Håpar på eit endeleg nei til fusjon

Som sjølvstendig høgskule er visjonen til Høgskulen i Sogn og Fjordane å skape landets mest nøgde studentar. Vil ein fusjon vera hemmande eller fremjande for denne visjonen, spør student Synnøve Bjørgum.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I desse dagar pågår det sonderingar om fusjon mellom Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Som sjølvstendig høgskule er visjonen til Høgskulen i Sogn og Fjordane å skape landets mest nøgde studentar. Vil ein fusjon vera hemmande eller fremjande for denne visjonen?

Dette er ikkje ei meining med lange utgreiingar eller rapportar i ryggen. Dette er opplevinga til ein engasjert student, som har studert ved både Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Bergen. Dette er mi oppleving av kor eg har fått best oppfølging, mest fagleg utbytte og følt at eg som student var viktigast.

Då eg skulle ta til på første året på barnehagelærarutdanninga var eg spent, spent på å studera i saftbygda Sogndal. Ville eg meistre høgskulelivet, ville eg klare å hengje med ved å lesa, ville eg bli kjend med kjekke folk i studiemiljøet og mest av alt, ville eg bestå eksamen?

Når faddervekene var over gjekk eg rett på, slik som ein alltid gjer når ein startar med blanke ark. Men så går det fjorten dagar, og entusiasmen vert meir og meir lunken for kvar dag. Senga fristar, turklea ropar og bøkene har visst hengjelås.

Men når ein er student ved Høgskulen i Sogndal er utruleg nok ikkje desse haldningane dei største utfordringane. Lærarane drog oss vidare, uansett kor mykje senga freista. Undervisninga var svært relevant, undervisningstimane var mange og lærarane var opptekne av å aktivere oss i læringsprosessen. Engasjementet mitt for og utanfor utdanninga mi fekk også blomstre, for eg klarte uansett å hengje med.

Vil eit stort fagmiljø skape landets mest nøgde studentar? Eg er skeptisk.

Synnøve Bjørgum

Slik varte dei to første åra av barnehagelærarutdanninga mi. Så flytta eg til Bergen, då Bergen med sitt mangfaldige fagmiljø kunne tilby ei fordjuping på 3. året som passa meg perfekt. Då var det uaktuelt å fortsetje i saftbygda. Bergen kunne vel ikkje være så forskjellig?

Det tok ikkje lang tid før eg forstod at Bergen var forskjellig, veldig forskjellig. No snakkar eg ikkje om byliv versus bygdeliv, men om korleis eg som student oppfattar at skulen er organisert. Det er viktig eg ikkje blir misforstått, for lærarane her i Bergen er også kjempeflinke! Når eg er i undervisninga lærer eg alltid mykje.

Men eg synst ikkje mengda er tilfredsstillande. Då skulle ein kanskje tru dei har meir tid til å svare på spørsmål, og generelt vera tilstade? Nei, her har eg oppfatning av at lærarane har mange fleire ballar i lufta på same tid, noko som gjer at dørstokkmila mi til å spørje om hjelp vert lenger.

Kanskje dette berre gjeld mitt år? At andre år scorar høgskulen svært bra i haldningsarbeid til å bli ein superlærar i barnehagen? Som for eksempel i det viktige fagområdet samfunnsfag, religion, livssyn og etikk som ein har 2. året? Om eg skal tolke svaret frå medstudentane i Bergen riktig, vinn Sogndal endå ein gong. Både når det gjeld mengde, tverrfaglegheit og relevans for barnehagen.

I dagens politiske landskap, er mykje diverre tufta på fy-ordet robust. Robuste fagmiljø. Men vil eit stort fagmiljø skape landets mest nøgde studentar? Eg er skeptisk. Skal ein verkeleg gjera ein høgskule på vestlandet god ved å leggje Høgskolen i Bergen inn under noko som er endå større å administrera?

Eg har sjølv opplevd at eit større fagmiljø ikkje er synonymt med betre fagmiljø, når det gjeld undervisningskvaliteten til studentane. Eg er ikkje i tvil om kor eg lærde mest om å vera barnehagelærar, menneske og kor eg i det heile var mest nøgd.

Som optimist må eg berre håpa. Håpa på at det vert eit endeleg nei til fusjon, og ja til å visa at Høgskulen i Sogn og Fjordane faktisk kan skapa landets mest nøgde studentar med den størrelsen dei har.

(Innlegget er først publisert i studentavisa Røynda)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS