Forskingsfinansiering

Professor ber om boikott av Arbeidarpartiet

— Eg oppmodar alle akademikarar til ikkje å stemme Ap og Sp, seier professor Nils Chr. Stenseth. Han fryktar likegyldige politikarar vil føre til varige skadar på norsk forsking.

Professor Nils Chr. Stenseth meiner styresmaktene, og særleg regjeringspartia, viser ei påfallande ansvarsfråskriving når det gjeld krisa i norsk forskingsfinansiering. — Det er alvorleg, seier han.
Publisert Oppdatert

Det har ikkje mangla på kritiske tilbakemeldingar frå forskarar og rektorar etter at regjeringa i mai kasta styret i Forskingsrådet. Bakgrunnen var ifølgje regjeringa eskalerande pengebruk og faren for milliardunderskot i løpet av få år.

No melder den meritterte biologiprofessoren ved Universitetet i Oslo (UiO), Nils Chr. Stenseth, seg på med ei kritisk etterlysing av politikarane.

— Eg er svært bekymra for at det ikkje er politisk diskusjon om dette. Eg stiller meg undrande til at dette tilsynelatande ikkje er eit tema i nokon av dei politiske partia. Ingen står fram og seier ifrå om konsekvensane dette har for landet. Alt i samfunnet vårt er til sjuande og sist avhengig av den grunnleggande og nyfiknedrivne forskinga, seier Stenseth til Khrono.

Farvel til Gahr Støre

Forskingsrådet har som ledd i regjeringas ryddesjau vedtatt å stanse, redusere og forskyve ei rekke tilskot og utbetalingar til program og forskarar. Blant desse er Senter for framifrå forsking (SFF) og FRIPRO, det viktigaste programmet for tildelingar til den mest banebrytande, frie forskinga. FRIPRO blir kutta 20 prosent og sett på vent i heile 2023.

Stenseth opplever politikarane på Stortinget som mildt sagt tafatte, for ikkje seie apatiske i denne saka.

— For min del vil eg gjerne formidle til Jonas Gahr Støre og partiet eg trufast har stemt på gjennom mange år, at det ikkje lenger får stemma mi, med mindre dei tar grep og leverer. Med å levere meiner eg at både FRIPRO eller SFF får vere heilt i fred, seier han.

Stenseth seier han alltid har stemt på venstresida og Ap eller SV.

— Det veit eg at også veldig mange andre akademikarar gjer. Eg vil oppmode alle akademikarar som tidlegare har stemt på dei to regjeringspartia, Arbeidarpartiet eller Senterpartiet, om ikkje å gjere det, så lenge dei ikkje rettar opp i den situasjonen vi er hamna i med Forskingsrådet, seier Stenseth.

Han peikar på at det tar lang tid å bygge opp eit solid forskingsmiljø, kanskje fem til ti år.

— Det går derimot veldig raskt å bygge det ned, det kan skje på eit halvt år. Veldig mange som har faste stillingar går på eksterne midlar. Seks månader før tildelingane går ut, får forskaren eit oppseiingsvarsel. Eg veit at mange er i den kategorien no. Når FRIPRO ikkje blir lyst ut neste år, oppstår eit gap, seier Stenseth.

Signaleffekt: Ikkje jobb i Noreg

I dette gapet fryktar han at særleg dei beste forskarane frå utlandet, som søker seg til Noreg, no vil vende nasen i andre retningar.

Fakta

Kutt i Forskingsrådet

  • 12. mai kasta forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) styret i Forskingsrådet. Årsaka var overforbruk av pengar over fleire år og faren for milliardunderskot.
  • Underskotet er ifølgje det nye styret på til saman 4,1 milliardar kroner.
  • Dette skuldast for høge tildelingar frå tidlegare styre på 1,8 milliardar, omdisponering av avsetningar på 600 millionar og eingongskutt i budsjettåra 2017-2021 på 1,7 milliardar kroner.

— Det som skjer gir eit veldig dårleg bilde av norsk forsking, og sett frå utlandet, langt mindre føreseieleg. Faren er stor for at denne gruppa av forskarar vil sjå seg om etter meir interessante stillingar andre stader, seier Stenseth.

Dette er ikkje noko som vil skje «over natta», ifølgje professoren. Noreg er på fleire måtar eit attraktivt land for internasjonale forskarar. Samstundes er signaleffekten frå det som skjer med Forskingsrådet stor, meiner han.

— Dette er truleg den viktigaste negative effekten av det som no skjer.

Nobelprisvinnarane frå 2014, Edvard og May-Britt Moser, er blant dei andre framståande akademikarane som tidlegare har åtvara mot at kutta i Forskingsrådet. Også dei uttrykte uro for hjerneflukt frå attraktive norske forskingsmiljø, deriblant deira eige.

— Vi har halde på i tretti år, det har aldri vore så dramatiske kutt, så stor uvisse om framtida som no, sa Edvard Moser i eit intervju med Khrono i mai.

Forskingsrådet forvaltar årleg kring 11 milliardar kroner som blir fordelt til forskarar og forskingsmiljø i Noreg. Ifølgje Forskingsrådets eigne tal er det samla underskotet eller etterslepet på 4,1 milliardar kroner.

Finansdepartementet, hallo?

Stenseth hevdar det er fullt mogleg for styresmaktene å tette gapet på ein måte som ikkje set tildelingar på vent og samstundes sender negative signal til attraktive toppforskarar i utlandet. Aller viktigast seier han det er å prioritere å sikre at tildelingane frå FRIPRO ikkje blir sett på pause.

— Forskingsrådet, Kunnskapsdepartementet og statsråden er på banen, utan at dei er særleg løysingsorienterte. Men kor er Finansdepartementet? Ofte er det nettopp finans som grip inn og finn løysingar. Men no er dette departementet fråverande.

Stenseth meiner styresmaktene, og særleg regjeringspartia, viser ei påfallande ansvarsfråskriving. Han illustrerer det med å peike på overskridingar og budsjettsmellar i andre sektorar som jamt og trutt får politikarar opp i fistel.

— Når det gjeld for eksempel helse- og samferdselssektoren, hamnar sakene på dagsorden med ein gong. Men når det gjeld forskingsfinansiering, nei, då er det underleg taust. Det er alvorleg.

Powered by Labrador CMS