Kampen om pengane

Klasseskilje blant unge forskarar: — Eg stiller på ein startstrek to kilometer bak dei andre

Unge forskarar på små universitet har ein tung motbakke i kampen om pengar og posisjonar, meiner Anne Tjønndal.

I 2018 takka Anne Tjønndal nei til jobb på NTNU. — Reint strategisk, med tanke på karriere, ville det utan tvil ha vore det luraste å takke ja. Men livet mitt er meir enn forsking. Eg vil gjerne vere med å bygge opp ting her i nord, seier ho.
Publisert Oppdatert

— Eg er av og til usikker på om det er verd det.

Idrettssosiologen Anne Tjønndal er ei av stjernene blant dei unge forskarane i landet. Publikasjonslista er alt lang og tung, tre år etter ho tok doktorgraden. Som medlem i Akademiet for yngre forskarar (AYF) høyrer 32-åringen til ein elite, den komande generasjonen toppforskarar.

Men blir det ved Nord universitet?

Oppoverbakken er brattare for dei som jobbar utanfor sentrum, bortanfor, for ikkje å seie nordafor, rike og etablerte universitet i dei største byane, meiner Tjønndal. I dag er ho førsteamanuensis ved Fakultet for samfunnsvitskap, og deler tida si mellom Bodø og Mo i Rana.

Stiller med handikap

— Mi erfaring er at rammene er svært ulike. Det handlar om økonomi, ressursar til forskingsopphald, konsulenttenester – alt dette er det mindre av hos oss enn på dei store universiteta, seier ho.

Khrono har i det siste sett søkelyset på norske universitets ulike bruk av konsulentselskap i jakta på attraktive forskingsmidlar. Mens Noregs største universitet, NTNU, lenge har hatt avtalar med konsulentar for å jobbe med kurs, intervjutrening, arbeid med CV og søkander, har til dømes nykomlingen Universitetet i Søraust-Noreg, ingen slike avtalar. Som ledd i rektor Klaus Mohns ambisjon om å ta Universitetet i Stavanger opp i «elitedivisjonen», har han inngått avtalar med fleire europiske konsulentselskap. Også Nord universitet brukar konsulentselskap til hjelp med søknader.

Konsulenttenestene har ikkje Anne Tjønndal erfaring med sjølv. Frå hennar ståstad er det heller ikkje nødvendigvis konsulentavtalane som er avgjerande.

— Det handlar om administrativ støtte, om dei menneskeleg ressursane og kompetansen ein har tilgjengeleg rundt seg. Blant anna om kor mange stillingar ein har til å arbeide med forskingsfinansiering.

Ho vil ikkje seie eit vondt ord om forskingsadministrasjonen på Nord, som «har altfor mykje å gjere frå før». Men som forskar stiller ho med handikap, samanlikna med kollegaer i storbyane, har ho erfart.

Nord - UiO: 1-10

Eg blei ganske overraska då Universitetet i Oslo stilte med et tosifra antal medarbeidarar

Anne Tjønndal

I starten av forskarkarrieren var ho meir eller mindre ubevisst om «klasseskiljet» mellom dei store og dei små institusjonane. Den ubehagelege oppvakninga kom på ein tur til Bergen.

— Det var ein wake up call for meg. Forskingsrådet hadde eit kurs om ERC starting grant for nokre år sidan (attraktivt toppstipend frå EU, red.merkn.), og eg drog ned for å lære litt om korleis dette fungerer. Eg blei ganske overraska då Universitetet i Oslo stilte med et tosifra antal medarbeidarar. Dei store universiteta hadde sendt heile team av administrativt tilsette. Eg var ein einsleg stipendiat frå Nord. Ein kunne sagt at dette var tilfeldig. Men eg har hatt mange opplevingar i ettertid som liknar på dette.

Eit anna eksempel har ho frå eit besøk i Brussel, der føremålet var å knyte kontaktar.

— Då oppdaga eg at NTNU hadde sin eigen lobby der. Eg tenkte berre, «ok, eg har ikkje ein sjanse». Eg føler at eg stiller på ein startstrek to kilometer bak dei andre.

Tjønndal er einaste medlem frå Nord universitet i Akademiet for yngre forskarar, som er ein del av det prestisjetunge Det Norske Videnskaps-Akademi.

— Medlemene er primært frå dei store. Du merkar fort at det er langt vanskelegare å kvalifisere seg til denne typen nettverk når du kjem frå ein liten institusjon. Inngangsbilletten er at du har utretta noko på eiga hand. Og når du kjem frå eit lite universitet utan apparatet rundt deg, må du gjere det endå meir på eiga hand, seier Tjønndal.

Terskelen blir ikkje akkurat lågare internasjonalt, der der vurderingane i endå større grad blir farga av kor kjent eller ukjent eit universitet er, når pengar blir delt ut, meiner ho.

I 2020 kunne Khrono fortelje at NTNU, Universitet i Oslo og Universitetet i Bergen åleine brukte ein halv milliard på konsulenttenester totalt. Ein del av dette går til PR og kommunikasjon.

Så kva er det som held Tjønndal i nord? Kvifor spele i ein liten klubb når det finst ein større liga?

Valde oppoverbakkane

I 2018 fekk ho jobbtilbod frå NTNU, der ho tok mastergraden. Men ho takka nei.

— Reint strategisk, med tanke på karriere, ville det utan tvil ha vore det luraste å takke ja. Men livet mitt er meir enn forsking. Eg vil gjerne vere med å bygge opp ting her i nord, seier Tjønndal.

Så ho valde fødebyen Bodø, og å gå oppoverbakkane, som altså viste seg å vere brattare enn ho visste den gongen.

I tillegg til å vere forskar i eliteklassen har Tjønndal også følgt opp ein karriere som ein av landets beste boksarar. Boksesporten har også stått sentralt i forskingsarbeidet hennar. No ligg engasjementet i stor grad på trenarsida i bokseklubben i Bodø, som både held eit høgt sportsleg nivå og samstundes gir eit viktig sosialt tilbod for barn og unge i byen.

For Tjønndal er i tillegg forskarfellesskapet i Akademiet for yngre forskarar viktig for valet om å bli verande i nord.

— Eg følte meg heldig som fekk innpass der. Plutseleg fekk eg tilgang til et nettverk av veldig flinke og ambisiøse folk, vi kunne dele, og eg fekk sjå korleis desse «mystiske» godkjente søknadene kan sjå ut.

Anne Tjønndal har lenge kombinert toppidrett med toppforsking. Det er langt frå minste motstands veg å velje å gjere det i Bodø, framfor i storbyane med store og etablerte institusjonar i ryggen.

I februar sende ho søknad med håp å om kapre ein bit av Forskingsrådets pott til unge forskingstalent. Ho er ikkje tvil: Utan nettverket mitt i AFY ville søknaden ha blitt mykje dårlegare.

Om vi får møte ein professor Tjønndal med adresse Nord universitet om nokre år, kan ho likevel ikkje garantere.

— Dersom geografi og plassering held fram med å kjennest som eit hinder for utviklinga av karriere og forskinga, blir det til slutt eit verdival. Kor mykje skal forskinga bety i livet? I dag tenker eg at livet mitt trass alt er meir enn forsking.

Powered by Labrador CMS