30.000 ungdom i Oslo med på ny undersøkelse. Foto: Chris JL

Spør mange unge om radikalisering

Dobbelt så mange ungdommar som før skal delta i den største undersøkinga av ungdom i Oslo nokonsinne.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ung i Oslo-undersøkingane har kartlagt ungdom i Oslo fleire gonger før, men no er undersøkinga dobbelt så stor som tidlegare.

Før spurte NOVA berre tre årskull, men no skal elevar i alle seks åra på ungdomsskolen og videregåande få høve til å svare. Meir enn 30.000 ungdommar skal få spørjeskjemaet, i 2012 var det 15.000. Med hjelp frå Salto og Nav skal forskningsinstituttet fange opp dei som ikkje går på skole.

Radikalisering

Spesielt for denne undersøkinga i Oslo i år er at den òg har spørsmål om ekstremisme og radikalisering.

— Det er mange i dei kommunale tenestane som er opptekne av dette, og undersøkinga skal gje bydelane meir informasjon om korleis dei kan møte innbyggarane sine, seier Andersen.

Det er ein kjempedugnad, rett og slett, for å hente fram kunnskap om byen og ungdommane i byen.

Patrick Lie Andersen

Ein stor del av spørsmålane kan samanliknast med andre kommunar, og noko er for å samanlikne med tidligare undersøkingar i Oslo.

— Kjempedugnad

— Det er ein kjempedugnad, rett og slett, for å hente fram kunnskap om byen og ungdommane i byen, seier prosjektleiar Patrick Lie Andersen frå forskningsinstituttet NOVA.

— Når fleire får undersøkinga kan forskarane sjå meir variasjon og meir om kva som skjer i løpet av åra på videregåande, til dømes rusbruk og psykisk helse, seier Andersen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS