkar akterut på inntekter
Økonomien er ei av årsakene til at ein no ser på samarbeidet mellom Uni og UiB, strukturendringane i bransjen ein annan. Ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) har ein vedteke å fusjonere inn forskingsinstitutta NIBR og SIFO, og institutta AFI og NOVA blei ein del av høgskulen i 2014, under namnet Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA).  Sintef og NTNU greier ut om samarbeidet sitt, og det har nyleg kome ein rapport frå NIFU som peiker på ei rekke utfordringar. NIFU vil òg bli leigd inn for å analysere tilhøvet mellom UiB og Uni.

Olsen legg ikkje skjul på at ei for dårleg utvikling i BOA-inntektene til UiB er ein viktig motivasjon for å sjå på forholdet til Uni. Mens Universitetet i Oslo og NTNU har hatt ei klar auke i BOA-inntekter dei ti siste åra, har UiB berre hatt ein svak oppgang.

Hemmelege styrepapir
På allmøtet i går etterlyste dei tilsette mellom anna ein gjennomsiktig prosess om saka, for å unngå rykte og spekulasjonar. Forholdet til Uni Research har allereie gått bak lukka dører to gonger i universitetsstyret. Sakspapira frå den første saka blir framleis haldne hemmelege av universitetsleiinga. På Høyden har bedt om innsyn i dei. Papira frå den siste styresaka ligg under artikkelen.

– Ingen diskusjonar i universitetsstyret om Uni Research vil heretter vere lukka, lova Olsen dei mange frammøtte.

Har prøvd i to år
Olsen fekk òg spørsmål om ein vil sjå på sjølve UiB for å finne ut korfor universitetet sakkar akterut når det gjeld finansiering, men han kunne ikkje fortelje om ein tilsvarande prosess om dét.

– Våre val må ha faglege grunnar, og målet er at vi skal få til meir enn i dag. Vi har jobba med samarbeidsformer med Uni Research i to år, men fusjon har ikkje vore diskutert tidlegare, seier Olsen, og understrekar med det at samarbeidet ikkje har blitt godt nok gjennom desse tidlegare prosessane.

– For meg er det viktig at dei to alternativa, fusjon eller fleire virkemiddel, er likeverdige, og skal belysast. Det blir heilt galt å ta avgjerda på førehand, seier Olsen. 

Uni Research

  • Uni Research er eit forskingsselskap som er 85 prosent eigd av Universitetet i Bergen. Stiftelsen Universitetsforskning i Bergen eig resten. 
  • 75 prosent av dei 400 tilsette har doktorgrad. 
  • Selskapet omset for 400 millionar kroner årleg, og eventuelle overskot blir ført tilbake i verksemda. 
  • Uni har seks fagavdelingar: Uni Research CIPR, Uni Research Helse, Uni Research Computing, Uni Research Miljø, Uni Research Rokkansenteret og Uni Research Klima. 

Kjelde: uni.no

Powered by Labrador CMS