Dag Rune Olsen presenterer det nye rektorlaget som blir kandidatar til rektorvalet i 2017. Frå venstre Robert Bjerknes (viserektor), Oddrun Samdal (viserektor), Dag Rune Olsen (rektor) og Margareth Hagen (prorektor). Foto: Tor Farstad

Klare for val i Bergen

Rektor ved Universitetet i Bergen stiller til attval med HF-dekan Margareth Hagen som prorektorkandidat. Denne gong utan viserektor for internasjonalisering.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Rektor Dag Rune Olsen kunngjorde allereie i juni i fjor at han ville stille som rektorkandidat for ein ny periode. No er det klart kven han vil ha med seg inn i rektoratet. Så langt har ingen andre motkandidatar meldt seg, skriv På Høyden.

Les også: Olsen kan bli einaste rektorkandidat

Prorektor Anne Lise Fimreite ønska ikkje å stille for ein ny periode, og dermed har Olsen funne ein ny prorektorkandidat. Valet fall på dekan ved det humanistiske fakultet (HF), Margareth Hagen. 

— Me skal utfylle kvarandre, og for meg var det viktig då eg tok kontakt med Margareth, at ho hadde annan erfaring enn meg. Ho kjem frå ein heilt annan fagdisiplin, og har kunnskap om UiB og leiarerfaring over lengre tid. Ho har gjennomført ein god prosess på fakultet, med omorganisering av studieprogramma. Det er eit nyttig bakteppe å ha med seg, seier Olsen.   

Eit vanskeleg val

Eg kan vanskeleg tenke meg noko meir meiningsfylt enn å få lov til å jobba med kunnskap.

Dag Rune Olsen

Hagen synest det var eit vanskeleg val å seie frå seg jobben som dekan, 

— Eg har hatt det veldig fint som HF-dekan, det har vore veldig gjevande. Det var ikkje heilt enkelt for meg å bestemme meg, men det finst mange gode dekan-kandidatar på fakultetet. Men først må me sjå om me blir valt eller ikkje, seier Hagen.

Ho trur ho har verdifull lærdom med seg frå HF, som rektoratet vil nyte godt av.

— Eg veit ein del om kor skoen trykker, og kor krevjande det er å få til god grunnforsking. Eg har gjort meg ein del tankar rundt det. Mellom anna er HF underlagt humanioraevaluering no, og dette kan vere reiskap for det neste rektoratet, for å kunne støtte opp om grunnforsking og forsking i breidda, seier Hagen.

Stiller på nytt

Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, og viserektor for tverrfagleg verksemd, Robert Bjerknes stiller på nytt. Medan viserektor for internasjonalisering, Anne Christine Johannesen, ikkje blir med vidare fordi ho ønska å gå tilbake til forskinga. Ho blir ikkje erstatta.  

— Internasjonalisering er forankra i utdanning og forsking, så me prøver å integrere det i dei andre rollene. Me trappar ikkje ned på det internasjonale engasjement og aktiviteten, men prøver å integrere det i utdannings- og forskingsbiten, seier Olsen. 

Meir konkurranse

Mange av dei nyfusjonerte høgskulane rundt om i landet har universitetsambisjonar, og i framtida vil UiB kunne få til saman 10 andre universitet å konkurrere med. Det slår an tonen for det nye rektorat-teamet.

— Ei av hovudutfordringane i åra som kjem, er at me trenger inn i det nye universitets- og høgskulelandskapet, og me treng å posisjonere oss med dei særeigenheitene og kvalitetane som me har. Det kjem til å bli kamp om ressursane med fleire universitet. Me må kjempe for gode rammevilkår for våre framifrå forskarar, seier UiB-rektoren, og legg til: 

— Det som eg meiner kjenneteiknar oss, er den solide forskingsforankringa, og at undervisninga vår skal vere tett på forskinga. Me har høg kvalitet, sett på siteringsindeks osb. Me ser på oss sjølv som eit klassisk universitet, og vil vidareutvikle dette.

Ting er annleis

Ei fiks ferdig valplattform har ikkje dei fire klar enno.

— Noko av grunnen er at ting er annleis enn førre periode. No har me ein strategi som styret har vedtatt. Me ønsker å vidareføre den strategien, me har forplikta oss til det, og me synest det er ein god strategi. Universitets- og høgskulelandskapet er i endring, og me må finne vår synlege og tydelege rolle som Universitetet i Bergen.

Rektorlaget kjem til å invitere seg sjølv rundt på universitetet, for å få innspel til valplattforma.

— Me startar ikkje med blanke ark, men me ønsker å få innspel. Plattforma blir ikkje like lang eller omfattande som førre gang. Den blir nok kortare nettopp fordi den delvis kvilar på strategien vår. 

Tverrfagleg satsing

Eit anna mantra frå rektorat-kandidatane er viktigheita av tverrfaglegheit og tverrgåande satsing. 

— Det å jobbe tverrfagleg og med å jobba i klyngene, er noko som gjer mest energiar og som er mest spennande akkurat no. Me har etablert eit infrastrukturutval, opp mot korleis ein skal planlegge langsiktig, og etablerert eit langtidsbudsjett. Det er ei heilt anna langsiktigheit i arbeidet no enn tidlegare, seier Bjerknes. 

Samdal peiker på at det handlar om integrasjon av ulike delar av universitetet.

— Det handlar om intergrering av forsking, utdanning og det internasjonale i dagleg verksemd, og integrere vitskapeleg drift med administrasjon. Me er opptekne av å få til ei velfungerande verksemd, seier Samdal.

Motivert for nye år

Ho er motivert til å ta fatt på fire nye år som viserektor for utdanning. 

— Eg synest det har vore interessante år. Eg har fått vere del av eit rektoratet som gjekk på val på god samhandling, og at utdanning skulle ha ein viktig plass i organisasjonen. Me har jobba mykje med å få på plass god infrastruktur, og kontakt med fakulteta. Eg er interessert i å jobba vidare med arbeidet for å sjå om me kan kome lenger med å endre utdannings- og undervisingpraksis. Det er ei spennande brytingstid med at me har eit stort fokus på utdanning, seier Samdal.

No står det att å sjå om motkandidatar melder seg til rektorjobben. Fristen for dette går ut fire veker før valet, som byrjar 30. mars.

— Eg kan vanskeleg tenke meg noko meir meiningsfylt enn å få lov til å jobba med kunnskap. Eg vil gjerne få lov til å følga opp strategien, som me meiner er bra for UiB. Men eg kunne ikkje gjort det viss eg ikkje synest det var ein god jobb, og eit godt arbeidsmiljø. UiB er ein god plass å vere, slår Olsen fast.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS