null Foto: Sara Johannessen/HiOA

«De vitenskapelig ansattes kvalitetsvurderinger står delvis i kontrast til studentenes vurderinger»

Er det meir oppfølging av studentar og lengre praksis eller meir fagleg fordjuping og forsking som skal heve kvaliteten i høgare utdanning? NIFU-rapport viser at studentar og vitskapeleg tilsette har ulik oppfatning av kva som må til.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«De vitenskapelig ansattes kvalitetsvurderinger står delvis i kontrast til både studentenes og de ferdige kandidatenes vurderinger» står det i NIFU-rapporten «Kvalitet og samspill i universitets og høgskolesektoren», som kom ut i april 2016.

Ifølgje rapportar er dei tilsette opptekne av at studentane skal vere kvalifiserte for vidare studium, forsking og arbeidslivet. I tillegg er det viktig for dei med effektivitet og gjennomstrømming, og å oppretthalde akademiske standarar.

Studentane på si side skulle gjerne sett at det dei lærte var meir relevant for arbeidslivet og at praksisopplæringa vart styrka og at dei fekk betre tilbakemeldingar.

Treng betre oppfølging

— Det verkar til at det er for lite ressursar til oppfølging av større oppgåver vi gjer, seier tredjeårsstudent ved lærarutdanninga og påtroppande parlamentsleiar ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), Sunniva Braaten (22).

Det verkar til at det er for lite ressursar til oppfølging av større oppgåver vi gjer.

Sunniva Braaten

Samfunnet vi lever i stiller store krav til å behandle og vurdere informasjon, trening i å skaffe kunnskap på ein forskingsbasert måte tenker eg at gir et godt grunnlag for å bidra i samfunns- og arbeidslivet.

Nicoline Frølich

Vi må fortsette å lytte til våre brukarar; studentane, og i sterkare grad våre avtakarar; studentanes framtidige
arbeidsgjevarar.

Nina Waaler

Ho og studievennina, Silje Løseth Sponås (bilete under), meiner at det fører til at dei får korte og upresise tilbakemeldingar frå forelesarane sine.

NIFU sin rapport gjev eit bilete av at dette er gjengs blant norske studentar. Medan dei vitskaplege tilsette som har svart på NIFU sin undersøking, meiner oppfølginga er bra.

Forskingsleiar for høgare utdanning ved NIFU, Nicoline Frølich, påpeiker at spørsmåla til studentane og dei akademisk tilsette ikkje er utforma likt og at resultata ikkje kan samanliknast direkte.

— Eksempelvis har lærarane vorte spurde i kor stor grad dei gir rettleiing og dei har ikkje svart på kvaliteten av rettleiinga, utdjupar Frølich.

Ulik vurdering av kvaliteten

NIFU har spurt, vitskapleg tilsette, eksterne styrerepresentantar, studentar og ferdige kandidatar i høgskule- og universitetssektoren om kvalitet i høgare utdanning. I tillegg har dei sett på data frå NOKUT sitt studiebarometer og kandidatundersøkinga. Resultata viser at forståinga av kvalitet varierer mellom interessegrupper, og at dei legg vekt på ulike dimensjonar av kvalitetsomgrepet

Dette fører til ulik vurdering av kvaliteten i norsk høgare utdanning og at studentar og dei vitskapleg tilsette har ulike oppfatningar av kva som må endrast for å heva kvaliteten på utdanninga.

Frølich påpeiker at kvalitet i høgare utdanning er ei samansett diskusjon.

— Ein må vere konkret på kva kvalitet ein snakkar om. Er utdanningsløpet effektivt, er utdanninga relevant, kva standarar skal ein gå etter, eksemplifiserer forskingsleiaren.

Ho fortel óg at om ein vil heve kvaliteten på eitt området kan det kome i konflikt med andre. Eksempelvis kan auka gjennomstrømning kome i konflikt med kravet til fordjuping.

Òg på spørsmålet om å bli meir praksisorientert er studentar og vitskapleg tilsette ueinige om kva som vil heva kvaliteten. Dei som har fullført utdanninga skulle gjerne sett at det dei lærte var meir relevant for arbeidslivet og at praksisopplæringa vart styrka. Medan fagleg tilsette er lite entusiastiske til ei meir praksisorientert utdanning.

Ønskjer seg meir praksis

Lærarstudentane Braaten og  Løseth Sponås, som i dag har 100 praksisdagar i løpet av den fire år lange utdanninga, skulle gjerne sett at dei hadde meir tid ute i den verklege verda.

— Ein lærar på ein heilt annan måte under praksis. Ein knyter det ein har lest om til konkrete situasjonar og ein ser behovet for å kunne noko om det. Det gjer det lettare å lese til eksamen, seier Løseth Sponås.

— Det er ein del ting ein ikkje kan lære her på førelesning, legg Braaten til.

Prorektor for utdanning ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), Nina Waaler, meiner at dei definitivt bør lytte til studentane, men at det er mykje snakk om kvantitet, meir oppfølging og meir praksis.

—Eg meiner vi i sterkare grad skal fokusere på betre oppfølging og betre praksis. Vi har mykje godt datagrunnlag å ta utgangspunkt i for å heve kvaliteten både med tanke på oppfølging og praksis for våre studentar, seier ho.

Vil ha meir fagleg fordjuping

Ifølge NIFU er dei viskapleg tilsette gjennomgåande nøgd med utdanningane sin relevans for arbeidslivet. For å heva kvaliteten ønskjer dei seg meir fagleg fordjuping og dei vil trekkje studentane meir med i forsking.

Dette har NIFU-forskar Frølich trua på.

— Samfunnet vi lever i stiller store krav til å behandle og vurdere informasjon, trening i å skaffe kunnskap på ein forskingsbasert måte tenker eg gir et godt grunnlag for å bidra i samfunns- og arbeidslivet, seier ho.

Waaler tykkjer det er flott at vitskapleg tilsette ønskjer seg både meir fagleg fordjuping og å inkludere studentane meir i forskinga.

— Dette heng godt saman med kva studentane etterlyser; fagleg sterke forelesarar og å vere ein del av det akademiske fellesskapet ved for eksempel å ta del i forskingsprosjekter og -grupper, seier prorektoren.

Kvalitet tema på kunnskapskonferanse

2. juni sparkast årets kunnskapskonferanse ved Høgsklen i Oslo og Akershus (HiOA) i gang. Årets tema er kvalitet i høgare utdanning. Prorektor for utdanning på HiOA, Nina Waaler, både trur og håper at tema som NIFU-rapporten diskuterer vil bli tatt opp på konferansen.

Sjølv trur ho at vitskapleg tilsette med god fagleg innsikt, i mange tilfelle vil kunne gje betre fagleg oppfølging til sine studentar. Samtidig som studentane sine praksisperiodar kan kombinerast med deltaking i forskingsprosjekt.

— Det bli allereie gjort mykje godt arbeid med tanke på å heva kvaliteten i høgare utdanning, men vi kan definitivt bli betre. Vi må fortsette å lytte til våre brukarar; studentane, og i sterkare grad våre avtakarar; studentanes framtidige arbeidsgjevarar, seier Waaler.

Ho fortel vidare at det blir brukt mykje ressursar på ei rad med tiltak med mål om å auke kvaliteten.

— I dette arbeidet må vi i sterk grad ta høgde for både mangfaldet og variasjonen av fagområder og studentgrupper. Leiarane har her eit stort ansvar og spesielt dei som er tettast på undervisninga og dei som har ansvar for studieprogramma. Det vil vere viktig å styrke utdanningsleiinga og å utvikle eit godt og velfungerande meritteringssystem for undervisninga, meiner Waaler.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS