Denne låg i postkassa til professor Bjørn Høyland for ti og eit halvt år sidan.

Pakka inn i nokre sider Dagens Næringsliv. Utan nokon beskjed.

Ekstra bilder av drapstruet professor

Han veit framleis ikkje kven som sende ho.

Blei trua på livet, men veit framleis ikkje kvifor

Publisert Oppdatert

Ein dag seint i mars 2011 låg der ein pakke i posten. På berre nokre minutt var dagen gått frå himmel til helvete.

Hemmeleg adresse. Hemmeleg telefonnummer til den dag i dag.

Pakkar i posten, stadige oppringingar frå ukjente nummer og bilar utanfor huset seint på kveld.

Det set framleis ein støkk i professor Bjørn Høyland, som enda er prega av hendinga som skjedde for meir enn ti år sidan.

— Eg gjekk frå å vere veldig lykkeleg, til å vere veldig redd, seier Høyland i dag.

På ein benk blant tre, studentar og tilsette på campus på Blindern i Oslo fortel han ei historie mange truleg ikkje veit om. Han gjer det, fordi han ønskjer å vise andre i same situasjonen at dei ikkje er åleine.

I postkassa

Det var spesielle omstende i Bjørn Høyland sitt liv i mars 2011, like før han fann pakken i posten som skulle snu opp ned på det heile.

Han og kona var på sjukehuset og venta på sitt førstefødde barn.

Høyland, som har doktorgrad frå London School of Economics (LSE), var på dette tidspunktet nyleg ferdig i ei postdok-stilling ved Universitetet i Oslo, og hadde starta å jobbe som forskar ved Cicero.

Ikkje mange vekene tidlegare hadde han saman med rettleiaren sin ved LSE, Simon Hix, gitt ut den framleis velkjente læreboka i statsvitskap og internasjonal politikk, «The Political System of the European Union».

På toppen av det heile vart han også innstilt som klart nummer ein til ei fast førsteamanuensis-stilling ved Universitetet i Oslo, medan dei venta på sjukehuset.

— Eg hadde gledd meg til å kome heim frå sjukehuset med dottera vår, og så møter dette oss i posten, seier Høyland.

Denne kvite konvolutten låg i Bjørn Høyland si postkasse i slutten av mars 2011.

Winchester 12 kaliber

I postkassa låg det ein kvit konvolutt. I adressefeltet står namnet hans med store bokstavar, men ein ser at posten har klistra over adressa med ei ny adresse.

Høyland og kona hadde nyleg flytta før dottera skulle kome, og posten har hjelpt avsendar med å levere pakken dit.

Pakken var stempla og sendingsdatoen er 14. mars. Høyland pakkar den opp om lag ti dagar etter han var send. Og det var ingen pakke med gåver til den nyfødde.

— Då eg pakka opp låg det ei haglepatron innpakka i fleire sider Dagens Næringsliv-avispapir. På patrona stod namnet mitt innrissa. Ingenting meir, fortel Høyland.

Ei Winchester 12 kaliber haglepatron med «BJØRN KÅRE HØYLAND» rissa inn. Nokre avissider Dagens Næringsliv. Og ingen beskjed.

— Det var veldig surrealistisk, ein veldig rar følelse. Det var ingenting eg kunne peike på som skulle vere årsak til dette. Og det er kanskje det mest skremmande med dette. Det var ein spesifikk trussel, men det var ingen grunn til at den skulle kome, seier Høyland.

Ti og eit halvt år seinare er det framleis heilt uvisst kven som står bak. Men Høyland ber framleis drapstrusselen med seg i kvardagen, og er tydeleg prega.

— Er det greitt at eg skriv om det?

— Ja, det har gått over ti år no, så det er greitt. Og så synst eg det er greitt fordi eg sikkert ikkje er den einaste, det er heilt sikker andre som har opplevd noko slikt. Ein berre trur ofte at ein er den einaste, seier Høyland.

Ikkje den villaste fantasi

Høyland melde drapstrusselen til politiet dagen etter. 24. mars registrerte ein politibetjent ved Sentrum politistasjon i Oslo saka.

— Eg oppfatta at politiet tok det veldig seriøst. Dei sørgde for at eg kunne få hemmeleg nummer, og det er det framleis ingen som kan få ut den dag i dag. Vi fekk også hemmeleg adresse, seier Høyland.

På politistasjonen vart det sjølvsagt drøfta kva dette kunne vere og kven som kunne ha sendt ein slik drapstrussel.

— Hadde du nokon som helst mistanke?

— Nei, det er ingen eg oppfatta som truande eller som eg opplevde mislikte meg på det tidspunktet, seier Høyland i dag.

Han har framleis ikkje den villaste fantasi om kven det kan vere. Men han har jo sjølvsagt gjort seg alle moglege tankar på ti og eit halvt år.

— Hadde eg visst kven det var så hadde det vore mykje lettare, seier professor Bjørn Høyland.

Kan det vere nokon som var sinte fordi han fekk førsteamanuensis-stillinga ved Universitetet i Oslo?

— Eg fekk innstillinga tre dagar før kula låg i posten. Det er alltids usemje rundt kven som får stillingar, og kanskje spesielt når ein kjem utanfrå, med utdanning frå utlandet, og hit. Men det må då vere grenser. Det kan jo vere det, men det verkar jo veldig rart, seier Høyland.

— Du har aldri forska på noko kontroversielt, eller fronta nokre kontroversielle standpunkt som kan ha gjort nokon sinte?

— Det er nokon som har blitt sinte, men det er jo på eit heilt anna nivå. I tida då dette skjedde, så gjorde eg, Kalle Moene og Fredrik Willumsen forsking på noko Verdsbanken vart ganske sinte på. Men den typen folk gjer jo ikkje slike ting, seier Høyland.

Dei tre gjorde kritisk forsking, blant anna på ein av Verdsbanken sine største rangeringar, Doing Business, på oppdrag frå Utanriksdepartementet.

— Eg forskar jo ikkje på til dømes høgreekstreme. På den same tida gjorde eg ein studie på konfliktforsking, der vi gjekk etter det største namnet på feltet og viste korleis ein av hans viktigaste studiar var feil. Men han (økonom Paul Collier, journ. anm.) var jo eit av dei største namna på feltet uansett, så han brydde seg jo ikkje om det, seier Høyland, og legg til:

— Så eg har ikkje skrive noko som i det norske samfunnet genererer mykje hat.

Tankane gjekk også til om det kunne knytast til at han venta sitt første barn.

— Eg hadde jo nettopp fått barn, men eg trur ikkje eg har nokon så galne eksar at dei kunne ha gjort dette. Det var veldig fjernt og det er framleis vanskeleg å vite, seier Høyland.

Politiet etterforska drapstrusselen i om lag tre månader før saka vart lagd vekk på grunn av mangel på fleire bevis.

— Var ordentleg redd i mange år

Og sidan har Høyland levd i uvisse.

— Eg prøver å gløyme det, men eg var ordentleg redd i mange år. Eg var nervøs lenge. I starten såg eg meg mykje rundt. Fekk eg ein pakke i posten for eksempel, og fortsatt er det slik at får eg ein pakke i posten som eg ikkje veit at eg skal få, så blir det vanskeleg. Om nokon ringer meg og seier dei har noko til meg, så seier eg alltid at «eg skal ikkje ha noko no». Så den typen ting er framleis vanskeleg. Eller om det stoppar bilar utanfor huset. Eg blir ikkje redd, men det er ubehageleg, seier Høyland.

— Er du framleis redd for nummeret og adressa di?

— Ja.

— Det går betre, men det er nokre ting. Dersom folk plutseleg ber om nummeret mitt eller nokon som ikkje er klar over det gir det vidare til folk eg ikkje kjenner. Det er vanskeleg med andre foreldre i skule og barnehage. For det er jo mange vaksne som har eit fritt forhold til kva slags informasjon dei deler i heilt opne kanalar og ikkje ser ut til å forstå problemet med å legge ut telefonnummeret og adressa til folk, seier Høyland.

Bjørn Høyland har sidan han fekk haglepatrona i posten, fleire gonger blitt oppringd av ukjende nummer som kjem med urovekkande bodskap. Seinast ein gong i vår.

«No kjem det to som skal ta deg»

For historia endar nemleg ikkje med haglepatrona i posten for ti og eit halvt år sidan.

Trass i at nummeret hans har vore skjult og hemmeleg sidan, så er det nokon som har fått tak i det.

— Eg har blitt ringt fleire gonger av ukjente nummer, ofte på natta. No berre blokkerer eg nummera kvar gong, fortel Høyland.

Bodskapen frå dei som ringer er av ein karakter som kan gjere kven som helst redd. Siste oppringing var så seint som i vår. Klokka 22 om kvelden.

— Det var nokon som ringde og la igjen beskjed om at «no kjem det to som skal ta deg».

— Eg veit ikkje om det er dei same folka eller om det berre er nokon som har fått feil nummer, men dei har ringt ein del gonger. Men eg blokkerer kvar gong og då går det ganske lenge mellom kvar gong nokon ringer, seier Høyland.

Om dette kan knytast til haglepatrona i posten, anar han ikkje.

— Det kan jo hende det er nokon som er heilt sprø og som ringer og truar meg. Eg trur ikkje dei som ringer er dei same som sende patrona, fordi det verkar å vere nokon som har eit problem. Men eg veit jo ikkje. Hadde eg visst kven det var så hadde det vore mykje lettare. Men eg synest likevel dette er mykje lettare å handtere enn å få ei kule i posten, seier Høyland.

Kontakt journalisten

Har du tips eller andre tankar kring saka eller tematikken, ta gjerne kontakt på e-post: ragnhild.vartdal@khrono.no eller på tlf: 975 66 292.

— Ikkje så uvanleg som du trur

Khrono har heile vegen kommunisert med Høyland på e-post.

Og så har han ringt opp frå skjult nummer. Det var også slik denne saka blei til.

— Dette starta med at du lurte på kvifor eg hadde skjult nummer. Fleire har hemmeleg nummer, og det er ofte ikkje fordi vi ikkje ønskjer å snakke med journalistar, men fordi vi har opplevd ting som gjer at vi treng hemmeleg nummer, seier Høyland.

På e-post, som er den kommunikasjonskanalen som ligg offentleg ute, har han aldri motteke truslar. Men han innrømmer at han aldri sjekkar spamfilteret.

På spørsmål om han nokon gong har vurdert å endre karriereveg som følgje av dette, er svaret nei. Rett og slett fordi han framleis ikkje veit om han kan knyte truslane til han som forskar eller forskinga si.

Han har eit viktig bodskap med denne historia.

— Eg vil bidra til at folk som opplever truslar kan sjå at det også er andre som gjer det, det er ikkje så uvanleg som du trur. Det er nok andre i deira eige miljø som har opplevd liknande ting, seier Høyland.

Sjølv kjenner han minst to andre i sitt miljø som har motteke truslar.

— Ein av dei har hatt folk som har følgt etter seg. Men begge desse to har motteke truslar knytt til forsking eller undervisning. Dei veit kven det er og kva årsaka til trusselen er, og vedkommande har nok blitt tatt, seier Høyland.

For Høyland er det ikkje slik. Etter ti og eit halvt år er det framleis eit stort spørsmålsteikn.

— Det er ikkje alltid truslar er knytte til ei ytring. Det er på ingen måte mindre alvorleg dersom det er knytt til ei ytring, det er kanskje meir, fordi det øydelegg offentleg diskusjon. Men det kan altså skje heilt uavhengig av det, også.

Powered by Labrador CMS