— Eg trur ikkje at det å bli universitet vil gjere profesjonsutdanningane svakare. Faren ligg i lærarplanane, seier tidlegare høgskoledirektør, Åsulv Frøysnes. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Universitet er ikkje det same som det eingong var

— Kunnskapsløysa om høgare utdanning og forskning er den same hos politikarar som hos folk flest. Dei har vanskar med å få med seg at universitet i Norge er noko anna enn før, meiner tidlegare høgskoledirektør Åsulv Frøysnes.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Åsulv Frøysnes har 17 år bak seg i stolen som høgskoledirektør ved Høgskolen i Oslo.Han gjekk av då Oslo og Akershus slog seg saman og blei HiOA i 2011. Før dette var han i mange år byråkrat i det som i dag heiter Kunnskapsdepartementet. Men sjølv om han no er pensjonist så kviler han ikkje på laurbæra. Han har kontor på Kompetansesenteret for seniorar ved HiOA og kjenner eit visst ansvar for høgskolen si historie mellom anna. 

Historia om høgare utdanning

Rett før jul kom eit 50 siders hefte frå trykkeriet med tittelen: Høgre utdanning 1970-1994 med vekt på høgskolevirksomheten i Oslo og Akershus. Og Frøysnes skulle vere rett mann til å skrive om dette. Før han blei direktør ved høgskolen i Oslo jobba han i over 20 år som både sakshandsamar, byråsjef for lærarutdanning og underdirektør i Høgskoleseksjonen i det som den gongen heitte Kyrkje- og undervisningsdepartementet. 

I heftet han nyss har skrive går han summarisk gjennom historia om høgskoleverksemda frå 1970-talet. Han skriv om Ottosen-komiteen som tende gnisten til eit norsk studentopprør om enn noko seinare enn i landa elles i Europa. Hovudutfordringa var å bygge ut nok studieplassar i høgare utdanning. Ein tidlegare komite frå 1960 gjorde framlegg om at studieplassane i landet måtte tredoblast, til 18 000, fram mot 1970. Men i 1969 var talet allereie kome opp i 30 000. Ottosen-komiteen meinte desse også kom til å bli tredobla dei neste 15-20 åra til nærmare 90 000 plassar. Ottosen-komiteen lanserte «distriktshøgskolane» som eit regionalt institusjonssystem for all postgymnasial utdanning.

Universitet svekker ikkje profesjonane

Forskings=institutta er vane med å snu seg raskt, og her har høgskolen noko å lære.

Åsulv Frøysnes

Framlegget møtte stor motstand, særleg til måten det skulle bli organisert på. Kritikarane til Ottosen-komiteen meinte at framlegga ville gå ut over yrkesinnretninga i profesjonsutdanningane og generelt svekke all høgare utdanning. Utdanningane kunne bli for sterkt prega av teoretiske fag og miste sine praksisretta særpreg, meinte dei.

— Og dette er vel ikkje så ulikt argumenta som i dag blir brukte mot at høgskolar skal bli universitet? Er det historia som gjentek seg, men berre skilnaden er at studentane ikkje går i tog? 

— Situasjonen er no at profesjonsutdanningane er del av universiteta i Stavanger, Agder, Bodø og Tromsø. Vi har høyrt lite om at dei er blitt svekka av det. Det har sjølvsagt vore føresetnaden at høgskoleutdanningane skal følgje nasjonale rammeplanar  utan særlege endringar ut over det som følgjer av å vere del av større forskingsmiljø, seier han.

Frøysnes meiner at universitetsstrategien til HiOA er ei naturleg utvikling. 

— Eg trur ikkje at det å bli universitet vil gjere profesjonsutdanningane svakare. Faren ligg i lærarplanane. Sjå på lærarutdanninga til dømes. Grunnskolelærarutdanninga er blitt heilt annleis enn tidlegare, berre sjå på dei praktiske og etstetiske faga - dei er blitt heilt skvisa, seier han. 

Kunnskapen som sviktar

Den sittande regjeringa har sett oppretting av nye universitet på vent og er skeptiske til høgskolane sine ønske om å bli universitet. 

— Her synest eg det er kunnskapen som sviktar. Med dei nye universiteta som er etablert, er ikkje universitet det same som før. Med dei kriteria som gjeld for å bli universitet, ser ein no ei utvikling mot vidare samanslåing og konsolidering av høgskolane i landet ut over det som vart oppnådd i 1994, seier Frøysnes. 

— Kva er skilnaden på universitet før og no, meiner du? 

— Før var universiteta og dei vitskapelege høgskolane institusjonar med eigne lovverk og fullmakter, men spesielt med grunnløyvingar til forskning som ga grunnlag for å nytte om lag 50 prosent av faglege ressursar til forsking. Høgskoleutdanningane fekk etter kvart frigjort opp mot 25 prosent av faglege ressursar til forsking og utvikling (FoU). Dei høgskolane og høgskoleutdanningane som no er universitet har ikkje fått tilført ekstra ressursar, noko dei naturleg nok ønskjer å få, meiner han.

— Den styrkinga dette i tilfelle vil medføre, har førebels ikkje fått politisk prioritet. Denne situasjonen er ein grunn for andre til å posisjonere seg.  Samtidig har universiteta framleis enkelte fullmakter til å etablere studier som høgskolane ikkje har, legg Frøysnes til.

Han meiner også at mange trudde at berre ein fekk universitetsstatus så ville det bli mykje meir pengar til forsking. 

— Det har vore førersetnaden sidan dei første nye universiteta i Stavanger og Agder blei etablert, at dei ikkje kunne få så mykje løyving til forsking som dei etablerte universiteta og dei vitskapelege høgskolane. Forskinga må  då aukast med ekstern finansiering, noko som lokale miljø i Rogaland og Agder støtta opp med. Men det er jo naturleg at ein nyttar alle moglege argument for å få meir midlar frå Statsbudsjettet, seier Frøysnes.

La til rette for fusjon allereie på 1970-talet

Frøysnes gjekk av som høgskoledirektør det året Høgskolen i Oslo og i Akershus blei fusjonert, altså i 2011. 

— Sjølv hadde eg trudd at fusjonen skulle kome tidlegare. Det var lagt til rette for at Oslo og Akershus skulle vere ein utdanningsregion allereie frå 1970-talet, seier han. Både Det regionale høgskolestyret for Oslo og Akershus og departementet gjekk først inn for at det skulle vere ein felles høgskole i regionen. I notatet er det gjort greie for korleis det gjekk til at det blei to høgskolar i 1994, seier han og legg til:

— Det var distrikts- og regionalpolitikken som blei nedfelt av regjeringa og Stortinget midt på 70-talet som førte til at veksten både ved Universitetet i Oslo og ved dei høgskolane som allereie var etablerte i Oslo og Akershus skulle bli avgrensa. Helst skulle fleire av utdanningane i Oslo bli flytta ut av byen til andre stader i landet. Målet var at studentane skulle få ta høgare utdanning i nærleiken av heimstaden sin.

«Høgre utdanning i hovedstadsregionen kom til å bli preget av en systematisk nedprioritering gjennom de to tiårene som fulgte», skriv Frøysnes i heftet sitt. 

Frøysnes er også utdanna cand.philol med hovudfag i historie og brenn for å spreie kunnskapen om historia om høgare utdanning og høgskolane.

— Dette er eit område det ville vere spennande å forske på. Ein kan sjå på dei ulike institusjonane si utvikling og etablering. For einskilde av dei allereie frå sluten av 1800-talet. Mest interessant er det likevel å sjå på synergieffektane etter høgskolereforma i 1994, seier han. 

Håper AFI og NOVA smittar

Frøysnes var også med på utgreiinga om overtakinga av AFI og NOVA som no frå nyttår er ein del av Høgskolen i Oslo og Akershus. 

— Eg håper at AFI og NOVA kan gje ei smitte-effekt på HiOA gjennom det nye Senteret for vedlferds- og arbeidslivsforskning (SVA). Forskningsinstitutta er vane med å snu seg raskt, og her har høgskolen noko å lære. Vi har dårleg evne til å kome fort igang. Tilsettingar er eit døme, det er ein komplisert affære. Det er heilt håplaust kor lang tid det kan ta. Attraktive folk vil vite om dei får jobb eller ikkje rimeleg raskt. Her bør det skje forbetringar, seier han. 

Frøysnes er nøgd med sin eigen situasjon med eit kontor ved Kompetansesenteret for seniorar og det å kunne få jobbe med faglege ting. 

— Det trur eg gjeld dei fleste av oss som er her. Det er viktig at vi som blir pensjonistar får nytte ressursane våre og ikkje minst få gje noko attende til høgskolen. Og det betyr noko det vi held på med også. I 2012 sto seniorane for 11 av publiseringspoenga til høgskolen. Det er ikkje så veldig mykje, men betre enn fleire av institutta og eit viktig bidrag til høgskolen sin økonomi, seier Frøysnes, som høyrer til i den gruppa som kanskje veks raskare enn andre ved høgskolen: Pensjonistane. 

 

 

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS