Volda vektlegg alliansebygging

Styremøte i Volda var samde om at alternativer som handlar om alliansar er dei viktigste for dei no.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskulen i Volda vil arbeide vidare med den såkalla «alliansemodellen», som betyr eit samarbeid med Høgskolen i Molde og Høgskolen på Lillehammer. 

Inn i denne alliansen ser dei gjerne at Høgskulen i Sogn og Fjordane også deltek.

Linja til Universitetet i Bergen, og rektor Dag Rune Olsen, blir også halden ope. 

Dette er hovudtrekka i vedtaket som eit samrøystes styre ved Høgskulen i Volda gjorde fredag. Både På Høyden og Khrono følgde møtet via direkte strømming fredag. Det var til tider høg temperatur på møtet. 

 

Når ein kjem inn i  eit styre er det vel ikkje fordi ein skal halde kjeft fordi styret har meint noko anna tidlegare.

Endre Brunstad

Min konklusjon er at det er for tidleg å seie at det berre er alliansemodellen vi skal utforske med dei aktuelle partane som er inne i bildet no,

Johann Roppen

(Styret på Høgskulen i Volda. Foto: HiVolda)

Brunstad ville utgreie fleire alternativ

Styrerepresentant Endre Brunstad, som er professor ved Universitetet i Bergen, argumenterte for at ein skulle halde fram med å greie ut alliansemodellen, samtidig som at ein også skulle opne for å knytte tett kontakt med dei tre høgskulane som utgreier eit profesjonsuniversitet, mellom anna Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I dette ligg ei utstrekt hand til trepartsamarbeidet Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane, som allereie er i gang med å greie ut eit samarbeid som kan ende i ein fusjon.

I sitt innlegg hevda Endre Brunstad at det var feil å framstille andre alternativ til alliansemodellen som at Volda skal gje frå seg styringa.

I etterkant av møtet bemerkar Brunstad at han er nøgd med vedtaket som blei fatta.

Vil ikkje tape sjølvstyre

Endre Brunstad fekk motbør frå Kristin Sørheim og Terje Heggem.

— Det er ingen grunn til å underslå at det er usemje i val av strategi her. Vi bør ikkje prøve å tilsløre denne med å utgreie alt saman, sa styrerepresentant Kristin Sørheim.

Ho heldt fram:

— Skal ein behalde ein viss grad av autonomi, og tenker at den regionale rolla er viktig, er det styringsmodell vi snakkar om. Eg tenker at alliansemodellen kan ivareta dette best.

Må stå ved avtalen 

Styrerepresentant Terje Heggem minna om at styret tidlegare har vedtak om initiativ overfor høgskulane i Molde og Lillehammer.

— Vi må tenke litt på kva vi gjer no. Vi har tidlegare teke initiativ overfor høgskulane i Lillehammer og Molde. Vi må vere varsame med å signalisere at vi tek eit steg tilbake, sa Terje Heggem.

Endre Brunstad argumenterte for at dette ikkje er til hinder for ei brei utgreiing:

— Når ein kjem inn i  eit styre er det vel ikkje fordi ein skal halde kjeft fordi styret har meint noko anna tidlegare, sa Endre Brunstad.

Lite entusiasme for fusjon med Bergen 

Rektor og styreleiar Johann Roppen (bildet under)refererte til styreseminaret torsdag og diskusjonane som styret hadde hatt fredag. Roppen tolka opinionen dit at det var liten entusiasme å spore for eit profesjonsuniversitet på Vestlandet.

— Det å få Høgskulen i Sogn og Fjordane inn som alliansepartnar, hadde vore ein styrke. Mi vurdering er at ein alliansemodell er ei god ramme for eit samarbeid. Samtidig er det ei usikkerheit knytt til lærarutdanninga vår. Min konklusjon er at det er for tidleg å seie at det berre er alliansemodellen vi skal utforske med dei aktuelle partane som er inne i bildet no, sa Roppen.

Det endelege styrevedtaket blei slik til slutt: 

1: Høgskulen i Volda tar initiativ til ei umiddelbar oppretting av ei gruppe sammensatt med representanter for HiMolde, HiLillehammer og HVO for å utarbeide en nærmere beskrivelse av alliansemodellen som kan forelegges KD. Gruppa skal gjøre greie for korleis modellen kan imøtekomme:

  •  Eigne og nasjonale kvalitetskriterium
  •  De nasjonale verknadene
  • Styring og organisering
  • Arbeidsdeling og konsentrasjon (fagleg og administrativt)
  • ROS-analyse

2: Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterast inn som alliansepartner og til å delta i utgreiinga ovanfor

3: Rektoratet får fullmakt til å starter drøftingar  med utgangspunkt i invitasjonen frå Universitetet i Bergen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS