Politiforsking

Oppvask etter Birgitte Tengs-saka: Meiner «feil» forsking vil føre til fleire politiskandalar

Kunne Birgitte Tengs-saka fått eit anna utfall om vi hadde hatt meir profesjonsretta forsking ? Ja, meiner førsteamanuensis og tidlegare drapsetterforskar, Ivar Fahsing.

— Mesteparten av forskinga på Politihøgskolen blir gjort av kriminologar som aldri har utført eit politiarbeid, seier forskar og tidlegare drapsetterforskar Ivar Fahsing.
Publisert

Sist veke vart det kjent at ein 50 år gammal mann er sikta for det uoppklarte drapet på Birgitte Tengs i 1995. Tengs' fetter vart dømd for drapet i 1997, seinare frikjent.

— Vi kan vente oss fleire skandalar i framtida, seier den tidlegare drapsetterforskaren og no førsteamanuensis ved Politihøgskolen (PHS), Ivar Fahsing, til Khrono.

Grunnen, ifølgje Fahsing, er kritisk mangel på forsking på konkrete politi- og etterforskingsmetodar.

— Mesteparten av forskinga på Politihøgskolen blir gjort av kriminologar som aldri har utført eit politiarbeid. Dei interesserer seg for dei store linjene, ikkje sjølve handverket.

No etterlyser han satsing på forsking med metodisk verdi i det praktiske arbeidet for politietterforskarar.

Forske før det går gale

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

— Vi har fått meir forsking om kva som går gale når det går gale i etterforskinga. Men vi har knapt forsking som fokuserer på kva ein bør gjere for å unngå at ting går gale, før det går gale. Det vi kan kalle «what works»-forsking, metode- og tiltaksforsking, finst nesten ikkje i politifaget. Nesten all forsking er kvalitativ og deskriptiv, seier Fahsing.

Han presiserer at han meiner kvalitativ og deskriptiv er viktig. Problemet er mangelen på det andre.

Etter 20 år i politiet, mellom anna i den såkalla mordkommisjonen hos Kripos, gjorde Fahsing akademikar av seg. Det er nettopp den praksisorienterte forskinga knytt til etterforskingsmetodar han arbeider med, no i permisjon frå Politihøgskolen og i eit engasjement ved Senter for Menneskerettigheter, Universitetet i Oslo.

— Vi er på veg, men det går dessverre altfor sakte. Det er ikkje denne typen forsking og utdanning som blir prioritert, seier Fahsing.

Han samanliknar med medisinfaget, der såkalla randomiserte kontrollstudiar er ein vanleg forskingsmetode for å avdekke effektar av for eksempel nye medisinar. Det er denne forskinga Fahsing vil ha meir av i politiforskinga: den som ikkje handlar om det som skjedde i gamle drapssaker, men det som skjer i «laboratoriet», eller «simulatoren».

Fallgruver og blindsoner

Fahsing brukar blant anna kvantitativ psykologi for å studere korleis metodar i etterforskinga best kan unngå blindsoner og fallgruver.

Den tidlegare drapsetterforskaren er sikker på at ei tettare kopling mellom politifagleg forsking og det praktiske handverket er avgjerande for at færre feil skal bli gjort – med dei dramatiske konsekvensane det har for samfunn menneske og samfunn.

Kunne Birgitte Tengs-saka fått eit anna utfall om vi hadde hatt meir profesjonsretta, «kva fungerer- forsking» tidlegare?

Ja, sannsynlegvis, seier Fahsing.

— Kven ville tatt ein ny koronavaksine utan forsking om studerer effekten – før den blir tatt i bruk? Som profesjonell utøvar, også i politiet, har du ansvaret for rett «medisin» til rett «pasient». Politiforskinga må forankrast i profesjonen, og gå hand i hand med dei som utfører oppgåvene. For at det skal kunne skje, må vi ha eit langt større metodisk grunnlag.

Politihøgskoletenking

Polititenestemann og ekspert på etterforsking og avhøyrsmetodar, Asbjørn Rachlew, uttalte nyleg til NTB at det har skjedd ei kulturendring i politiet. Ein av grunnane er eit høgare utdanningsnivå.

— Det er ingen tvil om at politihøgskoletenkinga pregar politiet på ein heilt annan måte i dag enn tidlegare, seier han, ifølgje Stavanger Aftenblad.

Politihøgskolen fekk full høgskoleakkreditering i 2004 og tilbyr i dag både bahcelor- og mastergrad for studentane sine.

I studiar av avhøyrsmetodar på 1990-talet avdekte Rachlew ein ukultur i politiet der det å presse og manipulere fram tilståingar i fleire tilfelle vart viktigare enn å få meir informasjon. Avhøyra i Tengs-saka var blant dei han undersøkte.

I dag er den kritiske tenkinga på eit høgare nivå og metodane langt meir forskingsbaserte, ifølgje Rachlew.

Fahsing er delvis einig med sin kollega. Det siste vitskapelege arbeidet sitt har han publisert nettopp saman med Rachlew i The Police Journal: ein studie med 100 etterforskarar som med kontrollgrupper testar ulike strategiar for å unngå feilslutningar i etterforsking.

Får fleire skandalar

— Vi går i rett retning. At Politihøgskolen no tilbyr bachelor og master i etterforsking er bra. Men dette er framfor alt deskriptiv forsking, og ikkje metodeutvikling. Det må vi gjere noko med om vi skal komme vidare. Då trengst det heilt andre prioriteringar. Faget må forankrast i profesjonen, seier Fahsing.

Tengs-saka er den førebels siste i ei rad politi- og rettsskandalar dei siste åra. Ein av dei var den såkalla Monica-saka i Bergen i 2016.

Så lenge mangelen på profesjons- og praksisretta forsking held fram, vil også skandalane halde fram med å komme, trur Fahsing.

— Fordi kunnskapsproduksjonen knytt til heilt sentrale metodar er for låg. Og fordi forståinga av behovet for er altfor låg.

Powered by Labrador CMS