Debatt lone lunemann jørgensen

«Ikkje bruk vasskokaren. Gud forby, IKKJE bruk kjøleskapet. OG. IKKJE. BRUK. KAFFITRAKTAREN.»

Dette er ei soge om lesesalens eigne velferdsprofitørar (skriven i affekt).

Korona har endra også lesesalslivet: Sit på den plassen du har fått. Ikkje sleik på borda eller på dei andre som også er der, skriv masterstudent Lone Lunemann Jørgensen..
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eg sit på lesesalen, leverer master om ein månad, og det er ganske stussleg. Litt fordi alle eg starta på master med leverte i fjor. Men denne tråden handlar ikkje om mitt manglande sosiale liv. Det handlar om lesesalens heilt eigne velferdsprofitørar.

Då eg i haust skulle attende til Universitetet i Oslo etter to år – TO AOR – i utlendigheit også kjend som arbeidslivet, var det for å levere den hersens masteroppgåva. Fuck normert progresjon, som Aristoteles sa. Det var også for å ha ein arbeidsplass og eit arbeidsmiljø eg kunne gå til kvar dag.

Men som dykk kanskje veit, så har ein anna student starta på UiO. Rona har sjekka inn. Rona har gjort at eg og mine medstudentar måtte ta eit helvetes pedagogisk opplegg på dataen for å i det heile tatt få lov til å opphalde oss på Øvre Blindern i haust.

langt, så bra.

Vask nevane. Ikkje pill deg i nasen på førelesning. Ikkje gå på førelesning. Og: IKKJE BRUK PAUSEROMMET.

Bruk lesesalen. Den er open mellom 06.00 og midnatt. Sit på den plassen du har fått. Ikkje sleik på borda eller på dei andre som også er der.

MEN IKKJE BRUK PAUSEROMMET.

Ikkje under NOKO HØVE oppheld deg på pauserommet. IKKJE bruk mikroen.

Ikkje bruk vasskokaren.

Gud forby, IKKJE bruk kjøleskapet.

OG.

IKKJE.

BRUK.

KAFFITRAKTAREN.

Alt dette og meir har stått i strenge e-postar frå ordenseleven i masterclassen. H*n som sender ut liste med at folk må sjå til å bruke plassane sine. Som tenkjer at dette gjev h*n nok behov for eit ekstra linjeskift på sin Curriculum Vitae Pro. Flinkast i klassen, si.

FLINK at h*n og venane har funne det for godt å STJELE kaffitraktaren frå pauserommet INGEN UNDER NOKO HØVE HAR LOV Å OPPHALDE SEG I og sette den på sin EIGEN lille SAS-lounge av eit datarom på lesesalen.

OG. DEI. BRUKAR. KAFFITRAKTAREN.

Det luktar kaffi overalt. Det luktar kaffi klokka 18.34 på ein torsdag kveld på masterlesesalen, for her sit eg og to til og vi får ikkje kaffi, fordi VI, VI FYLGJER REGLANE. Vi veit at den einaste kafeen på bygget er open mellom 10 og 15.

Det handlar om nepotisme i den grad at det berre ville blitt akseptert i det skikkeleg gamle Hellas.

Lone Lunemann Jørgensen

Kroppen min består no av 74 prosent tørr rugkjeks. Eg drit snart sponplater. FORDI EG FYLGJER REGLANE. Fordi eg veit at eg ikkje berre kan HENTE DEN JÆVLA MIKROEN og varme middagsrester ved pulten min. Eg veit det, fordi eg veit at desse dumme reglane er til for fellesskapen.

Eg veit at det er slitsomt, på ekte, å planlegge mat som er nokonlunde sunn og etande etter 12 timar i ryggsekken. Dette veit eg fordi eg er midt i ein jævla masterinnspurt. Eg har vurdert å jobbe heimefrå fordi dette er så jævla stussleg. Og det er dårleg gjort.

Så eg har, i tillegg til å produsere om lag den mengden tekst eg planla, skrive ein rasande e-post til nokon som sikkert ikkje har mogleik til å ta dette opp med rette vedkommande. Og så har eg skrive alle desse kokforbainna tweetsa til dykk alle.

Berre hyggeleg.

Men serr. Dette handlar om arbeidsmiljøet vårt. Det handlar om å stjele frå fellesskapen. Og det handlar om nepotisme i den grad at det berre ville blitt akseptert i det skikkelege gamle Hellas. Og kva veit eg. Det kan vere ein jævla retorikkstudent som har tatt seg til rette.

Det gjev eg faen i. Takk for at du kom til min TEDrant.

(Teksten ble først publisert på Lone Lunemann Jørgensens Twitter-konto)

Powered by Labrador CMS