Nøgde fusjonspartnarar i vest

Fusjonsrektorane på Vestlandet er svært nøgde med framlegg til fusjonsplattform for Vestlandshøgskulen etter krevjande forhandlingar. Sjølv rektor Johann Roppen i Volda kunne - nesten - tenkt seg å vore med no.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det å få til ei plattform som er så grunnleggjande og prinsipiell som vi ønskjer har vore det vanskelegaste, seier rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen, til På Høyden.

—  Eg er veldig glad for at vi har nådde denne milepælen. Det mest krevjande har vore å få alle til å føle seg godt ivaretekne, utan å gå for mykje i detalj. No skal plattforma behandlast i styremøta 12. mai, og i ei ny styrebehandling 9. juni, seier Søgnen til På Høyden.

— Eg må berre gratulere, og bukke og nikke for nynorsk som administrasjonsspråk, seier rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda. Dei har valgt å stille seg på sidelinja og heller halde fram åleiene som høgskule og ikkje fusjonere med nokon. 

— Eg kan ikkje sjå kva som kan velte denne fusjonen og Vestlandshøgskulen no, seier han til Khrono.

Krevjande med styret

Og om både Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtek plattforma, blir det eit nytt, felles interimstyre frå hausten av.

— Samansetjinga av styret har òg vore krevjande, seier Søgnen.

Men onsdag klarte dei tre, Rasmus Stokke (t.v.), Liv Reidun Grimstvedt og Ole Gunnar Søgnen likevel å bli einige om ei plattform for den framtidige Vestlandshøgskulen.

Løysinga dei har vald er eit interimstyre som skal veljast for ein periode på eit halvt år, som deretter går over til å bli et fellesstyre i to og et halvt år deretter. Det blir 13 medlemar: 6 frå HiB, 3 frå HSH og 3 frå HiSF. Men fire av desse er utpeikt av departementet, og det er usikkert kva omsyn dei vil ta når dei finn eksterne styremedlem. I tillegg kjem ein ekstern styreleiar. Dermed får verken HiB eller kombinasjonenHSH og HiSF fleirtal i styret, noko som har vore viktig for alle dei tre institusjonane..

Gjennomgåande utdanningar

Eitt punkt Søgnen særleg er nøgd med er at det tidleg i forhandlingane blei klart at alle utdanningane skulle vere gjennomgåande på alle dei tre institusjonane.

— Eg er glad for at vi tidleg i forhandlingane fekk gjennomslag for gjennomgåande utdanningar og felles leiing. Det er ein utruleg viktig del av avtalen, og det kom vi lett fram til, seier Søgnen.

I Sogndal synest rektor Rasmus Stokke at dei har fått bra gjennomslag for Høgskulen i Sogn og Fjordane sine hjartesaker.

— Eg er godt fornøgd, og plattforma er veldig godt gjennomarbeidd. Og frå HiSF si side har vi fått gjennomslag for viktige moment, men sjølvsagt ikkje alt, seier Stokke.

Nøgd med nynorsk

Han er mellom anna svært nøgd med at ein stor-høgskule vil få nynorsk som hovudmålform.

— Eg håper at det vil vere med på å gi nynorsken og vestnorsk språkkultur tyngde ved at vi markerer det på denne måten, seier Stokke.

På den annan side har dei akseptert at rektor får hovudarbeidsplass i Bergen. Men til gjengjeld blir det tre prorektorar i dei tre «nærregionane».

Talet på fakultet blir det opp til interimstyret å avgjere.

Høgskulen i Sogn og Fjordane ville i utgangspunktet at rektor ikkje skulle ha nokon fast arbeidsstad, og dei ville og peike ut det nye interimstyret, i staden for val.

– Men her har dei to andre hatt eit anna syn enn oss, og det er ikkje slike saker som er avgjerande for om ein seier nei eller ja til ein fusjon, seier Stokke.

(Foto: Skjalg Bøhmer Vold)

Viktig med studentrepresentantar

— Eg er eigentleg imponert over kor løysingsorienterte vi har vore. Vi har vore einige i kva målet er: At vi skal vere ein høgskule for heile Vestlandet, seier HSH-rektor Liv Reidun Grimstvedt (bilete over).

Ho fortel at det har vore viktig at ulike grupper får ein rettvis representasjon i interimstyret.

— Det har vore viktig at studentar frå alle dei tre stadene er representert, og vi legg opp til at studentane får ein fast, møtande vararepresentant i styret, med talerett.

I det 13 personar store styret ligg det inne ein del kompromiss, men Kunnskapsdepartementet har ved tidlegare fusjonar vore fleksible for å få til løysingar som skil seg litt frå normalordninga. 

(Foto: Maja Lindseth)

Roppen er positivt overraska

Rektor Johann Roppen i Volda ha lese framlegget til plattform som snøggast, og blei positivt overraska over nynorskprofilen. 

— Det har kome ein del avklaringar her som er greie, med hovudcampus i Bergen og at ingen tilsette skal måtte slutte eller flytte. Men det skal bli spenneande å sjå til hausten når mykje av det som står i plattforma skal konkretiserast. 

— Ein ting som eg merka meg at det ikkje står noko om er eit mål eller ambisjon om at det skal vere doktorgradsutdanningar i alle tre fylka, slik dei er samde om ved Høgskolen i Sørøst-Norge, seier Roppen. 

— Blei det så bra dette at du kunne tenkt deg å vore ein del av denne fusjonen likevel no? 

— Det er mykje bra her. Men no skal Høgskulen i Volda i gang med å lage ein ny overordna strategiplan som vi skal jobbe fram neste halvåret, så får vi sjå kva som skjer, seier Johann Roppen. 

Les også: Fusjonsplattforma

Samansetjinga av styret har òg vore krevjande.

Ole Gunnar Søgnen

Eg håper at det vil vere med på å gi nynorsken og vestnorsk språkkultur tyngde ved at vi markerer det på denne måten.

Rasmus Stokke

Eg er eigentleg imponert over kor løysings-orienterte vi har vore.

Liv Reidun Grimstvedt

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS