Statssekretær Bjørn Haugstad held fast ved mantraet om at store samfunnsutfordringar krev robuste fagmiljø og utdanningsinstitusjonar med høg kvalitet. Difor er han onsdag i Bergen for å ta del i styreseminaret for tre av høgskulane på Vestlandet. Foto: Tor Farstad Foto: Tor Farstad

Fusjon ingen spareplan

Statssekretær Bjørn Haugstad trur at når fusjonsprosessen er over, vil ein få meir kvalitet for pengane.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Statssekretær Bjørn Haugstad trur at når fusjonsprosessen er over, vil ein få meir kvalitet for pengane.

Onsdag er det seminar for leiinga ved Høgskulen i Bergen (HiB), Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskulen Stord/Haugesund (HSH).

Dei tre partane er samla for å vurdere grunnlaget for ein framtidig fusjon. 

Direkte dekning av fusjonsstyreseminaret kan du sjå her. 

Statssekretær Bjørn Haugstad representerer Kunnskapsdepartementet (KD), høgskulane sin eigar. Han seier at Kunnskapsdepartementet ikkje hadde iverksett reformprosessen, dersom dei frykta at det ikkje ville gå bra. 

— Det er mykje bra på Vestlandet. Samla sett har de god tildeling frå Forskingsrådet. De har nøgde studentar, god gjennomføring, høg publisering, arbeidssame studentar. Men de har også utfordringar: Fleire av dykk slit med å få nok kvalifiserte førstevalssøkjarar per studieplass. Verken HiSF eller HSH har nok årsverk i førstestillingar innan pedagogikk til å nå krava departementet stiller, seier Bjørn Haugstad. 

Skjerpar krava også til universiteta

Statssekretæren står fast ved at utdanningsinstitusjonane i nær framtid vil møte skjerpa krav til utdanninga dei tilbyr studentane. Dette gjeld ikkje berre mindre høgskular. Også universiteta må innfri, seier han. 
 
— Vi har for mange fagmiljø som tilbyr master- og doktorgradsprogram og som er forankra i for svake fagmiljøer. Intensjonen våre ein ein stor heving av lista. Har de mastergrader som de veit såvidt har passert NOKUT- tilsyn, treng de ikkje vente med å gjere tiltak, er beskjeden frå Bjørn Haugstad.

Undervisning skal gje meir kred

Kunnskapsdepartementet vil også arbeide for at det å gi framifrå undervisning skal gje like mykje prestisje som det å publisere i kjende tidsskrift. 

— I dag er det tilsynelatande meir prestisjefylt å forske enn å undervise. Det er ikkje bra for kvaliteten, men er ein del av ein internasjonal tendens. Universitetet i Oxford er ein av dei få som har greidd å gjere noko med det: Her gjev det høg status å undervise på bachelor-nivå, seier Bjørn Haugstad. 

Slår ikkje saman institusjonar for å kutte kostnader

Bjørn Haugstad avviser at SAKS er ein spareprosess. 

— Denne sektoren blir stadig dyrare for statskassa, seier Bjørn Haugstad.

— Men når fusjonsprosessen er over, vil ein få meir kvalitet for pengane. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS