Tips til forvirra jobbsøkar

Her er student Elise Løvereide sine ti beste tips for å lande jobben du drøymer om, og ikkje minst, korleis halde på han.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Alle studentar kjem før eller sidan til å måtte tenke på livet etter studia. Det hende meg då eg gjekk siste året på masterstudiet, og plutseleg gjekk frå jobbsøkarkurs til jobbsøkarkurs. Ifølgje leiarane på desse kursa er det mykje vanskelegare å få jobb i dag enn det var før i tida. No held det til dømes ikkje berre å skrive nokre ord om seg sjølv for så å sende det i posten.

Dagens jobbjakt er knallhard. Konkurransen er enorm, og forventningane skyhøge. Å vere jobbsøkar er ein fulltidsjobb utan løn og utan støttande kolleger. Det vil seie; det er nok ikkje så kult å vere den som ikkje har fått jobb når ein sit med vener på restaurant, og alle pratar om stillinga si. Her kjem derfor ti tips eg har lært på jobbsøkarkurs, for korleis kapre drøymejobben, og ikkje minst, halde på han.

1. Skil deg ut i mengda. Kva er det som gjer deg betre enn 800 andre søkarar? Hugs at du er unik og at ingen andre kan det same som deg. Bruk dine unike eigenskapar for kva dei er verdt! Tenk på kva kunnskap du kan, som ikkje dei andre på studiet ditt kan ha fått med seg. Aller helst bør du vere fødd med ein IQ på 190 slik at du veit sikkert at du ikkje er som alle andre. Og sjølv om du nett er ferdig med studia bør du både ha førarkort og fleire års jobberfaring.

2. Vis interesse, som om du blei skapt for akkurat denne jobben. Heile meininga med livet ditt har vore akkurat denne jobben. Det er dette du er meint til å gjere. Å gå i bleier, lære matte og PowerPoint har berre vore for at du skulle ende opp akkurat i denne stillinga, og det må du formidle vidare til dei som kan gje deg jobb. Sjølv om den første jobben du får gjerne ikkje er den mest interessante. Du elskar rett og slett Office-pakken!

3. Ver samfunnsengasjert, men ikkje partisk. Du skal aller helst ha organisatorisk erfaring frå fire-fem verv, og ha masse skriveerfaring. Men ver forsiktig med å skrive kronikkar – det kan nemleg vere at bedriften sine verdiar ikkje stemmer overens med dine (eller berre drit i det). Du kan altså ha eigne meiningar, men meiningane vil mest sannsynleg ikkje skaffe deg jobb.

Tida for russebilde og fyllefoto er forbi. Det er ikkje lenger slik at du kan nytte Facebook berre til fritid og vener. No skal sosiale medium vere nettverks-
bygging, skryt og sjølv-promotering.

Elise Løvereide

4. Sel deg sjølv på sosiale medium. Hugs – du er ikkje ein privatperson. Tida for russebilde og fyllefoto er forbi. Det er ikkje lenger slik at du kan nytte Facebook berre til fritid og vener. No skal sosiale medium vere nettverksbygging, skryt og sjølvpromotering. Og det held ikkje berre å fylle ut profilen din, du må også følge alle bedriftene du ønsker jobb hos, og like alt dei deler. Men hugs også at du ikkje må etterlate elektroniske spor på Interweben som dei kan finne og deretter bruke mot deg. Å vere 16 år og dum på Internett kan ikkje ha skjedd.

5. Bruk nettverket ditt for kva det er verdt. Foruten sosiale medium, bruk vener og familie til å treffe personar som kan skaffe deg jobb. Det er vel ikkje urettferdig at du gjennom kontaktar kan sikre deg jobben, trass i at andre er meir kompetente for den?

6. Ikkje berre skriv kva du kan – vis det! Å skrive at ein kan noko, er ikkje nok. Du må bevise det. Legg til dømes ved arbeidsprøver, portefolio og regelrette bildebevis. (Tips! Send også eit foto av den ryddige pulten din).

7. Ring dei, men ikkje mas. Det held ikkje å sende ein elektronisk søknad som du har brukt 1,5 time på å skrive. Du må også ringe og spørje om dei har lese den. Sjølv om det er kleint å rett ut ringe og spør om å få jobben, er det kanskje også det mest strategiske. I tillegg bør du ha masse spørsmål om stillinga, sjølv om du eigentleg ikkje lurar på noko.

8. Kom tidleg – bli seint (som om du ikkje har noko liv). Når du først har skaffa deg jobben, må du jobbe ræva av deg. Først for å gje eit godt inntrykk, deretter for å halde på jobben vidare. Møt opp ein time før du skal og sett på kaffi til alle. Sei ja til alle oppgåver folk gir deg, og ta så initiativ til å ta på deg meir enn du må. Og ta gjerne eit oppdrag innom vegen heim også. Søve kan du jo gjere som pensjonist.

9. Ver ryddig, men framstå som ein opptatt person. Betyr ein rotete pult at du er ustruktert, eller at du er veldig opptatt og ikkje minst effektiv? Eg berre tullar, du må vere både effektiv og ryddig.

10. Ikkje vis veikskap. Sjølv om du er overarbeidd, psyka ned av press på utsjånadog har dårleg samvit for at du ikkje har trent sidan januar eller vore nok med kjærasten, ikkje vis det. Smil alltid, uansett om sjefen seier at du suger. Er det noko du reagerer på ved arbeidsmiljøet, tenk deg om ti gongar før du tar det opp. Og deretter ti gongar til.

Hm. Når eg ser over krava til den moderne jobbsøkaren, så slår det meg at robotar sannsynlegvis ville vore mykje betre arbeidstakarar enn oss menneske. Dei treng jo korkje søvn eller familie. Kanskje er det ikkje så rart ein fryktar at dei vil ta over jobbane våre i framtida. Men så kjem eg på at det er jo oss menneske som lagar både jobbane og robotane. Og då er det vel opp til oss kva slags jobbkrav vi vil ha?

Innlegget er først publisert i Studvest.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS