Førsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen, Tom Skauge, var ein av styremedlemmane som var oppteken av at vegen inn til leiarstillingane på den nye høgskulen, ikkje måtte bli for vanskeleg. Foto: Tor Farstad

Vest diskuterer krav om leiarkompetanse

Fleire i styret ved Høgskulen på Vestlandet er opptekne av å ikkje utelukka søkarar utan doktorgrad til leiarstillingar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kva formelle krav dei landar på blir ikkje klart før utlysingane til dekan- og prorektorstillingar skjer i februar, skriv På Høyden.

På styremøtet til Høgskulen på Vestlandet rett før jul blei spørsmålet om kva kompetansekrav som skal stillast til leiarane i den nye organisasjonen diskutert. Styret skulle gje signal til dei som skal jobbe vidare med stillingsutlysningane. Styret skal endeleg vedta stillingsomtalane på møtet i februar. 

Den faglege organiseringa skulle i utgangspunktet bli behandla på styremøtet i januar, men grunna mangel på tid, og eit ønske om å behandla dette saman med den faglege profilen, er saka utsett til møtet 16. februar. Då skal også den administrative organiseringa opp i møtet.

– Me må ikkje laga utlysingar som utdefinerar gode søkarar som jobbar på Høgskulen på Vestlandet, sa Gunnar Yttri.

Sidestille amanuensar og dosent

Me må ikkje laga utlysingar som utdefinerar gode søkarar som jobbar på Høgskulen på Vestlandet.

Gunnar Yttri

Ein bør ha minimum doktorgrad, og helst nokre år på baken med forskings-kompetanse.

Christine Øye

Ved Høgskolen i Sørøst-Norge blei dekanstillingane lyste ut med krav om minimum kompetanse som førsteamanuensis. Førstelektorar og dosentar var såleis ikkje kvalifiserte for stillingane. Debatten i høgskulestyremøtet på Vestlandet kan tyda på at ein ikkje ønsker å gå like smalt ut ved HVL

Les også: Uenighet om dosenter bør lede et fakultet

Fleire av styremedlemmane tok til ordet for at ein må sidestilla førstelektorar og dosentar med førsteamanuensar.

– Me må vera opptekne av å få best moglege søkarar inn til stillingane. Det er mange ting me skal ta med i vurderingane, då må me ikkje gjera moglegheitane for snevre. Me må sidestilla førstelektor, dosent og førsteamanuensis. Mange av institusjonane våre har bevisst vald den eine vegen, fordi ein legg vekt på betydning av god utdanning og formidling. Det er synd å ekskludera dei, fordi me vil ha doktorkompetanse, sa Kari Kjenndalen. 

Gunnar Yttri var oppteken av å hugsa på kva institusjonar ein kjem frå. 

– Blikket på resten av sektoren er viktig, og også formalkrava. Samstundes saknar eg blikket på dei tre institusjonane som no fusjonerer. Det står at det skal vera fortrinnvis intern utlysing. Me må lysa ut slik at me får på plass gode og ambisiøse leiarar, slik at dei som er på høgskulen i dag følar seg kalla til å søke. Ved Høgskulen på Vestlandet er det eit rikt utval av folk som ikkje har doktorgrad, men som har førstelektorkompetanse, og som er gode leiaremne. Fleire som ikkje har doktorgrad har likevel utført forskingsarbeid på bra nivå, sa Yttri. 

– Sterk konkurranse om pengar

Universitetsambisjonar og konkurranse om forskingspengar blei trekt fram i diskusjonen om krav til kompetanse.

– Særleg når det gjeld dekanar, trengst det høg vitskapeleg kompetanse. Me er inne i ei ny fase i høgare utdanning, med stadig sterkare konkurranse om forskingspengar. Ein bør ha minimum doktorgrad, og helst nokre år på baken med forskingskompetanse. Så kjem sjølvsagt alt det andre i tillegg som skal ligga i botn, sa Christine Øye.

Tom Skauge var oppteken av at ein ikkje måtte lysa ut for snevert. 

 – Me er i ei endringsfase, og me må ta vare på dei flinke og kloke emna me har i dag. Mange skal vera inviterte inn, sjølv om formelle krav må takast i vare. Me er ein institusjon som har bygd seg opp fordi me er praksisnære. Me må ikkje vera for strenge med porten, me må gjera den litt vidare. Det er kanskje ikkje naudsynt at me har leiarar som har like høg kompetanse som dei under seg. Sjølv om me har ein prorektor utan doktorgrad, kan det utmerka vera ein som kan bidra til gode søknadsprosessar, sa Tom Skauge.

Høg vitskapeleg kompetanse

Aina Berg minna også om universitetsambisjonane, og kva signal ein sender ut til andre.

– Høg vitskapeleg kompetanse må vera eit valkriterium for ein institusjon som har universitetsambisjonar. Når me skal velga leiarar må me ikkje spela oss sjølv ut over sidelina, sa Aina Berg

Styreleiar Arvid Hallén gjekk ikkje meir konkret inn i saka, enn å seia at høg vitskapeleg kompetanse må vera eit krav. 

– Det er ei interessant sak, fordi eit moment å vurdera er at ein er i ei omstilling, ein kjem frå utdanningar som ikkje har vore forskingsbaserte.  Eg trur ikkje dette vil vera ei sentral problemstilling om 10 -15 år. Me må legge vekt på ulik kompetanse, men at høg vitskapeleg kompetanse er eit klart krav. Korleis det skal bli vekta formelt er eit anna spørsmål, sa styreleiar Hallén (bilete).

Intern kartlegging

HR-direktør ved Høgskolen i Bergen, Sonja Dyrkorn, informerte om at stillingane vert lyste ut rett etter styrevedtaket i februar. 

– Rekruttering til leiarstillingar skal skje internt. Me startar kartleggingssamtalar med leiarar i dei tre institusjonane for å sjå om dei kan vera aktuelle, og på kva for ambisjonar dei har. Me er allereie i gong med å henta inn opplysningar om dagens leiarar, på formalkrav mellom anna.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS