Danskene best i Norden

Universitetet i Oslo fell ni plassar og hamnar på 67. plass over verdas beste universitet, og er 6. best i Norden. Det viser årets Shanghai-ranking. Harvard-universitetet tar førsteplassen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Oslo fell ned ni plassar samanlikna med plasseringa frå i fjor.

NTNU i Trondheim hamnar på ein av plassane mellom dei 101 og 150 beste universiteta i verda.  Universitetet i Bergen er også mellom dei 201 og 300 beste universiteta i verda.

Københavns Universitet best i Norden

Av dei nordiske universiteta er det Københavns Universitet som gjer det best. Det hamnar på 30. plass,  noko som gir universitetet ein fjerdeplass mellom Europas beste universitet. Då blir det naturleg nok også Nordens beste universitet på denne rangeringa.

Det blir fylgt av Karolinska Institutet som kjem på 44. plass i verda, medan Helsingfors universitet tar den tredje pallplassen i Norden, og blir nummer 56 mellom verdas beste universitet. Også Uppsala universitet og Aarhus Universitet plasserer seg betre enn Universitetet i Oslo på denne lista. Dermed blir Universitetet i Oslo nummer 6 i Norden, og nummer 21 i Europa.

USA tar alle pallplassane

Ikkje overraskande er det Harvard-universitetet i USA som tar gullplassen på verdsrankinga. På dei neste to plassane fylgjer Stanford og Berkeley.

På fjerdeplass kjem Cambridge-universitetet, som er det beste europeiske universitetet på denne lista. Det rivaliserande universitetet i Oxford hamnar på ein sjuandeplass. 

Sveits og Japan høgt oppe

Det beste ikkje-engelskpråklege universitetet er Swiss Federal Institute of Technology Zürich i Sveits. Det tar 19. plassen på verdsrankinga.  The University of Tokyo er best i Asia, og får 20. plassen.  

Shanghai Jiao Tong-universitetet som står bak denne verdsrankinga, plasserer seg sjølv mellom dei 101 og 150 beste universiteta i verda, i selskap med mellom andre NTNU

Måler 1200 universitet

Denne verdsrangeringa heiter offisielt Academic Ranking of World Universities (ARWU) og byggjer på seks objektive indikatorar. Ein av dei er talet på tidlegare studentar og vitskaplege tilsette som har fått nobelprisar og Fields-medaljar.

Dessutan inkluderer rankinga talet på dei mest siterte forskarane, talet på vitskaplege artiklar publiserte i Nature og Science, og det samla talet på artiklar som institusjonen har i databasane Science Citation Index-Expanded og Social Sciences Citation Index. 

Universitetsrangeringa har målt 1200 universitet over heile verda, og resultata for dei 500 beste blir publiserte.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS