Lærarstudentar har ambisjonar

Lærarstudentar med ambisjonar? Det finn du på Høgskolen i Oslo og Akershus sjølv om ikkje dekan Knut Patrick Hanevik trur det, skriv lærarstudent Sunniva Braaten.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Studiebarometeret har atter ein gong kome med sine resultat som viser at lærarstudentane bruker for lite tid på studia sine. I media blir vi kritserte vi for å vere utan ambisjonar, og dekan på Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), Knut Patrick Hanevik, er einig i at studentane er for late. Kanskje Knut Patrick bør ta turen ut frå kontoret sitt og faktisk høyre med studentane?

Studiebarometeret gir inga god skildring av den tida ein lærarstudent faktisk bruker på sitt studium. I undersøkinga handlar heile eitt spørsmål om studenten sin tidsbruk. Her spør dei om kor mange timar per veke studenten i gjennomsnitt brukar på læringsaktivitetar organisert av skulen og eigenstudiar.

Eit studieår for ein lærarstudent er svært variert, og er noko av grunnen til at det er eit spennande studieprogram. Ein periode er hovudfokuset gruppearbeid og arbeidskrav, ein annan periode er det prosjektveke og obligatoriske førelesningar. Du har intensive periodar med eksamenslesing og du har praksis.

Då er det ikkje akkurat så greitt å rekne ut ei gjennomsnittsveke, uansett om du har karakteren 4 i matematikk eller ei. I praksis hender det at eg – og fleire av mine medstudentar – har «arbeidsdagar» frå 08.00 – 20.00. Då eg skreiv heimeeksamen i matematikk før jul, sat eg og eksamensgruppa mi frå klokka 07.30 – 23.30 og skreiv. Av og til går eg rett frå ein full dag med obligatorisk førelesning, til å delta på den studentarrangerte førelesninga frå linjeforeininga Kunnskapsløfterne som er eit tilbod for å supplere det faglege på lærarutdanninga. Når ein i tillegg tenker på dei som har studierelevant jobb, som til dømes lærarvikar eller assistent i skulen seier det seg sjølv at det ikkje er normalen at ein lærarstudent er lat.

Høgskulelektor Geir Martinussen og førsteamanuensis James Gray ved grunnskulelærarutdanninga på HiOA gjennomførte våren 2014 eit pilotprosjekt knytt opp mot ei større undersøking om lærarstudentane sin tidsbruk. I kronikken om pilotprosjektet «Lærerstudenter er ikke late», publisert i Aftenposten 18.08.14, skreiv dei at dei valde ut tre veker i løpet av våren, deriblant ei praksisveke, til undersøkinga.

Eg stussar over at dekan Knut Patrick ukritisk stiller seg bak dei unøyaktige tala frå Studiebarometeret, og skuldar studentane for å vere late.

Sunniva Braaten

Dei stilte blant anna spørsmål om kor mykje tid studenten brukte i førelesning, kollokviearbeid, lesing av pensum, lesing av anna relevant litteratur, leksehjelp og tid til studierelevant jobb. Det blei dermed ei undersøking som var betre tilpassa grunnskulelærarstudenten sin varierte tidsbruk. I undersøkinga kom det fram at studenten i gjennomsnitt brukar 40 timar i veka på studiet, noko som er meir tilsvarande kvardagen som lærar.

Eg stussar over at dekan Knut Patrick ukritisk stiller seg bak dei unøyaktige tala frå Studiebarometeret, og anklager studentane for å vere late. Kanskje hadde han hatt godt av ein dag i praksis, eller ein dag med eksamensarbeid. Ein av få studentar som er i jamnleg kontakt med Knut Patrick er jo meg, og inkluderer eg arbeid med studiar, studierelevant jobb og frivillige studentverv har eg ofte opphaldt meg på HiOA 50 timer i veka. Påstanden til Knut Patrick strider også imot forsking av tilsette frå eige fakultet.

Studiebarometeret sitt eine spørsmål gir ikkje eit godt nok bilde av studentane på grunnskulelærarutdanninga, og NOKUT kunne nok tatt lærdom av Martinussen og Gray. Mitt inntrykk av HiOA sine lærarstudentar er at det er mange svært kompetente og ambisiøse studentar. Studentar som sjølv tar initiativ til å forbetre eiga utdanning. Kritiske, reflekterte og kunnskapsrike studentar. Ein har jo sjølvsagt dei som kanskje sluntrar unna også, men dèt er vel sikkert dei som hadde under karakteren 4 i matematikk…

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS