Debatt

Kven skal vakte etikken til etikk-vaktarane sjølve?

Samfunnet treng menneske med særleg kompetanse på etikk og etisk refleksjon, men etikaren må vere samfunnsmenneske før ho eller han kan vere etikar, skriv Sønnesyn.

Er det verkeleg slik at ein etikar er betre skikka til å vurdere kva som er rett og gale enn ein sjukepleiar, ein aromaterapeut, eller ein reinhaldsarbeidar?
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg skal overlate finanspolitikken til dei rike. Ikkje fordi eg meiner at den såkalla Tangen-saka berre skal diskuterast av dei som var inviterte til det no mykje omtalte seminaret i Philadelphia, men fordi eg har historikarbakgrunn og dermed ikkje har hatt nok pengar mellom hendene til å ha føresetnader for å kommentere Oljefondet sin tilsetjingspolitikk. Derimot torer eg hevde at eit historisk perspektiv om kva rolle etikk og etikarar har spela i fortida kan vere berikande for ein av dei tangentiale debattane som denne saka har ført med seg.

I forlenginga av kritikken som vart retta mot Henrik Syse etter at han fann dei moglege rolleblandingane mellom seminardeltaking og tilsetjing etisk uproblematisk, har det oppstått ein interndebatt mellom tidlegare stipendiatar ved Etikkprogrammet ved Universitetet i Oslo om kva autoritet som bør tilleggast fagfilosofar med etikk som spesialfelt når etiske spørsmål skal diskuterast. Øyvind Kvalnes oppmoda sterkt om at etikken ikkje måte overlatast til etikarane, og fekk tydeleg svar frå Espen Gamlund. Måten denne debatten har vorte ført på, og særleg Gamlund sitt sterke forsvar for etikaren sin særlege autoritet, gjer meg noko bekymra for kor etikken som fagfilosofi er på veg.

Er det verkeleg slik at ein etikar er betre skikka til å vurdere kva som er rett og gale enn ein sjukepleiar, ein aromaterapeut, eller ein reinhaldsarbeidar? Er oppgåva til etikkspesialisten å vere overdommar i moralske spørsmål, autoriteten som fastset rett og gale både for andre og for seg sjølv? Eller, for å oppdatere den romerske satirikaren Juvenal sitt retoriske spørsmål ‘kven skal vakte sjølve vaktarane’: kven skal vakte etikken til etikk-vaktarane sjølve?

Som fagfelt og filosofisk disiplin har etikken vore i ei særstilling så langt tilbake som me har kjelder å gå etter. Den vedkjem alle menneske i kraft av å vere menneske; den set den einskilde i stand til å leve i samfunn med andre menneske; den lar det djupaste og mest grunnleggande menneskelege i oss få utvikle seg. Mange filosofar, hjå grekarane og romarane så vel som hjå dei jødiske, kristne, og muslimske arvtakarane deira i mellomalderen, held etikken som sjølve grunnstammen i filosofifaget.

Ved første augnekast kan dette synast som eit grunnlag for å hevde at etikaren er filosofien sin yppersteprest, premissleverandøren som alle må forholde seg til på same måte som ‘de troende lytter til prestens ord’, for å sitere konklusjonen til Gamlund. Om etikken er den overordna filosofiske disiplinen må vel etikaren vere den overordna filosofen?

Ser ein nærmare etter, finn ein fort grunnar til å dra denne konklusjonen i tvil. Ved dei europeiske skulane og universiteta som vaks fram i mellomalderen var ikkje termen ethicus eller ‘etikar’ nødvendigvis nytta om filosofar; den vart oftare nytta om diktarar som Homer, Lucan, eller Ovid. Dette har samanheng med korleis moralsk kunnskap vart utvikla; korleis menneske kom fram til erkjenning av kva som var rett og gale. Hjå Platon (til dømes i dialogen Menon) og Aristoteles finn ein tydelege teikn på at moralsk erkjenning ikkje var noko ein lærar eller autoritetsfigur kunne formidle til elevar gjennom læresetningar overlevert som kunnskapspakker frå avsendar til mottakar. Moralsk erkjenning var noko den einskilde utvikla gjennom å leve i samfunn med andre, gjennom å delta i fellespraksisar og reflektere over dei erfaringane denne deltakinga gav.

Ein kan seie at etikaren si rolle var å hjelpe samfunnet å kjenne seg sjølv som samfunn, og hjelpe den einskilde å kjenne seg sjølv som samfunnsborgar.

Sigbjørn Sønnesyn

Kjelda for kunnskap om rett og gale var skjeringspunktet mellom det delfiske mottoet ‘kjenn deg sjølv’, γνῶθι σεαυτόν, og Aristoteles sin påstand om at det gode menneske var alle tings målestokk. Gjennom å imitere førebileta samfunnet held fram, og gjennom introspektiv analyse av kva denne imiteringa gjorde med ein, kunne ein kome fram til erfaringsbasert kunnskap om kva samfunnet som heilskap meinte var rett og gale, og på denne måten unngå paradokset framsett av Menon i Platon sin dialog. Etikk var såleis ikkje ei abstrakt lære om rett og gale, men meir ein samtale som eit samfunn kontinuerleg hadde med seg sjølv om kva som var det gode menneskelivet, og korleis dette kunne verkeleggjerast i det aktuelle samfunnet. Det var gruppa, samfunnet, som var læringsarena og overdommar.

Rolla til etikaren i eit slikt tankesett var altså ikkje å fortelje folk kva som var rett og gale slik at alle deretter kunne gå ut og handle i tråd med det; moralsk handling var ikkje utan vidare eit resultat av etisk refleksjon, men like mykje føresetnaden og erfaringsgrunnlaget som gjorde etisk refleksjon mogleg. Etikaren si oppgåve var først og fremst å halde samtalen om rett og gale gåande og på rett spor, gjennom å setje kritisk lys på moglege motsetnader mellom liv og lære eller mellom ulike samfunnsverdiar, og gjennom å formulere og samanfatte den læra om rett og gale som låg til grunn for og innebygd i samfunnet som heilskap. Ein kan seie at etikaren si rolle var å hjelpe samfunnet å kjenne seg sjølv som samfunn, og hjelpe den einskilde å kjenne seg sjølv som samfunnsborgar.

Diktarane var viktige etikarar fordi dei synte døme på både gode og ugode samfunnsborgarar, og la opp til ein kritisk dialog om samfunnsgoder og kva det ville seie å vere eit godt menneske. Slik kunne den einskilde ta del i samtalen om rett og gale, og samfunnet som heilskap kunne kome fram til ei felles forståing. Etikaren sjølv kunne berre fylle denne rolla om han eller ho var samfunnsdeltakar på like linje med alle andre, og tileigna seg samfunnsverdiane gjennom deltaking på same måte som alle andre.

Kva har så dette med den dagsaktuelle debatten å gjere? Bør ikkje etikaren overlate fortida til historikaren? Det som først og fremst uroar meg ved argumentasjonen til Gamlund er at eg ikkje ser korleis den er forankra i eit heilskapleg syn på korleis menneske kjem til erkjenning om rett og gale, slik dei fleste moralfilosofiske retningane i antikken og mellomalderen var. Gamlund samanliknar den etiske ekspertisen til fagfilosofen med den praktiske ekspertisen til ein tømrar. Eit problem med denne samanlikninga er at den kan ende opp med å skjule forskjellen mellom utøving av tømrarfaget, som vedkjem ei klart avgrensa gruppe menneske, og utøving av moralsk handling og moralsk refleksjon, som tilhøyrer det ålmennmenneskelege. Eit menneske som uttaler seg om ålmennmenneskelege spørsmål kan ikkje utan vidare sidestillast med ein som uttaler seg om tømring utan erfaring frå tømrarfaget. Læringsarenaen og erfaringskjelda for tømrarfaget er tømring, slik læringsarenaen og erfaringskjelda for etikk er menneskelivet i alle sine mange fasettar.

Eg er difor langt på veg einig med Kvalnes i at etikken ikkje kan overlatast til profesjonelle etikarar åleine. Samfunnet treng menneske med særleg kompetanse på etikk og etisk refleksjon, men etikaren må vere samfunnsmenneske før ho eller han kan vere etikar. Å vere samfunnsmenneske krev at me alle deler ansvaret rundt å diskutere kva som er rett og gale, og at me alle deler ansvaret for å handle rett. Etikarane vil ha ei uvurderleg rolle i denne fellessamtalen – så lenge dei ikkje opphevar seg sjølve til moralske autoritetar.

Powered by Labrador CMS