Norske studentar gjer det bra på ei ny OECD-måling som testar kunnskapane deira.

Norske studentar gjer det bra i ny måling

Studentar i Noreg gjer det femte best i verda i ei ny måling frå OECD. Dei som gjer det aller best kjem frå Japan, Finland og Nederland.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er BBC News som melder at det blir heilt andre land enn USA og Storbritannia som toppar lista når OECD måler kor flinke studentane er, enn det som vanlegvis blir resultatet på dei tradisjonelle listene over verdas beste universitet, skriv Uniforum.

I undersøkinga frå OECD har dei testa kunnskapane til studentane som har gått på universiteta i medlemslanda til OECD.  

På universitetsrangeringane har dei brukt indikatorar som omdømme og talet på vitskaplege tilsette samanlikna med talet på studentar og korleis dei markerer seg på målingar som viser forskingskvalitet og tal på siteringar og publiseringar i vitskaplege tidsskrift. Difor toppar Oxford University den siste rangeringa frå Times Higher Education Supplement, medan dei amerikanske universiteta Harvard, Massachussets institute of Technology, Stanford og britiske Cambridge som regel byter om å ta dei andre topp-plassane.

Norske studentar på kunnskapstoppen

Når det er kunnskapane til studentane som har gått på universiteta i OECD-landa som blir testa, viser det eit heilt anna bilete, skriv BBC News i dag.  Då var det studentane frå Japan og Finland som tok dei to øvste plassane. Deretter fylgde Nederland, Australia, og truleg overraskande for mange, Noreg på femteplass. Då er det berre tatt omsyn til kunnskapane til studentane, og ikkje til omdømmet eller at universiteta har godt ord på seg, understrekar BBC.

Då får OECD fylgjande Ti på topp-liste:

  1. Japan
  2. Finland
  3. Nederland
  4. Australia
  5. Noreg
  6. Belgia
  7. New Zealand
  8. England
  9. USA
  10. Tsjekkia

BBCs utdanningskorrespondent Sean Coughlan kommenterer dette tørt med at sjølv om dei amerikanske Ivy League-universiteta er velkjende over heile verda, så er resultatet at norske og australske universitet ser ut til å utdanna studentar med meir kunnskapar enn det desse berømte amerikanske universiteta gjer.

Eit anna viktig poeng han peikar på, er at land som Sør-Korea og Singapore, som alltid skårar høgt på PISA-testane som måler kunnskapane til 15-åringar, mellom anna i matematikk, ikkje gjer det spesielt bra når dei måler kunnskapane til universitetsstudentane. Han meiner det viser at eit suksessfullt grunnskulesystem, ikkje automatisk fører til ein like stor suksess for desse elevane når dei seinare tar høgare utdanning i desse landa.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS