Streik 2015 - politisk markering på Torgalmenningen jan 2015. Steinar Vagstad Foto: Ingvild Festervoll Melien

Fusk og fanteri i lønnsoppgjeret i staten?

Vårens sentrale lønnsforhandlingar ga ein heilt ny situasjon for statsinstitusjonane og dei statstilsette, med to hovedtariffavtalar i staden for ein.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Den største skilnaden mellom dei to hovedtariffavtalane er at avhengig av fagforeningsmedlemsskap får statsansatte enten 0,5 % i generelt tillegg og tilgang til lokale forhandlingar om ein pott svarande til 2,3 % av lønnsmassen, eller 1,15 % i generelt tillegg og tilgang til lokale forhandlingar om ein pott svarande til 1,5 % av lønnsmassen. Den første avtalen gjeld medlemmer i fagforeningar tilknytta Akademikerne, den andre avtalen gjeld alle andre (heretter kalla Andre).

Frå gammalt av har adminstrasjonsdepartementet (Kommunal- og Moderniserings Departementet – KMD -  i nyare tid) rekna ut kor stor pott det skal forhandlast om lokalt ved kvar statsinstitusjon, utan å måtte forholde seg til den enkelte statsansattes fagorganisering.

I år må dei forholde seg til det, og har, basert på dialog med Akademikerne, rekna ut kor stor pott henholdsvis Akademikerne og Andre skal forhandle over ved kvar statsinstitusjon. Tilsvarande må kvar statsinstitusjon dele inn sine tilsette etter dei same linjer: Akademikerne og Andre skal innplasserast på to ulike lønnstabellar, og dei skal kunne delta i to separate lokale forhandlingar, med kvar sin forhandlingspott.  Når denne inndelinga er gjort kan ein rekne ut lønnsmasse for kvar av dei to avtaleområda, på kvar institusjon.

No viser det seg at departementets reknestykke ikkje samsvarer med lokale tal, på ein måte som systematisk favoriserer Akademikerne, i strid med begge dei to hovedtariffavtalane. Departementet opplyser at Akademikernes pott ved Universitetet i Bergen skal vere på kroner 9.723.500.

Sidan dette skal tilsvare 2,3 % av Akademikernes lønnsmasse ved UiB finn vi at denne må vere kroner 422 760 870, slik departementet ser det. UiBs eigne tal gir Akademikerne ein lønnsmasse på kroner 385 215 250. På same måten kan vi rekne ut departementets oppfatning av lønnsmassen til Andre ved UiB, og vi kan rekne ut Akademikernes andel av samla lønnsmasse, med KMDs tal og med dei lokale tala. Tabellen nedanfor viser Akademikernes andel av lønnsmassen for dei universitets- og høgskoleinstitusjonane vi har fått gjort utrekningar for.

Institusjon    KMD-talLokale tal
UiB22,0 %20,4 %
UiO19,1 %18,0 %
HiB16,7 %15,5 %
NMBU21,9 %20,2 %
UiT22,2 %20,7 %

Departementet (KMD) ser altså ut til systematisk å overvurdere Akademikernes relative størrelse, og tildeler dermed Akademikerne lokale pottar som er for store i forhold til Akademikernes hovedtariffatale, på Andre sin bekostning. Kva denne overvurderinga kjem frå er ikkje godt å vite for oss som ikkje har innsyn i det som har skjedd, men det er ikkje ukjent frå andre samfunnsområde at viss ein baserer økonomiske tildelingar på eigenrapporering av medlemmer, så blir gjerne det rapporterte medlemstalet litt høgare enn det burde vere. Viss den katolske kyrkja kan falle for freistinga til å gjere dette, så kan nok andre også.

Det hadde vore fint om departementet hadde sett på denne saka på nytt. Det er enno ikkje for seint å opptre klokt og rettferdig.Eg er kjent med at både Universitetet i Bergen og UNIO – og kanskje fleire også – har informert departementet om problemet.

Det er vanskeleg å vite kva som føregår i departementet – ein skulle tru at departementet også var interessert i å gjere dette på ein måte som er klok og rettferdig i forhold til dei inngåtte hovedtariffavtalane. Det ser imidlertid ikkje slik ut. Signala frå KMD – går eintydig i retning av at dei står på sitt, uavhengig av kva som er situasjonen ute i felten.

Lokale lønnsforhandlingar med årets to avtaler kunne ha vore gjort svært enkelt og svært oversiktleg for alle partar:

  1. På kvar institusjon må ein først finne ut kven som skal høyre til under Akademikerne og kven som høyrer med til Andre.
  2. Dei som høyrer til Akademikerne blir innplassert på Akademikernes lønnstabell (den med 0,5 % lønnsauke samanlikna med den felles tabellen som galdt før 1. mai), dei som høyrer til Andre blir innplassert på Andre sin lønnstabell.
  3. Så kan ein legge saman (års-)lønna til alle Akademikerne og få eit presist mål på lønnsmassen i Akademikerne-avtalen, og tilsvarande for Andre.
  4. Deretter reknar ein ut dei to lokale pottane: Akademikerne og Andre skal forhandle om kvar sin pott som er henholdsvis 2,3 % og 1,5 % av sine respektive lønnsmasser (frå punkt 3).
  5. Då står berre dei lokale forhandlingane igjen – men desse er kurante når oppdelinga etter hovedtariffavtaler er gjort rett.

(Innlegget er først publisert i På Høyden)

Departementet ser ut til systematisk å overvurdere Akademikernes relative størrelse.

Steinar Dagestad

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS