Om det ikkje gjekk så bra i eksamenslokalet kan det freiste å klage, men innser du at det ikkje er så lurt å klage likevel er det berre å trekkje klaga. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Det er lov å angre på karakter-klagen

Karakteren dumper ned i Studentweb, i full affekt skriv du ei klage. Men kva om du angrar deg? Da har du full rett til å trekke klagen ifylgje Kunnskapsdepartementet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det var Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) som fyrst kontakta departementet med problemstillinga: Er det lov til å trekkje klage over eksamenskarakter?

Statssekretær Bjørn Haugstad (bildet under) i Kunnskapsdepartementet fortel at departementet er kjent med at det tidlegare har vore slike avgrensningar i det han kallar «uoffisielle» klagerettleiarar, for eksempel på fakultetsnivå.

– Difor sendte vi svaret vårt til Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og til alle universiteter og høgskular og Universitets- og høgskulerådet. Dette som ein orientering om ein viktig, men ikkje alltid like aktuell, del av regelverket, utdjupar Haugstad.

Kan ombestemme seg

Eg er kjend med at det i alle fall tidlegare har vore innteke avgrensingar i trekkretten i <<uoffisielle>>
klage-rettleiarar for eksempel på fakultetsnivå.

Bjørn Haugstad 

I brevet frå departementet står det: « For alminnelig forvaltningsklager er det adgang til å trekke tilbake klagen inntil saken er avgjort».

Det står vidare at ved ein så sentral rettigheit som klage over forvaltingas vedtak, må det vere ein klar hjemmel  for å kunne vike frå hovudregelen om rett til å trekkje klagen.

«Departementet legger dermed til grunn at det etter gjeldende rett ikke er adgang for institusjonene til å avskjære trekkretten. Det er derfor ikke anledning til å ta inn en bestemmelse om at klager ikke kan trekkes i klageveileder eller lignende».

Fleire har hindra studentane i å trekkje si klage

I skrivet til alle universitet og høgskular står det at dei har vorte gjort merksamde på at fleire institusjonar hindrar  studentar i å trekkje si klage på eksamenskarakteren.

«Etter det departementet erfarer er slike begrensninger i så fall tatt inn i institusjonenes klageveilder til studenter eller lignende, ikke institusjonens forskrift» står det i skrivet.

Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet er kjent med at det har vore slike avgrensingar tidlegare, men meiner at det nå har vorte rydda opp i.

­— Eg kjenner ikkje til nokon institusjon som opererer med ein slik regel i dag, seier han.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS